Hopp til innhold

Nesten alle fjellovergangar i Sør-Noreg er stengde

Mykje snø og kraftig vind stenger ei rekkje fjellovergangar. I nord er det forseinkingar i flyavgangar.

Filefjell

OPE: Slik ser det ut på Filefjell fredag morgon. Enn så lenge er det berre denne fjellovergangen som er open mellom aust og vest, men det kan endre seg når snøen og vinden tek seg opp.

Foto: Webkamera / Statens vegvesen

To gule farevarsel for mykje snø er sendt ut for Vestlandet. Fleire stader har også oransje farevarsel for snøskred. Spesielt i Sør-Noreg.

Farevarsla for snø gjeld for heile Vestlandet. Nokre stader kan det totalt kome mellom 60 -70 centimeter snø fram til laurdag. Då tek farevarselet slutt.

Det meste av snøen vil kome i høgda.

– Mykje snø ilag med vind skaper vanskelege køyreforhold. Det blir ein del snøfokk, og det kan føre til ein del stengde fjellovergangar, seier meteorolog Alexander Skeltved ved Vervarslinga på Vestlandet.

Ruskevêr over Filefjell

Filefjell er enno ope, men det er fare for kolonne.

Foto: Presis vegdrift

Flytrøbbel i nord

Men for dei som har tenkt seg over fjellet før helga, er det håp.

Frå midnatt torsdag og fram til fredag formiddag er det ein liten kvileperiode. Då blir det mindre snø og betre føreforhold.

– Så skal du over fjellet, er nok fredag morgon best. Men samstundes kan det vere store lokale forskjellar som gjer at du kan treffe ein god eller dårleg periode.

Bilde ut på rullebanen på et snødekt Bodø lufthavn.

Våt og tung snø har skapt trøbbel ved Bodø lufthavn fredag morgon.

Foto: Adrian Dahl Johansen / NRK

Vêret påverkar også fjellovergangar og flytrafikken i Nord-Noreg fredag morgon. Det blir meldt om forseinkingar frå Bodø lufthamn.

Årsaka er store snømengder som har kome i løpet av natta i Nordland.

– Morgonflya er ein time forseinka som følgje av brøyting og de-icing, seier teknisk sjef ved Bodø lufthavn, Øystein Madsen.

Vinden tok taket på skule

Kraftig vind har i løpet av natta teke deler av taket på Kristiansund vidaregåande skole. Brannvesenet har sperra av eit større område saman med personell frå skulen.

Rektor Marit Bjerkestrand seier at det er berre ytste del av taket som reiste med vinden og at det dermed ikkje påverkar dagens undervisning.

Vinden tok taket på delar av Kristiansund vgs

Delar av taket på Kristiansund vgs. blei teken av vinden natt til fredag.

Foto: MARIUS ANDRÉ JENSSEN STENBERG / NRK

– Vi er kjempeglad for at dette ikkje skjedde på dagtid med mykje menneske på skuleområdet, seier Bjerkestrand.

Vindfull helg

Utover fredagen og fram til laurdag kjem snøen tilbake for fullt i Sør-Noreg.

Det blir også ein del vind.

– Det blir ganske mykje snø som skaper dårleg sikt. Ilag med vinden blir det endå dårlegare sikt, seier meteorolog Skeltved ved Vervarslinga på Vestlandet.

Meterologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om snø for fjella på Vestlandet.

Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel om snø for fjella på Vestlandet.

Foto: Meterologisk institutt

Akkurat kvar vêret blir verst er vanskeleg å seie.

– Det blir lokale forskjellar, men alle fjellovergangar frå vest til aust er dekka.

Ei lita trøyst er at vi slepp unna dei heftige vindkasta vi har hatt det siste døgnet.

– Vinden vil roe seg. I går var det orkan styrke rundt Stad, og vi vil ikkje kome i nærleiken av det. Men vi får sterk kuling i dag og i morgon.

Fredag kveld kan vi også vente oss sludd og snø, samt ei stigande snøgrense, fortel Susana Reuder, vakthavande meteorolog ved Meteorologisk institutt.

Utfordrande helg i vente

Vegtrafikksentralen oppmodar folk om å køyre over fjellet fredag morgon.

Men trafikkoperatør Remi Lian seier sjåførane også må halde seg oppdatert på trafikken.

– Ting kan endre seg fort i fjellet, og det gjeld å følge på med på kva overgangar som er opne.

Hardangervidda, Aurland- Hol og Hemsedal er dei mest utsette fjellovergangane.

Særleg Hardangervidda, fortel trafikkoperatøren.

– Det er mykje vêr i fjellet, konstaterer Lian.

Fredag morgon er det mykje vind og snø i fjellet.

– Når du får ein halvmeter med snø og blandar det med 20 meter vind i sekundet, då snur vegane fort igjen, seier trafikkoperatør Jon Andreas Omdal.

Han seier det blir ruskete vêr gjennom heile helga.

– Det blir absolutt ei utfordrande helg for dei som har tenkt å ferdast over fjellet, seier Omdal.

NVE varslar oransje faregrad og betydeleg snøskredfare på Vestlandet.

Vedvarande svake lag gjer at skred kan losne av seg sjølve i nokre bratte heng, skriv NVE på varsom.no.