Hopp til innhold

Sler fast at Bremanger braut lova

Bremangerpolitikarane er i hardt vêr etter at dei i går valde å halde lukka gruppeleiarmøte midt under kommunestyremøtet. Klart i strid med lova, sler offentlegekspert fast.

Bremanger kommunestyre

PÅ VEG INN: Gruppelaiarane i Bremanger kommunestyre på veg inn att etter gruppemøtet der dei avgjorde revisor-striden utan offentleg debatt.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

I går hadde Bremanger Kommunestyre kalla inn til eit hastemøte for å annulere eit tidlegare vedtak der dei sa opp avtalen med kommunen sin revisor, Terje Førde. Dette vedtaket viste seg å vere forhasta og utan grundig førebuing.


Men i det fungerande ordførar Nina Grotle opna for debatt bad gruppeleiar i AP om eit gruppemøte med gruppeleiarane utanfor kommunesstyresalen. Pressa i salen forstod dette som eit lukka møte. Så kom gruppeleiarane tilbake og sa dei var samde med innstilling til rådmann. Deretter vart saka banka gjennom utan debatt.

– Lovstridig

Dette er eit klart brot på kommunelova og prinsippet om offentleg sakshandsaming i politiske møte, meiner ein av landets fremste ekspertar på offentlegheit, Gunnar Bodahl Johansen ved Institutt for journalistikk.

Gunnar Bodahl-Johansen

LOVEKSPERT: Gunnar Bodahl Johansen

Foto: Institutt for Journalistikk

– Det er jo klart i strid med lova, ein kan ikkje trekkje realitetsdebatten ut frå det opne møtet og tru at ein berre kan opprette eit eige organ, eller eit uformelt møte for å foreta ein diskusjon og på den måten kome utanom offentlegheitsprinsippet.

Kommunerevisor Terje Førde sat sjølv i salen, og tykte heile seansen blei svært merkeleg.

– Det er eg veldig skuffa over. Eg tykkjer at ein burde vere såpass open og ærlege med oss som er råka i dette her, at ein tek den diskusjonen i det opne rom, seier Førde til NRK.

Omgår lova

Bodahl Johansen seier det nye møtet eller organet må vise til heimel i lov for å lukke dette møtet.

– Ein kan altså ikkje berre ta med seg gruppeleiarane på gangen, eller inn på eit anna rom og seie at her diskuterer vi i fred og ro fordi vi no er utanfor lova si rekkevidde. Det er ein jo ikkje. Det er jo berre eit forsøk på omgå lova for å hindre offentlegheita frå å få innsyn i diskusjonen.

(Artikkelen held fram under biletet)

Terje Førde

SKUFFA: Terje Førde (i midten) i diskusjon med rådmann Tom Joensen under det omstridde kommunestyremøtet.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Men fungerande ordførar i Bremanger, Nina Grotle seier dei ikkje har lovheimel for å gjere dette. Ho vedgår at dei flytta debatten inn i lukka rom.

Lukka dører

– Eg ser at ein gjere det, men i denne saka så ønskte ein å gjere det, og ein har og gjort det tidlegare som sagt.

– Men dette er jo ei offentleg sak som har vore stor offentleg interesse om. Burde ein ikkje då den i det offentlege rom?

– Jo, men eg meinar jo då at eg sa jo ein del av det med saksutgreiing og konsekvensar. Så bakgrunnen for saka sa eg noko om i min presentasjon når eg opna saka.

– Kva er det som kom fram på det gruppemøtet, som ikkje kunne kom fram i det offentlege rom i forhold til offentleglova?

– Nei, altså vi.. Det som dei ønskte å ta opp var korleis dei andre partia stilte seg til det framlegget som låg frå administrasjonen si side.

– Kunne ikkje det vore gjort i det offentlege rom?

– Det kunne det kanskje ha blitt gjort ja, men som eg sa tidlegare så har dette vore ein praksis i Bremanger kommunestyre at ein har sagt ja til å ha gruppemøte.

Betent sak

– I eit demokratisk perspektiv der ein snakkar om meir openheit, og der dette var ei stor offentleg sak, kvifor tok de ikkje debatten offentleg?

– Vi kunne kanskje ha gjort det, men det er jo blitt ei litt betent sak i media dette her. Og eg trur ein ønskte å få diskutere dette her berre gruppeleiarane og.

– Men det er vel ikkje godt nok, at dei ønska det. Dei skal vel kunne vise til kvifor det skal haldast lukka?

- Ja, kanskje det. Kanskje ein burde vise til kvifor, men no blei det sånn i denne saka her. Kanskje vi bør ta oss ein diskusjon om korvidt ein skal vidarefør ein slik praksis.

Terje Førde sjølv svarar slik på om dei har lov til å flytte debatten vekk frå det offentlege sitt innsyn utan å kunne vise til heimel i lov.

– Nei, i politikken er alt lovleg…