Hopp til innhold

Dei som byggjer straumnett har fått mindre å gjere

Noreg skal elektrifiserast. Men blant dei som byggjer og monterer straumnettet har aktiviteten gått ned.

kraftledninga, 132 kV ledningen Aura- Osbu – Vågåmo, på Slådalen mellom Vågå og Lesja. seinhaustbilde

GÅR NED: Nye tal viser at byggjeaktiviteten blant energimontørane går ned. Ikkje opp, slik regjeringa ynskjer.

Foto: Even Lusæter / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– På lang sikt er det berre tre tiltak som monnar: Meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien.

Det sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) under hastemøtet på Stortinget tidlegare i haust, då straumkrisa var på dagsorden.

Sidan har regjeringa lagt fram planar for kraftutbygging og seks tiltak å spare straum, mellom anna lågare temperaturar på kontoret.

Men korleis står det til med den tredje faktoren – utbygginga av nett?

Her viser tala at driftsinntektene til dei som byggjer ut nettet har byrja å peike nedover.

Tala omfattar omsetninga til dei 21 største energientreprenørane i Noreg. Desse har til saman meir enn 90 prosent av marknaden.

Det er urovekkjande lesnad

Energientreprenørane sysselset i overkant av 3000 personar, og vert rekna som «ein kanarifugl» for byggjeaktiviteten i fornybarsektoren. Altså eit mål på korleis det står til med det grøne skiftet.

Den nedgåande kurva vert difor motteke med uro.

Det er urovekkjande lesnad. Fleire energientreprenørar melder om ledig kapasitet, og det er ingen teikn til at oppdragsmengda betrar seg i 2023.

Det seier næringspolitisk rådgivar Jørgen Thaule i Energi Norge.

Han kallar utviklinga «kritisk» og «eit paradoks i den situasjonen Noreg står i».

Energientreprenørar er blant dei viktigaste aktørane for å gå over frå fossil til fornybar energi, seier han.

Tilsvarande signal kjem frå Tore Morten Wetterhus i Glitre Nett.

Det blir snakka mykje om auka elektrifisering og korleis vi kan nå klimamåla. Det er mindre snakk om infrastrukturen som trengst for å få dette til, sa han til energiavisa Europower tidlegare i haust.

Kulde

Nye tal viser at omsetnaden til dei som byggjer ut straumnettet har byrja å peike nedover.

Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix

– No er det ikkje nok jobbar

Aslak Andersen er dagleg leiar i Otera Infra, som bygger og driftar høgspent- og lågspentanlegg over heile landet.

Han seier «ordrebøkene for neste år ikkje ser ut som dei burde». Situasjonen karakteriserer han som «utfordrande, særleg det som handlar om å bygge ut det regionale straumnettet»:

– Vi er klare til å mobilisere for det grøne skiftet, men no er det ikkje nok jobbar.

Det same seier Øystein Søraas i Kraftmontasje, som held til på sørsida av Romsdalsfjorden.

Om ikkje oppdragsmengde og aktivitet tar seg opp, vil talet på lærlingar gå ned. Då tek det lang tid å bygge opp att kapasiteten, seier han.

I fjor fekk Statnett 172 søknadar frå selskap som ønska nettilkopling. Til samanlikning kom det 5 søknadar om tilkopling i 2016.

Olje- og energidepartementet bad i september NVE om å opprette ein «fast track» for å fart på utbygginga. Kontrasten mellom byggjeaktivitet og «opphopinga av søknadar» var ein del av grunngjevinga.

– Det er fleire tiltak som kan og bør bli gjennomførte for å få til raskare nettutbygging, sa olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

Tankbil på vei inn til oljeraffineriet på Mongstad.

Mongstad er blant næringsparkane på Vestlandet som treng kraft og linjer til å føre krafta fram.

Foto: Marit Hommedal / NTB

Ventetid på mellom 7 og 14 år

Bak initiativet til statsråden låg utgreiinga «Nett i tide», som Straumnettutvalet publiserte i juni.

Ifølgje utvalet er ventetida på nye regionale og nasjonale kraftlinjer på mellom 7 og 14 år.

Tidsbruken er ifølgje utvalet til hinder for å etablere batterifabrikkar, oppdrettsanlegg, datasenter, infrastruktur for ammoniakk- og hydrogenproduksjon, CO₂-lagring, og ladeanlegg for ferjer, bussar og elbilar.

Terje Aasland med gul jakke og hjelm ute på ein oljerigg.

Olje- og energiminister Terje Aasland (Ap) etterlyser meir kraft, meir nett og meir effektiv bruk av energien.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Det er på høg tid at statsråden tek skeia i ei anna hand. Her på Vestlandet er det kraftutbyggingar som allereie har konsesjon, men der nettkapasiteten ikkje kjem før om fem år, sa stortingsrepresentant for Høgre, Ove Trellevik.

På Vestlandet har næringsparkar på Mongstad, i Skipavik, Kollsnes og Ågotnes i lengre tid «skrike» etter kraft og linjer til å føre ho fram.

Naturverdiar gjer at det nye hurtigsporet i utgangspunktet er reservert for byggjeprosjekt som har «lite eller ingen konflikt i seg».

Thaule i Energi Noreg seier at dei støttar ideen om ein fast track:

Vi treng sårt eit taktskifte når det gjeld nettutbygging.