Hopp til innhold

Flora-ordførar legg seg flat etter undersøking

Folk i både Flora og Vågsøy er irritert over at dei på ny har blitt ringt opp om kommuneslåing. Ordføraren i Flora angrar på måten det skjedde.

Ola Teigen

INNRØMMER HASTVERK: Flora-ordførar Ola Teigen innrømmer at det har gått fort i svingane med innbyggjarundersøkinga.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Dei skulle spurt spørsmålet om Bremanger frå byrjinga. Det er freistande å kalle det for juks. For meg ser det ut som om dei ikkje har fått svaret som dei ville ha, seier Eldbjørg Stegane Engebø frå Stavang i Flora kommune.

Folk i Flora og Vågsøy fekk i går ein telefon med spørsmål om dei var for eller imot ei kommunesamanslåing om Bremanger var med.

– For det første er dette uetisk mot Bremanger som har sagt at dei ikkje er for ei samanslåing. For det andre lurer eg på kven som har gitt mandat til å forandre spelereglane på denne måten, seier Stegane Engebø.

No vil ho at heile undersøkinga skal bli kasta i boset.

– Undersøkinga er ubrukeleg, seier ho.

– Legg oss flate

Flora-ordførar Ola Teigen forklarar det heile med tidsnød.

– Vi legg oss flate. Tidsnød gjer at det gjekk for fort i svingane til at vi har god nok vurdering på det. Dette er eitt av spørsmåla vi burde stilt frå byrjinga.

Likevel vil han ikkje kassere innbyggjarundersøkinga.

– Det er ingen grunn til å kaste vekk denne undersøkinga. Svara vi får er representative og vil telje på same måte.

Kvifor legg de dykk flate, men likevel vil bruke resultata?

– Dette er ei undersøking der vi loddar stemninga. Det er eitt av grunnlaga som politikarane har til å fatte si avgjerd. Kvar enkelt politikar må velje kor mykje undersøkinga skal telje for dei.

Valforskar meiner det er heile er litt på kanten

Stegane Engebø som var irritert over framgangsmåten får støtte frå ein valforskar i sitt syn.

Johannes Bergh

PÅ KANTEN: Valforskar Johannes Bergh meiner endring av premissen for spørsmål til ei undersøking er litt på kanten.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

– Ved ei undersøking bør målet vere å få eit riktig bilete av det folk meiner. Det å manipulere premissen ved spørsmålet undervegs kan vere eit teikn på at ein kanskje er interessert i å manipulere resultatet. Det tykkjer eg er litt på kanten, seier valforskar ved Institutt for valforsking, Johannes Bergh.

Resultatet av innbyggjarundersøkinga skal offentleggjerast på fredag. Teigen er ueinig med valforskaren som meiner at dette er på kanten.

– Vi endrar ingenting i premissen for spørsmålet. Vi stiller det same spørsmålet som vi har gjort, og stiller eit oppfølgingsspørsmål for dei som seier nei for å kartlegge om kor vidt spørsmålet om Bremanger er viktig, seier han.