Hopp til innhold

Aafløy: – Kan gjera ein like god jobb utan å vera medlem av eit parti

Trym Aafløy seier han ikkje lenger identifiserer seg i FNB, og meiner dei kan gjera ein like god jobb som uavhengige. – Me er framleis like mykje mot bompengar, seier han.

Trym Aafløy pK

PRESSEKONFERANSE: Trym Aafløy, Rolf Erik Scott og Per Jørgensen sin pressekonferanse om deira utmelding frå FNB. Heile pressekonferansen kan du sjå nedst i saka.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Den jobben me skal gjera i bystyret, er viktigare enn kva parti me representerer. Me har ikkje gått inn i politikken for å driva partiarbeid, seier Trym Aafløy.

Han seier FNB har bevega seg meir og meir i ei retning dei ikkje lenger kunne identifisera seg med. Ifølgje Aafløy har det ikkje vore konfliktar, men han meiner det har vore stadig auka byråkratisering og intern uro i bystyregruppa.

– Me har oftare og oftare sett at vegvalet me folkevalde har gjort, har det stått splid om. Derfor har me drege den konklusjonen at me kan gjera ein like god jobb utan å vera medlem av eit parti.

Han seier dei ikkje vil melda seg inn i andre parti, og utelukkar at dei vil stifta sitt eige.

– Me er framleis like mykje mot bompengar, vindmøller, offentlege overgrep av innbyggjarane i Bergen og bybane betalt av bilistane, seier Aafløy.

Kva trur du folk som røysta på deg tenkjer no?

– Nokre vil nok seie at det var dårleg, medan andre vil seie det var et riktig valg, svarar Aafløy.

Kritiserte bybane-utbygging

Under pressekonferansen brukte Aafløy lite tid på å fortelja kvifor han no vel å gå ut av FNB. I staden brukte han anledninga til å kritisera politikken i Bergen generelt.

– Me ser jo det at styringa av Bergen går i ein meir autoritær retning, der ein tek mindre og mindre omsyn til bebuarane som blir råka. Spesielt i byutviklinga sitt namn.

Trym Aafløy

UAVHENGIG: Trym Aafløy meiner han ikkje treng Bompengepartiet for å halda fram kampen mot bompengar.

Foto: Mette Anthun / NRK

Under møtet hadde han med seg planane om bybaneutbygginga mot Åsane som eksempel.

– Arealpolitikk blir diktert frå Stortinget via Fylkesmannen. Då svinn demokratiet meir og meir bort, seier Aafløy.

Også medutbrytar Rolf Erik Scott kritiserte bybaneplanane.

– Dette er ei klassisk sak for byrådet. Dei snakkar varmt om klimaet, og så bruker dei klima for å køyra over miljø. Dei øydelegg ein stor del av Bergen si befolkning sitt lokalmiljø med eit slikt bybaneprosjekt.

Året med Trym Aafløy og FNB

ÅRET MED TRYM: I fjor gjorde FNB eit brakval i Bergen. No har den viktige partifiguren Trym Aafløy valt å melda seg ut.

Gjekk ut under bystyremøtet

I går gjekk Folkeaksjonen Nei til meir bompengar frå å ha elleve til å ha åtte representantar i bystyret i Bergen.

Trym Aafløy seier han tar mykje av æra for posisjonen Bompengepartiet har fått både i bystyret og fylkestinget.

Det kom derfor som eit sjokk at den den profilerte partifiguren annonserte at han, Rolf Erik Scott og Per Jørgensen hadde meldt seg ut av FNB.

– Trym har vore ein ressurs i partiet. Han har vore framståande. Han er ein klok mann, og det er trist å mista ein dyktig mann slik som han, seier partileiar i Folkeaksjonen Nei til meir bompengar, Frode Myrhol.

Han seier han ikkje vart sjokkert då Aafløy meldte seg ut, men at det var uventa at det skulle skje i går.

– Samarbeidet i FNB i Vestland intent har vore utfordrande. Trym var i styret i Bergen og Vestland, Det har vore mykje arbeid på han, seier Myrhol.

Trym Aafløy omgitt av journalister på FNBs valgvake i Bergen

NØGD: Trym Aafløy var godt nøgd under valvaka etter brakvalet i Bergen i fjor.

Foto: Marit Hommedal / Marit Hommedal

Uroleg haust i partiet

Aafløy si utmelding er likevel ikkje den fyrste. I oktober valde heile lokallaget i Alver å melda seg ut. Alver var den kommunen FNB fekk størst andel stemmer ved lokalvalet i 2019. Dei sanka heile 22 prosent av stemmene.

Tidlegare gruppeleiar i FNB i Alver, Morten Klemetsen, kritiserte den gongen styret i FNB på fylkesnivå, der Aafløy var nestleiar.

– Det er Trym som snakkar 80 prosent av tida på inn- og utpust. Andre får ikkje sleppe til. Det er ansvaret til ein leiar å be folk vente til det er deira tur og så vidare.

Han meinte Aafløy hadde vore ein "destruktiv mann" i når det gjaldt organisasjonsbygging i fylkeslaget.

– Organisasjonsmessig har eg ikkje sett maken. Det er ein total mangel på sunn organisering. I tillegg er det ein total mangel på respekt for eigne vedtekter, og partiet blir bygd ovanfrå og ned, seier Klementsen.

Aafløy sjølv svarar slik på kritikken mot hans leiarstil:

– Eg er ein person som er lett å skylda på, og eg trur eg har fått min dose skyld for alt som er galt. Men husk at dette partiet hadde kanskje ikkje eksistert i Bergen utan meg.

I Viken har to av tre fylkestingsrepresentantar og ein vararepresentant meldt seg ut av lokallaget, opplyser den attverande representanten Terje Vegard Kopperud til NRK.

.