Hopp til innhold

Førebur seg som vanleg, til ein uvanleg kamp

– Med så mykje folk som er venta på stadion, så hadde det vore kjekt å avgjere dette på heimebane, seier Florø-spiss Endre Kupen. Og legg til eit aldri så stort men:

Endre Kupen

25 MÅL: Endre Kupen har bøtta inn mål for serieleiar Florø denne sesongen. Mot Nest-Sotra håpar han på fleire. – Det er alltid kjekt å score mål. Det er jo det som er jobben min, seier han.

Foto: TRULS KLEIVEN

Det er ein dag til Florø og Sunnfjord sin kanskje viktigaste fotballkamp nokon gong. Siger mot Nest-Sotra sender Endre Kupen og Florø til 1. divisjon.

Med uavgjort eller siger til gjestene blir det først avgjort neste helg kven av dei to som vinn 2. divisjonsavdelinga.

Laster innhold, vennligst vent..

– Eg prøver å leggje til side kva kampen kan bety eller ikkje, eg førebur meg til ein heilt vanleg fotballkamp. Det er jo eigentleg det, seier den mest målkåte fotballspelaren i dei tre øvste divisjonane i Norge.

Fotballfans i Florø er nervøse før den avgjerande kampen mot Nest-Sotra. Ulike folk i Florø intervjua om stemninga.

– Rett tankegang

Terje Rognsø

GODT BUDDE: Florø-trenar Terje Rognsø meiner dei er godt budde før opprykkskampen på heimebane. – Hadde nokon sagt til meg før seriestart at vi skulle spele opprykkskamp mot Nest-Sotra på heimebane i siste seriekamp, så hadde eg sagt ja takk, humrar han.

Foto: Rune Eikeland

Sjølv om dei fleste rundt klubben kjenner seg skråsikre på opprykk, meiner trenar Terje Rognsø at Kupen speglar av haldninga i spelargruppa.

Sjølv om dei stadig vekk blir minte på kva som står på spel.

– I prestasjonsgrupper er det ofte negativt å bli teken av ei konsekvenstenking. Vi har jobba mykje med å vere offensive på den måten at vi alltid går inn for å vinne kampar. Samstundes veit ein aldri korleis ein responderer når ein kjem på bana, seier Rognsø.

Stimen bur seg til kamp

FOLKEFEST: Supporterane i Stimen bur seg til ein skikkeleg folkefest laurdag og har brukt denne veka til å lage både flagg og banner til kampen.

Foto: Truls Kleiven

To sterke lag

Rognsø har denne veka studert og presentert videoklipp frå begge lag til spelargruppa.

Han meiner trenarapparatet og spelargruppa er godt budde på kva som ventar og trur Florø har meir løpskraft enn gjestene.

– Nest-Sotra er eit gjennomført bra lag, med gode og tekniske ballspelarar. Dei er fysisk sterke og flinke til å halde ballen og å kombinere spelet. Dei er sterke på dødballar, seier Rognsø.

Godt budde

Samstundes er det to lag i solid form som møtes. Florø med 12 sigrar på rad. Nest-Sotra med 23 scoringar berre på dei fire siste kampane.

Stimen bur seg til kamp

SPELARAR: Spelarane får eigne banner frå Stimen.

Foto: Truls Kleiven

– Vi er budde på mange scenario under kampen. Laget som scorar først treng ikkje angripe på same måte som det andre laget. Det kan bety store kontringsrom den andre vegen att. Slike bilete er avgjerande for kva spelarar du som trenar vil ha på bana, seier han.

Kupen er ein av spelarane som Rognsø vil ha på bana, uansett kampbilete. Spissen står med 25 mål og ynskjer seg fleire.

Stimen dekorerer klubbhuset til Florø Fotball.

DEKORERER: Det blir ikkje halvveges når Stimen bur seg til opprykkskampen mot Nest-Sotra.

Foto: Truls Kleiven

Folkeliv på stadion

– Dei skal i alle fall ikkje score mål på Florø stadion. Vi skal berre køyre på som vi plar, køyre over dei og vinne, gliser han og gler seg til folkelivet på heimebane.

Florø har i år eit snitt på 736 publikumarar på heimebane. Med over 2.000 førehandsselde billettar vil snittet auke monaleg.

– Det hadde vore kjekt å avgjere på heimebane med så mykje publikum. Men vi må spele kampen først, så får vi sjå kva som skjer, seier toppscoraren.

Laster innhold, vennligst vent..