Hopp til innhold

Lastebil krasja inn i dyreklinikk: – Trudde det var eit jordskjelv

Det er glatt vegar fleire stader i landet. På få timar har det vore fleire frontkollisjonar på E39 gjennom Sogn og Fjordane.

Lastebil kjørte i næringsbygg på Voss fredag ettermiddag.

Ein lastebil hamna i eit næringsbygg på Voss fredag ettermiddag.

Foto: Geir Geitle / Avisa Hordaland

Snøfallet fredag har ført til utfordrande køyreforhold.

Politiet melder om trafikkulukker og glatte vegar fleire stader i landet.

Ein lastebil køyrde inn i Hestavangen dyreklinikk på Voss fredag ettermiddag. Lastebilen velta og ligg no på sida.

– Eg høyrde eit stort brak og tenkte at det var eit jordskjelv, seier veterinær Hilde Lunde-Brattebø.

Vegen utanfor klinikken er ein skuleveg.

Då ho forstod at det var ein lastebil som hadde krasja inn i bygget, frykta ho at nokon born var påkøyrde. Det viste seg at ingen blei skadde.

Føraren av lastebilen var også ute av bilen då han begynte å trille. Men det er store materielle skadar på bygget og lastebilen.

To dyrlegar, to assistentar, to hundar og to kattar måtte evakuere. Ein hund med øyrebetennelse fekk heller behandling i ein bil utanfor.

– Det var ikkje ei hyggeleg avslutning på fredagen, seier ho.

Les også Nesten alle fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde

Filefjell

Fleire ulukker på kort tid

I løpet av få timar har det vore fleire frontkollisjonar på E39 gjennom Sogn og Fjordane.

– Regn og sludd gir mykje overvatn og store dammar i lågare strok. Sludd og snø gir slapseføre og dårleg føre i høgare strok, skriv Vest politidistrikt på Twitter.

Køyr roleg, avpass farten, hald avstand, oppfordrar politiet.

Mellom Sandane og Byrkjelo i Gloppen er to personar involverte i ei møteulukke ved Reed.

Skadeomfanget er alvorleg for ein av personane, opplyser operasjonsleiar Eivind Hellesund.

Begge personane er frakta til Førde sentralsjukehus, seier politioverbetjent Nils Ove Roset i Gloppen.

Trafikkulukke i Reed

GLATT: To bilar kolliderte ved Reed mellom Sandane og Gloppen.

Foto: Privat

Ulukka skjedde kort tid etter at to bilar og totalt fire personar var involverte i ei trafikkulukke mellom Førde og Sande.

– Alle er ute av bil, vakne og oppegåande, opplyste politiet på Twitter.

Ulukka skjedde berre ein kilometer frå staden der fire personbilar var involverte i ein frontkollisjon tidlegare i dag. I tillegg var to personbilar med to personar involverte i ei ulukke ved Verpingsneset ved Dale.

På riksveg 15 i Stryn står eit vogntog fast i Blekesvingen. Vogntoget har ikkje kjetting og sperrar eit felt. Ifølgje Vegtrafikksentralen står det oversiktleg til, men politiet er på veg.

Tung snø og glatte vegar

Bilbergar Arild Tistel i Sunnfjord fortel om ein travel ettermiddag med 10–15 jobbar.

Det er ganske mykje kaos. Me har hatt utforkøyringar og tre frontkollisjonar på få timar.

Han er no på Skei i Sunnfjord og rapporterer om eit sleipt vinterføre.

– Det er skikkeleg nullføre. Det er litt regn i lufta, men det har nett snøa skikkeleg.

Trafikkoperatør Kjetil Ådnekvam i Vegtrafikksentralen Vest seier at brøytemannskapet er ute og jobbar med å halde vegane opne.

– Det er vinter ute og det har vore krevjande forhold. Det kjem tung og våt snø ned.

Hemsedalsfjellet 15.50

Mykje snø på Hemsedalsfjellet.

Foto: Presis vegdrif

Ventar mykje nedbør

Ifølge meteorolog Haldis Berge regnar det i låglandet og snør i fjella.

– Snøgrensa vil stige utover ettermiddagen. Seint i kveld kan det vere regn til ca. 1000 meter.

Nedbøren skal halde fram utover natta og morgondagen.

Ifølge Berge har det meste av nedbøren allereie komme i ytre strok, mens i midtre og indre strok kjem det verste dei neste timane.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel for snø frå fredag til laurdag føremiddag på Vestlandet. Det er då venta mellom 30 til 50 centimeter snø i fjella på Vestlandet.

Vogntog fast i Blekesvingane i Stryn.

Eit vogntog sperrar riksveg 15 i Stryn.

Foto: NRK.no-tipsar

Glatte vegar fleire stader i Østfold

Naudetatane har rykka ut til fleire trafikkulukker i Østfold fredag ettermiddag. Foreløpig er det ikkje meldt om alvorlege personskadar.

– Det er berre småulukker med mindre personskadar, seier operasjonsleiar Ronny Samuelsen.

I Degernes har to bilar kollidert i eit vegkryss. Det har også vore tre trafikkulukker i Halden.

– Det er svært glatte vegar så køyr forsiktig og etter forholda, oppfordrar politiet på Twitter.

Også i Innlandet og Troms melder politiet om glatte køyreforhold og utforkøyringar.