Hopp til innhold

Folk stikk av frå dyre drivstoffrekningar

Bensinstasjonar trur høge drivstoffprisar og mykje trafikk kan vere årsaka til at fleire ikkje betalar for seg.

Bjarne Haugen, dagleg leiar Esso i leikanger.

Kostnadane med folk ikkje som betalar for seg, blei så store at Esso-stasjonen i Leikanger og Bjarne Haugen gjorde grep.

I fleire år har det vore eit stort problem for bensinstasjonar at folk stikk av frå rekninga si.

I takt med at prisane på drivstoff har auka med nesten 50 prosent det siste året, har også talet på drivstoff-tjuveri auka hos bensinstasjonar.

Hos Esso-stasjonen i Leikanger i Sogn blei pengetapet så stort at dei har gjort grep.

No har dei stengt pumpene slik at dei berre går på kort. Dei som vil betale kontant må ta kontakt med dei tilsette først.

Dette har fungert bra, noko dagleg leiar Bjarne Haugen er glad for.

– Når drivstoffprisane er høge, får avstikk større konsekvensar enn dei gjorde før. Då kosta ein tank 1000 kr, medan den no kostar 2000 kr, seier Haugen.

På Esso-stasjonen i Leikanger i Sogn har dette skiltet kome opp.

PROBLEM: Fleire enn før stikk av frå rekninga si. No har Esso i Leikanger tatt grep og plassert ut dette skiltet.

Foto: Privat

Kor store summar det totalt er snakk om, har han ikkje tal på, men legg til at ein pumpestikk er nok til at dei ikkje sit att med pengar den dagen.

Auke i folk som skipper rekninga

Best-kjeda merkar ein auke i folk som ikkje betalar for seg.

– Det har vore eit problem etter at prisane og avgiftene har auka vesentleg, seier Tom E. Borgersen, dagleg leiar i kjeda.

På Best-stasjonen i Førde merkar dagleg leiar Bjørnar Skildheim det same.

Men dei er ikkje blant dei som har det verst, legg han til.

Best-stasjonen i Førde

Best-kjeda opplever at fleire ikkje betalar for seg, men for stasjonen i Førde er det ikkje eit stort problem, seier dagleg leiar Bjørnar Skildheim.

Foto: Ole Andre Rekkedal / NRK

Mange bensinstasjonar har innført førehandsbetaling for kundar som vil betale kontant. Best vurderer å gjere det same for å redusere problemet, seier Borgersen, dagleg leiar i kjeda.

Kor mange pumpestikk dei har i løpet av eit år har dei ikkje tal på.

– Men vi veit at det er eit betydelege beløp for bransjen, seier han.

Les også Umogleg å spå drivstoffprisane – Kjersti hamstrar medan det er billig

Fyller fleire kanner

Det finst heller ingen nasjonal oversikt over kor mange som reiser frå drivstoff-rekninga si årleg. Heller ikkje kor store summar som går tapt, opplyser Virke.

Milliontap

Men for nokre år tilbake var det snakk om eit par titals millionar i tap for heile bransjen.

Det opplyser Knut Hilmar Hansen, kommunikasjonssjef i Circle K.

Kor stort problemet er, varierer frå stasjon til stasjon, legg han til.

– Hos nokre av stasjonane våre er det eit stort problem, medan andre nesten ikkje opplever det, seier Hansen, og legg til at problemet er stort i byar og langs sterkt trafikkerte vegar.

Circle K-kjeda har i mange år hatt førehandsbetaling av drivstoff på dei største og mest brukte stasjonane.

– Dette stoppar uærlege bilistar som bevisst ikkje vil betale for drivstoffet, seier Hansen.

Les også Slik sparer du penger: Transport

Illustrasjon av flere familier som står rundt én bil, med lilla bobler som bakgrunn.

Mange av stasjonane brukar mykje tid og ressursar for drivstoffet som blir stole. For sjølv om bensinstasjonen sit med fotobevis, kan det nokre gonger vere ein lang veg for å få betalt, og då særleg om bilen er stolen.

Politimelder sjåførar utan hell

Uno-X seier dei ikkje har problem med folk som stikk av frå rekninga. Her må kundane nytte kort før dei fyller tanken, seier dagleg leiar Jens Haugland.

YX-kjeda seier problemet er størst i sommarsesongen med mange utanlandske turistar og når det er mange kundebesøk.

I dei tilfella folk stel drivstoff blir sakene politimelde.

– Dessverre blir fleirtalet av sakene lagt vekk av politiet, seier Arild Buem, regionsjef i Vest.

Hos politistasjonssjef Magne Straumstein i Sogndal er slike politimeldingar så å seie ikkje-eksisterande.

– Det har vi svært lite av, så det kan vere at dei blir løyst der ute, seier Straumstein.