Hopp til innhold

Flora-ordførar feirar Fjord1-forbod

Flora-ordføraren heiste flagg på kontoret sitt då avgjerda om nei til sal av Fjord1-aksjar vart kjend. – Framleis herre i eige hus, seier han.

Ola Teigen heiser flagget for Konkurransetilsynet sin stopp av Fjord1-salet.

SJÅ VIDEO: Ordførar Ola Teigen heiser flagget for Konkurransetilsynet si avgjerd i dag. (FOTO: Arne Schei/Facebook)

Konkurransetilsynet har i dag avgjort å forby salet av Fjord1 til Torghatten ASA. Ordførar i Florø, Ola Teigen (Ap), feira med å heise flagget på kontoret.

– Eg heiste flagget først og fremst fordi eg er glad for at Fjord1-reiarlaget framleis skal ha hovudsete i Florø. Det er viktig for byen vår, og det er viktig for arbeidsplassane, seier Teigen.

Han seier det er første gongen han har heist flagget på kontoret sidan han vart ordførar.

– Fornuftig avgjerd

Dersom Torghatten hadde kjøpt seg opp i Fjord 1, hadde det likevel vore sannsynleg at Fjord1-kontoret framleis ville ha blitt verande i Florø. Men Teigen er likevel glad for avgjerda i dag.

– Torghatten er nok ein god eigar. Men det er noko med det å vere herre i eige hus. Vi ser at bedrifter med hovudkontor i Florø satsar meir her enn dei som har kontor andre plassar, seier ordføraren.

Han trur Konkurransetilsynet har gjort ei fornuftig avgjerd, og han er ikkje overraska over at det vart slik.

– At dei to største ferjereiarlaga skulle få lov å slå seg saman til ein gigant med så stor marknadsandel, såg eg på som rart. Så det er naturleg at det no vart som det vart, seier Teigen.