Hopp til innhold

Treet knuste bilen medan paret førebudde seg til å køyra

Det eldre paret stod klare til å gå ut i bilen. Så vart den knust av eit svært grantre. Flyselskapa innstiller fleire avgangar grunna stormen.

Tre fall ned og knuste bil på Bømlo

VENTA LITT: Det bles så kraftig at det eldre paret blei ståande innandørs i staden for å gå ut i bilen. Då gjekk treet over ende.

Foto: Andreas Alendal

Både vêr- og føreforholda har vore krevjande på vestlandskysten torsdag, med utforkøyringar på glatta og ei rekke innstilte båt- og ferjeruter.

Vinden bles godt på kysten frå Hordaland til Agder, og det har fått ei lang rekke små og store konsekvensar.

Utreiser og heimreiser til jul har blitt avbrotne, fleire står utan straum i huset og ferjene slit med å leggje til kai.

Politiet ber folk vere forsiktige i dei sterke vindkasta. Tak har losna, tre har falle og straumstolpar har velta.

Midt i uvêret kom det ei ganske nøktern melding frå Bømlo:

«Eit grantre gjekk over ende i vinden på Bømlo og fall over ein parkert bil torsdag ettermiddag. Ingen personar var i bilen eller vart skadde.»

Grantre fall over parkert bil på Bømlo

Bilen er kraftig skadd etter å ha blitt trykt ned av grantreet.

Foto: Andreas Alendal

Handletur

Men Britt Karlsen er ganske oppskaka då NRK møter henne i heimen hennar på Bømlo seinare på kvelden.

Ho fortel at mor hennar skulle ein tur på butikken saman med kjærasten sin. Det er begge rundt 80 år gamle.

– Det var sterk vind, og så skulle mamma og han ut og handla. Men dei blei ståande og venta litt i gangen, for dei høyrde at det var nokre veldige vindroser utanfor. Då høyrde dei eit veldig brak, og det rista.

Eit rundt 30 meter høgt grantre hadde falle over bilen deira.

– Bilen står vel parkert rundt to meter frå utgangsdøra, så dei var ikkje langt unna. Heldigvis hadde dei ikkje gått ut. Treet kom deisande rett over bilen.

Britt Karlsen, Bømlo

Britt Karlsen er svært glad for at paret ikkje gjekk ut i bilen rett før treet trefte bilen.

Foto: Olav Røli / NRK

Er skaka og skjelvne

Sonen hennar, Andreas Alendal, var ute og såg på skadane og fotograferte bilen.

– Den har fått store skader på panseret. Biltaket er trykt ned. Frontruta er knust, seier han.

Han fortel at treet stod på naboeigedommen, som tilhøyrer ein gard.

Sunnhordland omtalte hendinga først.

Britt Karlsen reknar med at bilen blir kondemnert.

Innstilte flyavgangar

Torsdag kveld innstiller SAS, Norwegian og Widerøe fleire av sine avgangar, etter store forseinkingar.

Meteorologisk institutt har varsla vind opp mot 45 meter i sekund i Rogaland og Agder.

På Avinor sine nettsider kjem det fram at ei rekkje avgangar frå Oslo lufthamn til Sør- og Vestlandet er forseinka torsdag kveld.

Eit fly frå Widerøe som skulle til Bergen skulle etter planen reisa kl. 20.35. Det har fått ny tid 00.30. Eit anna fly er kansellert.

Frå Stavanger er fleire avgangar med SAS, KLM, Norwegian og Widerøe kansellert.

Totalt er 20 avgangar frå Stavanger lufthamn på Sola innstilt i dag. Eit fly klarte i kveld ikkje å landa på Kjevik grunna vêret.

Stranda på lufthamna

På Sola lufthamn vart Sunniva Fuglestveit Sørheim sittande lenger enn planlagt. Sørheim skulle i utgangspunktet ta eit fly til Bergen klokka 16. Men då NRK trefte ho klokka 19.45 hadde ho framleis ikkje dratt noko stad.

No ventar sannsynlegvis ein natt på hotell i Oslo, eit godt stykke få julefeiringa ho skal delta på.

