Hopp til innhold

Førdefjord-saka kan ende opp i EFTA-domstolen

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom ber om at Førdefjord-saka blir lagt fram for Efta-domstolen, som er ein overnasjonal domstol.

Miljøorganisasjonane tapte rettssaka mot staten om Førdefjorden og gruvedrift 10. januar.

I dag har organisasjonane levert den varsla anken til lagmannsretten. Anken er avgrensa til EU sitt vassdirektiv og forbodet mot forureining av ein vassressurs. Miljøorganisasjonane ber også lagmannsretten om involvere Efta-domstolen.

– Vi vil føre fram at norske myndigheiter har handla i strid med EØS-avtalen. Derfor ber vi om at saka blir lagt fram for Efta-domstolen, slik at vi får avklart korleis unntaksvilkåret i vassdirektivet skal tolkast. Ei slik avklaring kan få stor betydning både for denne saka og for framtidige saker, seier advokat Amund Noss i ei pressemelding.

Nordic Mining er ikkje bekymra over at miljørørsla vil ha saka opp i Efta-domstolen. – Vi har vanskeleg for å sjå at dette skal ha nokre betydelege konsekvensar for oss, seier Ivar Fossum, adm.dir. i Nordic Mining.

Sjølve anken til lagmannsretten er ein avgrensa anke. Heller ikkje her er Nordic Mining urolege for konsekvensane. – Slik vi les dommen, så meiner vi at staten har gjort alt rett, både med omsyn til tolking og implementering av direktiva, seier Fossum.

– Gruvesaka har vore gjennom fleire demokratiske rundar og har vore i retten. No blir det nye rundar. Kva tenkjer du om det?

– Naturvernforbundet har vore ein høyringspart frå første møte, og har engasjert seg i alle spørsmåla rundt prosjektet. Men det er viktige å understreke at prosjektet er omstendeleg utarbeidd på alle nivå. Vi har ein god forvaltningsprosess som er open og transparent, men dei har sin rett å anke avgjerslene vidare, seier Fossum.

Regjeringsadvokat Henrik Vaaler seier til NRK at dommen frå tingretten var solid, og at han ikkje fryktar at andre rettsinstansar vil kome fram til andre avgjerder.

Her blir Tyri Vevle Tvinnereim bore vekk.
Foto: Fredrik Helland / NRK