Hopp til innhold

Pappa kom til unnsetning då flyet til Sunniva blei kansellert

Uvêret Pia skapar framleis trøbbel for eitt flyselskap – to dagar etter at det feide over delar av landet.

Flesland

Fredag var det kaos på fleire flyplassar, blant anna Flesland i Bergen. Laurdag får fleire smake på etterverknadane.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

Klokka 17.49 la Siv Høgtun eit desperat innlegg ut på Facebook kor ho spurte om nokon skulle køyre frå Stavanger til Bergen i kveld.

Dottera Sunniva sto nemleg fast i Stavanger etter at flyet hennar blei kansellert på grunn av ein teknisk feil. Ho fekk tilbod om ny flyging kvelden fyrste juledag.

– Det var ikkje snakk om, vi skal ha ho heim til jul! seier Høgtun.

Den endelege løysinga blei at Sunniva sette seg på bussen til Haugesund, og far sette seg i bilen. Dei skal møtast på halvvegen, og så køyrer dei heim til Bergen i lag.

– Det blei ein lang dag, som ikkje enda heilt som planlagt, seier dottera Sunniva Høgtun-Gjeldsvik, som er sliten etter å ha stått på jobb heile dagen.

Likevel prøver både mor og dotter å sjå positivt på situasjonen.

– Ho kunne jo ha kome heim igjen i morgon. Slik det ser ut no kjem ho heim litt etter midnatt, så no er eg lykkeleg, seier Høgtun.

– Det var ikkje den starten på juleferien eg hadde ynskja, men eg er i kvart fall på veil til Bergen på ei eller anna måte, seier Høgtun-Gjeldsvik.

Siv Høgtun og Sunniva Høgtun-Gjeldsvik

Siv og Sunniva på julaftan i fjor. Takka vere pappa, får dei ferie i lag i år også.

Foto: privat

Måtte flytte jula

Også Maria Rustad fekk ein kjedeleg beskjed vesle julaftan: Flyet hennar heim til Noreg var kansellert.

Rustad studerer design og arkitektur i Paris og hadde siste førelesing fredag kveld. Difor kunne ho ikkje reisa heim før.

– Eg måtte berre kaste meg rundt og prøva å finna eit anna fly, seier ho.

Etter litt leiting fann ho ein ledig plass hjå eit anna flyselskap. Problemet er berre at flyet ikkje går før på sjølve julaftan, så ho er ikkje heime hjå familien før på kvelden.

– Så me flytta jula etter. Det vert ein dag seinare berre, heldigvis, seier Rustad.

Nokre timar etter at ho hadde funne eit nytt fly sjølv, fekk ho ny beskjed frå SAS. Dei hadde funne plass til ho på eit fly klokka 10.30 på julaftan.

Maria Rustad

Studenten Maria Rustad trudde ho ikkje skulle kome seg heim til jul då flyet hennar vart kansellert.

Foto: Privat

Studenten Maria Rustad trudde ho ikkje skulle kome seg heim til jul då flyet hennar vart kansellert.

Foto: Privat

Les også Isak (19) måtte kaste julegåvene for å rekke flyet

Flesland bilder 2

15 SAS-fly kansellert

Designstudenten er ikkje den einaste som fekk ein slik beskjed frå SAS laurdag.

15 av flya deira er kansellert vesle julaftan, ifølgje pressesjef Tonje Sund.

Fly til og frå Paris, München, Zürich, Alicante og Gran Canaria er kansellerte. Det er òg ein avgang til Amsterdam.

I tillegg er det kanselleringar på fly innanlands, deriblant mellom Trondheim og Bergen.

Talsperson i Sas, Tonje Sund

Tonje Sund i SAS seier dei diverre ikkje klarar å få alle passasjerane sine heim til jul i år.

Foto: SAS

– Det er krevjande å finne alternativ for dei passasjerane som er råka, men me jobbar på spreng, seier Sund til NRK laurdag føremiddag.

Årsaka er etterslep etter uvêret Pia på torsdag. Også fredag var det store forseinkingar i flytrafikken.

