– Her på 1000 meter over havet på Filefjell er det 17,5 grader i Otrøvatnet, skriv Frode Solheim i ein e-post til NRK.
Send oss badetemperaturen og bilete frå der du er til sf@nrk.no
Badetemperaturen i fylket laurdag:
- Refviksanden, Vågsøy: 22 grader.
- Rognaldsvåg, Flora: 16,2 grader
- Skjerjehamn, Gulen: 20,5 grader
- Ikjefjorden (arm av Sognefjorden): 18,5 grader
- Grotlesanden, Bremanger: 14 grader (i går)
- Oldevatnet, Stryn: 5 grader (i går)
Rekord på Refviksanden
– I går hadde vi 190 campande, og då meina eg telt, bubil eller campingvogn. Så mange har vi ikkje hatt før, seier Torunn Refvik i Refvik Camping.
Aldri før har ho sett så mykje folk på Refviksanden på ein gong som i går. Temperaturen var tett opp mot 30 grader i lufta, så det er ikkje vanskeleg å forstå kvifor folk søkte mot strand og sjø.
Så mykje folk og bilar blei det at Refvik stadion måtte takast i bruk for parkering for å ikkje lage parkeringskaos.
– Vi har selt utruleg mykje is, seier Refvik som fortel at dei dagleg må til Måløy for å fylle opp både frys- og kjøleskap med kalde varer.
Refvik trur det blir mykje folk også laurdag.
– Det er 27 grader i lufta og 22 grader i sjøen, seier ho.