Hopp til innhold

Dårleg form hos unge kan føra til mangel på helsearbeidarar i framtida

– Fleire av dagens unge vil truleg vera i for dårleg form til å ta seg av dei gamle i framtida. Det meiner idrettslektor Geirulf Tronerud ved Universitetet i Stavanger, som er uroleg over at fleire og fleire unge er i dårleg fysisk form.

Unge går til gymtime

TIME VIDAREGÅANDE SKULE: Færre og færre unge er i god form, syner tal frå Helsedirektoratet. Ved Time vidaregåande skule i Bryne er fysisk aktivitet ein naturleg del av utdanninga, derfor er mange her i god form.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Geirulf Tronerud

Geirulf Tonerud er lektor i idrettsfag ved Universitetet i Stavanger.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK

Tal frå Helsedirektoratet syner at 57 prosent av jentene i 15 årsalderen har for dårleg helse, medan det står litt betre til med gutane. I tillegg driver færre ungdom med organisert idrett.

– Dersom denne utviklinga får halda fram vil det bli fleire og fleire barn som både har lærarar og foreldre, som heller ikkje har fått nok fysisk aktivitet. Dermed veit dei ikkje korleis dei skal aktivisera den oppveksande generasjon, seier Geirulf Tronerud, som er idrettslektor ved Universitetet i Stavanger.

– Får ikkje nok helsearbeidarar

Dette blir ein vond spiral, der me gjer kvarandre passive, og til slutt vil det bli eit stort samfunnsproblem, meiner han.

– Mange må i dag sjukemeldas, mellom anna på grunn av dårleg rygg. Dersom ungdom i dag er i så dårleg form, som det ser ut til, er det klart at denne trenden berre vil bli sterkare. Mange vil for eksempel ikkje vera i god nok form til å vera helsearbeidarar, seier Tronerud.

Dermed kan det bli endå vanskelegare å få nok helsearbeidarar i framtida.

I fysisk aktivitet på skulen

Sjølv om idrettslektoren er uroleg for framtida, ser han heldigvis lyspunkt.

På Time vidaregåande skule er mosjon ein naturleg del av utdanninga. I tillegg til å ha gym, har fleire elevar her også praktisk utdanning fleire dagar i veka.

Runar Høyland jobbar som byggfaglærling to dagar i veka, i tillegg trenar han mykje.

– Eg kjenner det godt i armane og beina, og det er viktig å halda ryggen rak, seier han medan han sit på romaskinen på den vidaregåande skulen.

Han liker seg her, men innrømmer at det ikkje berre er på grunn av helsegevinsten.

– Det er jo viktig å få ein fin sommarkropp også, seier han og ler.

På Dalane vidaregåande skule i Eigersund, ser dei også at mosjon er viktig. Derfor har dei mellom anna søkt om løyve til å ha ein halvtimes tur midt i skuletida. Det har dei så langt ikkje fått gjennomslag for i Rogaland fylkeskommune.

Jogging på tredemølle

Mange unge er i for dårleg form.

Foto: Øystein Ellingsen / NRK