Hopp til innhold

Trekkjer seg frå alle samfunnsverv etter kraftlinjestrid i Bremanger

Kommunerevisor og grunneigar, Terje Førde i Ålfoten i Bremanger, trekkjer seg frå alt felles samfunnsnyttig arbeid i Ålfoten-bygda. Han kjenner seg dolka i ryggen av både sambygdingar og folkevalde.

Terje Førde

KUTTAR UT: Kommunerevisor og grunneigar, Terje Førde i Ålfoten, kuttar alt samfunnsnyttig arbeid.

Foto: Torje Bjellaas / NRK

– Eg har bestemt å trekkje meg frå alle verv i lag og organisasjonar, frå tilstellingar, dugnader og trenarverv i Ålfoten, skriv Terje Førde i ein e-post, som er send til naboar og kjende i bygda.

Det er Firdaposten som fortel om hendinga i dagens avis.

Striden går på helsa laus

Konflikten om kraftlinjetraseen i Ålfoten og Terje Førde si dobbeltrolle som grunneigar og samstundes kommunerevisor, går no på helsa laus for han og familien, skriv avisa.

Førde grunngjev den drastiske avgjerda med all den «djevelskapen» som er sett i system mot han og familien i Ålfoten.

Vil ikkje bidra meir

– Den behandlinga eg no får og blir eksponert for i media, gjer at eg ikkje vil bidra meir. Kommunen har sagt opp ein arbeidsplass på ein usakleg måte. Dei har aldri klaga på kvaliteten på revisjons- og rådgjevingstenestene i løpet av 25 år, skriv Førde.

Han legg vidare til at det som skjer no, går sterkt inn på familien og hans nære vener. Han syner også til at tre som bur på garden fast, kjenner seg mobba av eit fåtal i bygda.

Førde skal ha brukt e-postadresse og jobbtittel i firmaet sitt Kryss-Revisjon til å kommunisere med styresmaktene i kraftlinjesaka.

Politisk ekspert, Knut Henning Grepstad, i Sogn og Fjordane fylkeskommune seier dette er kritikkverdig, men ingen alvorleg formell feil.