Flesland

Fredag var ein av dei største reisedagane i året. Då skapte vêret og bagasjekaos trøbbel på Flesland lufthamn i Bergen.

Foto: Cato Heldal Kristensen / NRK

– Det handlar mellom anna om kviletidsreglar for tilsette som me er pålagde å overhalda, forklarar pressesjefen.

Ho seier dei prøvar å finne alternativ for dei som er råka, men at det er særs vanskeleg i julehelga på grunn av mange fule fly.

– Me kan ikkje lova at alle kjem heim til jul.

Ikkje same problem hos andre

Norwegian, derimot, har ikkje dei same problema med kanselleringar laurdag.

Dei har førebels ingen kanselleringar til eller frå Noreg, men det er nokre forseinkingar, seier pressevakt Eline Hyggen Skari.

Men Norwegian har òg noko etterslep etter uvêret, seier Skari:

– Me sette opp fem ekstrafly i går òg for å få unna det me ikkje fekk køyrt på grunn av stormen. Me fekk mange fram då.

Biler står i vann i Aalborg på Nord-Jylland i Danmark etter uværet Pia
Cars stand in water on the Aalborg harbor front, North Jutland, Denmark, Friday Dec. 22, 2023. The water is rising in the Limfjorden after storm Pia blew over the country on Thursday. (Claus Bjoern Larsen/Ritzau Scanpix via AP)

Uvêret Pia råka òg Danmark, som her i Aalborg på Nord-Jylland.

Foto: Claus Bjoern Larsen / Ritzau Scanpix/AP

Heller ikkje Widerøe har nokre kansellerte fly førebels.

– Men me har ein del forseinkingar på grunn av utfordringane i går. Det er typisk at besetninga kjem seint og så har lovpålagt kviletid, at det må gå eit visst antal timar før dei får lov til å jobba igjen, seier kommunikasjonsdirektør Silje Brandvoll.

Forseinkingane gjer òg at ein del passasjerar kan miste eit forbindelsesfly, sjølv om Brandvoll seier at dei prøvar å venta der dei kan.

– Det er ein del som vil mista vidare forbindelse. Me kontaktar dei passasjerane det gjeld, så dei eventuelt heller kan verte att heime. No er det berre ein dag før julekvelden, så me har ikkje nokre alternativ.

Også Widerøe sette opp ekstra avgangar fredag for å gjere opp for kansellerte fly torsdag.

Trur studentar er hardt råka

Maria Rustad trur at det kan vere mange studentar blant dei som er råka av kanselleringane i dag.

– Studentar er kanskje litt ekstra utsett, sidan de ofte ikkje kan dra tidlegare på grunn av undervisning, trur ho.

E-post fra SAS om kanselleringer

Denne e-posten dukka opp i innboksen til Maria Rustad laurdag morgon. Då måtte ho kasta seg rundt for å kome seg heim til jul.

Foto: Skjermdump

– Eg kan førestille meg at det er andre, iallfall på dei flya i dag, som har hatt same problema.

Dersom ho ikkje hadde funne eit anna fly, hadde Rustad mått feira fransk jul for fyrste gong.

– Eg har heldigvis partnar her, så eg hadde nok feira med han. Men det hadde vore trist å ikkje kunne dra heim, for eg har ikkje sett foreldra mine på eit halvt år.

Trøbbel for oljearbeidarar

Etter at fleire helikopteravgangar blei kansellert i går, ligg avgangane frå oljeplattformer bakpå.

– Per no er flyforholda gode, men vi har ein del etterslep som må takast igjen. Dessverre vil det ikkje la seg gjere å ta igjen heile etterslepet før julekvelden. Dermed er det ein del som skulle heim til jul som må feire julaftan saman med kollegaar offshore, seier pressetalsperson i Equinor, Ellen Maria Skjelsbæk til VG.

Det gjeld for arbeidarar som skal fly til Flesland.

Heliterminal Flesland

Fleire arbeidarar hadde planlagt å landa her før julenatta, men slik blei det ikkje for alle.

Foto: Leif Rune Løland / NRK