Hopp til innhold

«Om du samanliknar meg med ein vanleg 18-åring, så har eg jo eit litt annleis liv»

LILLEHAMMER (NRK.no): Gjøran Tefre brukar 24 timar i døgnet på å bli best mogleg i langrenn. Han står over det meste av det ein «vanleg» 18-åring fyller fritida si med.

Gjøran Tefre

SIKTAR HØGT: Gjøran Tefre brukar all si tid på langrennsidretten, og har mange reisedøgn og treningstimar for å nå måla sine.

Foto: Rune Fossum / NRK

– Eg ofrar faktisk nesten alt - og det meste ein vanleg 18-åring driv på med. Men når ein har som mål å bli veldig god i noko - å bli verdas beste - kan ein ikkje inngå kompromiss. Då må ein gå eitt hundre prosent inn for det. Eg synest det er veldig greitt, seier Tefre.

– Du synest det er verdt det?

– Ja. Det er eit flott miljø å vere i, og ein livsstil eg likar. Og så er det ekstremt artig. Idretten tek mykje, men det gir også ekstremt mykje når det går bra. Dessutan får ein venner for livet gjennom langrennsidretten.

Siktar mot Lahti-VM i 2017

18-åringen frå Førde er eitt av dei største talenta Sogn og Fjordane har sett dei siste åra. No er han inne i sitt andre år på juniorlandslaget, og det store målet denne vinteren er deltaking i junior-VM.

På sikt har Tefre ambisjonar om å delta i senior-VM i Lahti i 2017.

– Skal eg bli best, må eg vere skiløpar heile døgnet. Så det er eit enkelt val for meg: Eg viar heile døgnet til dette, seier han.

Frå mai og fram til jul reknar det unge talentet med å ha vore på treningssamling i totalt 90 døgn. Han nærmar seg 800 treningstimar i året. På ein vanleg dag ligg han på mellom fire og seks timar trening.

Mista fleire hundre treningstimar

Men: Det er ikkje meir enn eit år sidan mykje gjekk på tverke. Tefre fekk kyssesjuka i mai, og med eit tilbakefall på hausten vart mykje av sesongførebuingane spolerte.

Skal eg bli best, må eg vere skiløpar heile døgnet

Gjøran Tefre

Førde-løparen gjekk glipp av 200 treningstimar.

Likevel avslutta han sesongen med ein sterk 21. plass senior-NM og to medaljar i junior-NM.

– Eg er veldig revansjelysten, samstundes som eg er avslappa med tanke på det som skjedde. Testar viser at eg har gjort store framsteg på det fysiske, seier sisteårsjunioren.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gjøran Tefre på Lillehammer

PÅ LILLEHAMMER: Gjøran Tefre valde å flytte til Lillehammer for å satse best mogleg på langrenn. Men han vil framleis representere moderklubben Førde.

Foto: Rune Fossum / NRK

Har hatt gode tilbod frå andre klubbar

Tefre er no busett på Lillehammer, men han representerer framleis moderklubben Førde.

– Hittil har eg ikkje vurdert noko anna. Eg har gode støttespelarar og sponsorar der heime, seier han.

– Du har gjerne hatt tilbod frå andre...?

– Eg har hatt - og har - gode tilbod frå andre. Men det er Førde eg vil gå for.

Drøymer om pallen i meisterskap

Juniorlandslagstrenar Brit Baldishol meiner junior-VM er eit realistisk mål for Tefre. Ho meiner førdianaren har eit stort potensial.

– Gjøran er ein flink skiløpar, som er god til å gjere ting rett. Han kan bli veldig god. Han har iallfall alle føresetnader til det, seier ho til NRK.no.

Sjølv er Tefre oppteken av å ta steg for steg, og at det skal vere kjekt å drive med idretten.

– Kva er det som driv deg?

– Tanken på å kunne stå på sigerspallen internasjonalt. Då vil det vere verdt alt saman. Det er ein rus ingenting kan måle seg med, seier han.

Han legg til:

– Når ein har jobba så hardt så lenge, og så klaffar alt - det er heilt unikt. Har ein først fått smaken på det, så....

P.S.: Gjøran Tefre stilte ikkje på startstreken i helgas sesongopning på Beitostølen. Med ein åttandeplass vart Roger Aa Djupvik frå Hyen best av våre løparar på Beitosprinten.

Gjøran Tefre på startstrek
Foto: Rune Fossum / NRK