Hopp til innhold

Fleire familiar gravlegg sine i det stille

Norske gravferder vert skalert ned, men statistikken seier ikkje kva for nye ritual og seremoniar som tek form.

Fleire velger nedskalerte begravelser i det stille

SISTE FARVEL: Aktørar i og rundt «gravferdsbransjen» har ulike forklaringar på at fleire gravferder først blir annonserte i etterkant av jordfestinga.

Foto: NTB

Gravferd i stille inneber at seremonien for den avdøde berre er for næraste familie og venner, og at dødsfallet først blir annonsert etter gravferda.

Den svenske rapporten En «riktig» begravning dokumenterer at talet på «direktbegravningar» utan større seremoniar er femdobla sidan tusenårsskiftet.

Tilsvarande statistikk finst ikkje på vår side av grensa, men den nye rapporten Forhandlinger ved grava peikar i retning av den same tendensen:

Fleire vel små og intime gravferder.

Ikkje avgrensa til tilfelle der den avdøde har få eller ingen pårørande, men også der den avdøde har store venne- og omgangskrinsar.

NRK har snakka med folk i og rundt «gravferdsbransjen» som har ulike teoriar om kvifor:

  • Korona-effekten: Restriksjonar under pandemien gav folk «smaken på» mindre samkomer for dei aller næraste.
  • Meir kompliserte familieforhold banar veg for mindre og konfliktdempande jordeferder.
  • Økonomi. Mindre minnesamvær og gravferder er rimelegare å arrangere.
  • Privatisering av gravferda samsvarer med individualiseringa og forventningar til personleg tilpassing.
  • «Langdistanse-vennskap», spreidd bumønster og større avstandar gjer terskelen høgare for å kalle inn fjern og nær til felles minnestund og gravferd.
Skjermdump

Nye døme i norske aviser på at dødsfallet først blir annonsert etter gravferda.

Skjermdump
Skjermdump
Norske gravferdstradisjoner er i endring, men tendensen til «direktebegravelser» og «direktekremasjon» fanger ikke opp hele bildet.
Skjermdump
Skjermdump
Skjermdump

– Overraska over at såpass mange vel å avgrense seremonien

I tillegg blir det drøfta om nedskaleringa speglar «av-ritualiseringa» av samfunnet og ein ny «berøringsangst» for døden.

  • Alf Bergin, redaktør for Grav24.no: Eg er litt overraska over at det er såpass mange som vel å avgrense seremonien til berre dei næraste, men vi må ta høgd for at trendane også innanfor gravferdssektoren endrar seg.
  • Bjarne Kjeldsen, forfattar av «Krematorievirksomheten i Noreg»: Eg har ikkje tal på det, men mi eiga svogerforsking heller mot at dette er vanlegare no enn då eg jobba i gravferdsbyrå for 20 år sidan.
  • Monika Holm Svinsholt, Vestfold krematorium: Vi ser at det har vore stor auke dei siste åra. Men statistikken viser ikkje om det skal vere ein seremoni i etterkant, til dømes ein urneseremoni ved grava eller i samband med oskespreiing.
En normal hvit likkiste står på ei tralle med hjul nede i kjelleren til Svanholm og Vigdal gravferd, hvor de har lageret sitt med kister. De står stablet langs veggene.

Leiar i Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, minner om at det er «viktig å respektere den enkelte og dei pårørande sine ønskjer i møtet med døden».

Foto: Kirsti Kringstad / NRK

–​ V​anskeleg å samle heile familien når minstemann er på backpacking i Asia

Fredrik Saxegaard, ein av forfattarane bak studien Forhandlinger ved grava, minner om at gravferder også har ein «time management-side», og at avisannonseringane om stille gravferder kan kamuflere at det blir arrangert større samvær i etterkant av kremeringa eller jordfestinga.

Det er vanskeleg å samle heile familien i tide til ei gravferd når minstemann er på backpacking i Asia, eldstejenta er på utveksling i Australia, og onkel er på vinteropphald på Gran Canaria. Så då samlast dei heller når alle er på plass, og har ein slags seremoni då, seier han.

Avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Jan Christian Kielland, har ikkje statistikk for gravferder, men fortel at Den norske kyrkja etter pandemien har «opplevd auka etterspurnad etter små seremoniar for dåp og bryllaup».

For kyrkja er det viktig at menneske veit at kyrkja også tilbyr små seremoniar. Nokon har inntrykk av at kyrkjelege seremoniar må vere store og følgjast av ganske kostbare samkomer, men slik treng det ikkje å vere, seier han.

Erik Werenskiold - En bondebegravelse 1883-1885

Tradisjonelt var døden ei offentleg sak som «heile bygda» vart invitert til å ta del i. I dag vel fleire pårørande å annonsere dødsfallet først etter gravferdsseremonien. Måleri: En bondebegravelse (1883–1885) av Erik Werenskiold.

Foto: BØRRE HØSTLAND/NASJONALMUSEET

Det er naturleg at gravferdsfeltet endrar seg

Ingvild Lalim Hanseid jobba som prest fram til månadsskiftet, og er i dag stipendiat på Menighetsfakultetet med fagfeltet ritualisering rundt død.

Mange spør «kva er vanlegast?» når seremonien skal avklarast. Folk ønskjer gravferder som blir prega av personlegdommen til den avdøde, men samtidig at det skjer i ramma av ein tradisjon som har utvikla seg over lang tid, seier ho.

Ho viser til store endringar i korleis vi møter døden. På den eine sida møter nordmenn døden heile tida – gjennom TV-underhaldning, krimbøker og nyheiter.

På den andre sida er det teikn til at døden blir redusert til eit mindre påtrengjande fenomen ved å bli sett vekk, sminka og institusjonalisert.

Les også Meir likbrenning gjer at norske krematorium «går varme»

Krematoriet i Kristiansund

I staden for «av-ritualisering», snakkar ho om «re-ritualisering».

Det er naturleg at gravferdsfeltet endrar seg, og for Den norske kyrkja blir det ei viktig oppgåve å finne rolla si i møte med nye former for ritualisering.

Leiar i Human-Etisk Forbund, Christian Lomsdalen, minner om at seremoniar er «ein del av det større bindevevet i samfunnet», og at det på same tid er «viktig å respektere den enkelte og dei pårørande sine ønskjer i møtet med døden».

Dette kan innebere ein større variasjon i seremoniane, men også at fleire ønskjer å halde denne typen seremoniar for dei næraste. Då kan det vere aktuelt for dei som vil minnast den avdøde å finne eigne måtar å gjere dette på.

Ingvild Lalim Hanseid.

– Det er naturleg at gravferdsfeltet endrar seg, og for Den norske kyrkja blir det ei viktig oppgåve å finne rolla si i møte med nye former for ritualisering, seier Ingvild Lalim Hanseid.

Foto: Den norske kirke