Spørsmåla er mange og svara framleis få etter at ei 51 år gamal kvinne blei knivdrepen i Florø fredag kveld.
Mannen sin psykiske helsetilstand gjer at han enno ikkje har vore i avhøyr. NRK veit at ein av politiet sine teoriar er at han var psykotisk då drapet blei utført.
– Det er heilt ufatteleg at han skal ha drepe nokon, fortel ein av mannen sine vener frå skuletida til NRK.
27-åringen, som innvandra frå Latvia, blir skildra som ein smilande og blid kar og ein person som var lett å like for alle.
På den vidaregåande skulen i Florø kunne han finne på mange sprell, men var ikkje valdeleg mot nokon, fortel skulekameraten.
– Den gongen var han verdas hyggelegaste type, fortel skulekameraten.
Skremde naboane
I dag er det eit heilt anna bilete som blir teikna av mannen som no er sikta for drap. Seinast natt til fredag skal han ha oppført seg utagerande og truande mot folk i nabolaget.
– Vi varsla også legevakta om dette og dei ville følgje dette opp, seier Kjetil Rekdal i Vest politidistrikt til NRK.
Verken politiet eller helsevesenet vil på noverande tidspunkt ta sjølvkritikk for at mannen ikkje blei tatt hand om natt til fredag utover telefonsamtalar.
Rundt klokka 20 fredag kveld kom meldinga om at ei kvinne var knivstukken og alvorleg skadd. Store styrkar rykte ut til bustaden til mannen, men livet til kvinna stod ikkje til å redde.
Engstelege etter hendinga
Fleire av naboane i det rolege nabolaget i kystbyen er uroa og skremde etter drapet.
– No låser vi alle dørene klokka åtte om kvelden. Sjølv om dei har tatt han dei trur står bak drapet, så er det likevel skremmande at noko slik har skjedd der vi bur, fortel ein av naboane til NRK.
Sjølv blei dei merksame på at noko dramatisk hadde skjedd då helikopteret frå luftambulansen landa like ved huset deira. Brått var den rolege gata fylt opp med uniformskledde folk frå politi og helse.
– Ungane våre ringde oss og lurte på om det var hos oss det hadde skjedd noko. Det var veldig ekkelt, fortel naboen.
Nytt drap i same by
I nabolaget like ved Florø sentrum er det stille og roleg måndag. Politisperringane rundt huset og papp-plater i vindauga er det einaste som vitnar om dramatikken fredag kveld.
Det er berre sju månader sidan sist den vesle byen vest i Sogn og Fjordane blei råka av eit drap.
Då blei ein mann funnen drepen, ein er framleis sikta for drap i den saka. Begge mennene var knytt til byen sitt tunge rusmiljø.