– Eg skal heim til jul, til svigerfamilien min som bur i Norheimsund, seier Sørheim.

Uvær gjør at flere flyavganger er kansellert på Stavanger lufthavn.

Uvêret gjorde at fleire fly blei forsinka frå Stavanger lufthamn torsdag.

Johanne Reboli Bredesen, som skulle teke et fly 17.40, er i same situasjon som Sørheim. Ho vil rekkje julefeiring heim til på Gjøvik.

– No går flyet 21.30, håpar eg, seier Bredesen.

Orkan

I Sola kommune mista ein låve delar av taket:

Kraftig vind og uvær førte til at et låvetak blåste av gårde i Tananger i Sola kommune.

Kraftig vind og uvêr førte til at et låvetak blåste av garde i Tananger i Sola kommune.

Video: Asle Emil Ullenes

I Haugesund velta eit tre over bil og veg i sentrum:

Tre over veien i Rådhusgata i Haugesund
Foto: Simon Elias Bogen

I Stavanger fekk ein huseigar eit tre inn i huset:

Eit tre har velta inn i eit hus i Hafrsfjord i Stavanger.
Foto: Heidi Karin Gilje Skog

– Det kan bli orkan i middelvind på kysten, noko som betyr at det vil blåse jamt over 33 meter per sekund på kysten, seier statsmeteorolog Julie Solsvik Vågane.

Politiet i Sør-Vest meldar at dei får ein lang rekke ver-relaterte førespurnader.

– Fleire tak har losna, tre over vegbana, lause gjenstandar, velta straumstolpar og mindre steinras. Alle innbyggarar bør vurdera eigen tryggleik, skriv politiet.

Takboksen blåste av ein bil på Karmsund bru på E134 mellom Karmøy og Haugesund torsdag ettermiddag.

Takboksen blåste av ein bil på Karmsund bru på E134 mellom Karmøy og Haugesund torsdag ettermiddag.

Foto: Jan Kåre Ness / NTB

Sleit med å leggje til kai

Ferjene MS Stavangerfjord og MF Mastrafjord hadde problem med å leggje til kai på ferjesambandet Arsvågen-Mortavika på E39.

Klokka 16.50 snakka NRK med passasjer Susanne Husevik på MF Mastrafjord, som hadde vore på ferja i 45 minuttar.

– Me har fått beskjed om at me ikkje klarer å leggje til kai i Arsvågen. Så me må belaga oss på å vere her ute på fjorden i eit par timar, sa Husevik.

To ferjer i Boknafjordsambandet med passasjerer om bord, får ikke lagt til kai

To ferjer i Boknafjordsambandet med passasjerar om bord får ikkje lagt til kai

Foto: John Einar Hansen

Klokka 17.20 melder passasjerar at dei får legge til kai i Arsvågen.

Ferja over Boknafjorden var innstilt mellom klokka 15 og klokka 20.15 torsdag.

I Sandnes rykka redningsmannskap ut til ein båt som var i ferd med å slite seg laus:

Sikrer båt i Sandnes
Foto: Heidi Karin Gilje Skog

Kansellerer alle helikopteravgangar til norsk sokkel

Equinor melder at dei kansellerer alle helikopteravgangar til og frå Stavanger lufthamn ut dagen, flyavgangar er innstilte og Color Line vil verken segla til eller frå Danmark i dag.

Fly på bakken på Sola

Fleire fly står nå på bakken på Stavanger lufthamn Sola. Grunnen er det kraftige uvêret som er venta.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK

Meteorologane ventar ekstremt kraftige vindkast frå nordvest på 33–45 m/s i delar av Rogaland og vest i Agder.

Meteorologisk institutt har sendt ut oransje farevarsel, men det kan bli oppjustert til raudt nivå, altså ekstremvêr.

Det er ein alvorleg situasjon, og ein ventar ein del konsekvensar mellom anna i trafikken og på sjøen som følgje av dette. Farevarselet sluttar ved midnatt, seier statsmeteorolog Solvik Vågane.

