Hopp til innhold

Fleire nettselskap varslar at dei aukar nettleiga

Fleire nettselskap skrur opp prisen på nettleiga frå neste månadsskifte. Denne gongen kjem ingen handsrekning frå staten.

Kraftlinjer

BLIR DYRARE: Fleire selskap varslar at dei aukar prisen på nettleiga.

Foto: Rune Fossum / NRK

Fordi nettleverandørane har monopol på å levere ei teneste alle er avhengige av, er det staten som avgjer kor mykje nettselskapa får lov til å tene.

I fjor rekna NVE ut at nettselskapa kan få lov til å tene 28,3 milliardar kroner. Ein auke som vart karakterisert som «historisk høg» av bransjenettstaden Europower

Kostnaden skal i utgangspunktet kome på di straumrekning, men etter brei politisk forankring vart det i staden bestemt å ta utgifta ved hjelp av «dei ekstraordinært høge flaskehalsinntektene» til Statnett.

Olje- og energiminister Terje Aasland

– Dette vil hindre at nettselskapa som har auka kostnader som følgje av auka kraftprisar må setje opp nettleiga til kundane sine, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) i fjor haust.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Det var i fjor haust, då straumprisen var på sitt høgaste. Eit halvt år seinare varslar fleire selskap at dei aukar prisen.

– Det er fleire grunnar, men hovudgrunnen er høgare renter på investeringar vi gjer i nettet og kraftig prisvekst i samfunnet elles, seier Rune Kiperberg.

Han er administrerande direktør i nettselskapet Linja.

For deira gjennomsnittskunde betyr nettleige-auken 288 kroner meir i året.

Selskapet tar da utgangspunktet i «ein normal kunde» som har eit forbruk på 20.000 kilowatt timar i året.

– Han vil få eit påslag på 24 kroner i månaden, seier Kiperberg.

Les også Kraft-Noreg samde om ny nettleige – men éin signatur manglar

Sol og strøm

Fleire skrur opp prisen

BKK varslar at dei aukar nettleiga med 12 prosent frå 1. juli. Sist dei auka nettleiga var 1. mai i fjor.

Høge straumprisar betyr høgare utgifter også for oss, skriv dei i pressemeldinga.

Selskapet gir desse priseksempla på korleis det vi slå ut for kundane:

  • Leilegheit, årsforbruk 8000 kWh: I dag gir dette ei årleg nettleige på 6000 kroner. Med den nye satsen frå 1. juli vil nettleiga bli 6750,-.
  • Rekkehus, årsforbruk 15.000 kWh: Opp frå 9750 kroner til 10.900 kroner.
  • Einebustad, årsforbruk 25.000 kWh: Opp frå 15.200 kroner til 17.000 kroner.

– Hovudoppgåva vår er å sjå til at alle får straum til lågast mogeleg kostnad, og løyvinga frå regjeringa var viktig. No er det uro i verdsøkonomien og ein generell kostnadsauke i samfunnet som påverkar oss kraftig, seier administrerande direktør Arild Fleten.

Arild Fleten

Arild Fleten er administrerande direktør i BKK.

Foto: Wilhelm Støylen / NRK

Ikkje alle aukar

Noreg er det rundt 100 nettselskap som transporterer straum frå kraftverk til sluttkunde.

Elvia AS er det største nettselskapet i landet, og leverer straum til rundt 2 millionar kundar i Innlandet, Oslo og Viken. Dei aukar ikkje prisen frå 1. juli.

– Vi aukar ikkje nettleiga no, men vi ser av prognosane at vi truleg kjem til auke prisen til hausten, seier kommunikasjonssjef Morten Schau.

Kor mykje nettleiga vil auke er førebels ikkje klart.

Les også Dei som byggjer straumnett har fått mindre å gjere

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo, på Slådalen mellom Vågå og Lesja. seinhaustbilde