Drapssikta mann var i kontakt med politiet

Mannen som er sikta for drapet på ei 51 år gamal kvinne i Florø er no varetektsfengsla i fire veker. Natta før drapet hadde mannen kontakt med politiet.

Politi i Florø

ETTERFORSKING: Politiet er i gang med å finne ut kva som har skjedd, men har ikkje fått avhøyrt den sikta mannen enno.

Foto: Truls Kleiven

Det er VG som rapporterer dette.

Politiet fekk natt til fredag, klokka 04.23, melding om ein mann som sprang etter ein annan person rundt der som drapet fredag kveld skulle skje. Mannen er den sikta 27-åringen, og politiet prata sjølv med han på telefon.

– Mannen sa då at han ville forsøke å legge seg til å sove og at han skulle ta kontakt med lege, seier Kjetil Rekdal i politiet til avisa.

Sogn og Fjordane tingrett bestemte i dag at mannen skal sitje i varetekt i fire veker. Han får også brev- og besøksforbod for heile perioden, stadfestar politiadvokat Eli Valheim overfor NRK.

Den sikta møtte ikkje til fengslingsmøtet, som gjekk for lukka dører. Mannen har heller ikkje blitt avhøyrt enno, og politiet kjem ikkje til å forsøke å gjere avhøyr av han sundag.

– Nei. Han vil bli avhøyrt så fort som mogleg. Men me har fått beskjed om at helsetilstanden hans ikkje tillèt at me avhøyrer han i dag, seier Valheim.

Bergens Tidende skriv at mannen er lagt inn på sjukehuset i Førde.

Politiet vil prøve å få gjennomført avhøyr av mannen i morgon. Forsvararen har tidlegare sagt til NRK at den sikta har det svært vanskeleg.

– Han har eit opphald på institusjon no, og ein vurderer om det kan vere element her som talar for at han kanskje ikkje har vore tilrekneleg, sa forsvarar Malin Skorpen Østvik.

Truleg ikkje fleire personar involverte

Fredag kveld fekk politiet melding om ei hending i ei leilegheit i Florø. Den 51 år gamle kvinna fekk livreddande førstehjelp, men klokka 20.30 blei ho stadfesta død. Den sikta mannen blei teken av politiet i ein væpna aksjon i den same leilegheita.

Politiet har danna seg eit større bilde av det som skjedde.

– Men framleis er det mykje som er ubesvart. Men me kan seie at vi er ganske sikre på fleire ikkje har vore involverte, seier Valheim.

Etterforskinga held fram også sundag. Politiet avhøyrer vitne, og gjer tekniske undersøkingar. Den avdøde blir også obdusert i dag. Fleire undersøkingar kjem til å bli gjort på åstaden i løpet av veka som kjem.

Var på besøk

Den døde kvinna var på besøk hjå mannen i Florø, og ho budde ikkje i Noreg. Begge er utanlandske statsborgarar.

– Dei kjenner kvarandre, men er ikkje i slekt, har Arne Lutro i politiet sagt til NRK tidlegare.

Politiet har ikkje villa uttale seg om motiv for drapet.