Hopp til innhold

Fekk sparken - no har saka snudd

For to veker sidan fekk revisor Terje Førde sparken av Bremanger kommune. I går var kommunestyret samla til eit hastemøte der dei vedtok å annullere tabbevedtaket.

Terje Førde

HEILOMVENDING: Bremanger kommune har bestemt seg for likevel ikkje å seie opp avtalen med kommunerevisor Terje Førde.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

Utan å førebu saka eller greie ut konsekvensane valde kommunestyret den 15. mars å seie opp avtalen med kommunerevisor Terje Førde. No har dei snudd i saka.

Det er likevel ikkje sjølvsagt at Førde vil ta opp at samarbeidet med kommunen. Han har opplevd saka og handsaminga av den som sårande.

– Det har vore ei tung tid, seier Førde til NRK.no etter hastemøtet tysdag kveld.

Kraftlinjestrid

Kommunestyret i Bremanger måtte tysdag krype til korset og gjere om vedtaket der dei seier opp revisjonsavtalen med Kryss-Revisjon der Terje Førde arbeider.

Førde opplevde vedtaket som knallhard kritikk mot han sjølv. Han meiner bakgrunnen er kampen om kvar den nye store kraftlinja skal gå gjennom fylket. Departementet har nemleg bestemt at den skal gå gjennom Myklebustdalen og ikkje gjennom Førdedalen der Førde bur.

Førde skal ha brukt e-postadresse og jobbtittel i firmaet sitt Kryss-Revisjon til å kommunisere med styresmaktene i kraftlinjesaka. Dette har fått både folkevalde og innbyggjarar til å reagere.

– Har brote alle reglane

For vel to veker sidan valde kommunestyret å sparke han som kommunerevisor.

– Det er enkeltpersonar som har fått heile kommunestyret til å gjere eit vedtak, for å springe ærend for dei. Det synst eg ikkje noko om, seier Førde.

– Korleis vil du beskrive saksførebuingane og det møtet som var i denne saka?

– Det går vel ikkje an å bryte meir reglar enn det som var gjort her. Reglane frå A til Å er brotne, seier han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kommunestyremøte i Bremanger (sak om avtale med revisor Terje Førde)

SNUDDE: Kommunestyret vedtok tysdag å likevel ikkje seie opp avtalen med Kryss-Revisjon.

Foto: Terje Gilleshammer (MMS) / NRK

– Alvorlege konsekvensar

Fungerande ordførar Nina Grotle vil ikkje sei noko om bakgrunnen for vedtaket, men alt i laurdagens Firdaposten vedgjekk ho at det var gjort ein formell feil då vedtaket om å seie opp avtalen med Kryss-Revisjon og Terje Førde vart gjort.

– Her var ikkje noko saksutgreiing som fekk belyst konsekvensane av dette, og i etterkant ser vi at dei er så alvorlege at vi ikkje kan leve med det, seier Grotle til NRK.no.

Ho vil ikkje kommentere korleis dei kunne vedta så sterk personleg kritikk utan å førebu saka

– Vi forheld oss til Kryss-Revisjon i denne saka, og som sagt så var det ei forhasta sak, seier ho.

Krev orsaking

Leiinga i Kryss-Revisjon har hatt eit forhandlingsmøte med Bremanger kommune og Førde seier selskapet hans no ventar ei orsaking.

– Dei ventar ei offentleg orsaking ut frå det som har skjedd og er gjort i saka, seier Førde.

Styreleiar i Kryss-Revisjon, Trygve Jacobsen, sa til Firdaposten laurdag at dei aldri har fått klager på tenestene dei har levert til Bremanger kommune.

Under møtet i går snudde altså kommunestyret i saka og vedtok at dei likevel ikkje skulle seie opp avtale med Kryss-Revisjon og Terje Førde.

Vurderer å flytte

For Førde har saka vore ei stor belastning og han seier dette har vore tøft både for han og familien. Han veit ikkje enno om han kan gå tilbake i jobben og heller ikkje om han blir buande i bygda.

– Kan du finne roa og bli verande?

– Det er så djupe så her, at det må vi ha tid til.

– Kjem de til å flytte uansett?

– Det veit eg ikkje. Eg har eit gardsbruk som eg tok over i si tid, og eg har arvingar til det. Så vi må tenkje oss godt om, men i dag er det ikkje noko godt å vere i Ålfoten.