Dei kraftigaste vindkasta kjem nær kysten og på Jæren.

Uværet Pia herjer i Rogaland

«Pia» har herja på Jæren.

Foto: Arild Eskeland / NRK

For sørlege delar av Hordaland, inste delar av Rogaland og delar av Agder er det venta vindkast på gult nivå, 33–38 m/s enkelte stader.

I Agder ventar Meteorologisk institutt lokalt kraftige vindkast frå nordvest på 20–25 m/s.

Kraftige vindkast i vente i delar av Vestland og Agder.
Foto: Varsom.no

Tre har velta ut vegbanen

Her er ei oversikt over konsekvensar av uvêret:

Vegtrafikk

  • Ryfylke: Statens vegvesen får mange meldingar om tre og buskar som har velta ut i vegbanen. Dei ber folk vera obs.
  • Riksveg 13: Det har også gått eit steinras over riksveg 13 i Suldal, mellom Helganes bru og Suldalsporten, opplyser politiet på X. Raset er eit par meter breitt og dekker store delar av vegen.
  • Haugesund: Eit tre har falt over vegen i Rådhusgata i Haugesund sentrum.

Ferjer- og hurtigbåtar

  • Danskebåten: Fjordline melder følgjande på sine nettsider: «Det dårlege vêret påverkar dessverre våre seglturar med Bergensfjord og Stavangerfjord den 21. – 22. desember».
  • Color Line har alt kansellert fleire avgangar (ekstern lenke) mellom Kristiansand og Hirtshals og Larvik og Hirtshals.
  • Boknafjordsambandet: Mortavika–Arsvågen på E39 var midlertidig stengt. Fjord1 starta opp strekninga Hanasand–Arsvågen torsdag 20.15. Ferjene vil vere i normal trafikk igjen frå Mortavika frå 07.15 fredag.
  • Rute 1030 Langevåg – Buavåg er innstilt inntil vidare.
  • Hurtigbåt Norled: Fleire avgangar er innstilt, blant anna Sunnhordlandruten og Røvær og Feøy. Ruteinformasjon på Norled (ekstern lenke) sine sider.

Luftfart

  • Helikoptertrafikk: Alle helikopteravgangar frå Stavanger og Florø lufthamn er innstilt. Equinor melder om at dagens turar til og frå Stavanger lufthamn er kansellerte grunna vêret. Oppdatert informasjon ligg på nettsidene heliport.no (ekstern lenke).
Helikopter på bakken

Helikoptera blir ståande på bakken grunna uvêret i dag.

Foto: Philip Kollstrøm / NRK
  • Flytrafikk: Fleire flyavgangar er kansellert frå Stavanger lufthavn Sola, blant anna fly til Amsterdam, København og Trondheim, som følgje av uvêr:
    – Det er meldt meir vind seinare, så det er ei forventing om at det blir nokre forseinkingar og kanselleringar, men dei reisande må forholda seg til informasjonen dei får frå flyselskapa, seier Anette Sigmundstad, lufthamndirektør Avinor. Oppdatert ruteinformasjon finn du på Avinor sine nettsider (ekstern lenke).

Andre konsekvensar

  • Straum: 335 husstandar er utan straum etter eit straumbrot i Farsund i Agder melder Giltre Nett, som drifter straumnettet i Agder. Dei har sett gul beredskap før stormen.
  • Nedbør: Det er også meldt om mykje nedbør i dag. På Jørpeland har det trengt inn vatn i eit hus, melder Rogaland brann og redning på X.
  • Skredfare: Mykje nedbør og svært kraftig vind fører til betydeleg skredfare, faregrad 3, i store delar av Sør-Noreg. Følg med på varsam (ekstern lenke) for oppdatert info.
  • Arrangement: Eit julearrangement i Nærbøparken på Jæren er avlyst grunna uveret, opplyser Hå kommune på Facebook.
  • Kraftig vind: på Karmøy melder Rogaland brann og redning at fleire takplater står i fare for å fly av garde i den kraftige vinden. Tre har velta over hus i Stavanger og Haugesund.