Hopp til innhold

Fleire dødsfall etter innlegging i helgene

Forskarar oppdaga markant forskjell i talet på døde pasientar etter akuttinnlegging laurdag eller søndag.

Nytt akuttmottak på Haukeland universitetssjukehus i 2009.

SIGNIFIKANT: – Forskjellen i overleving mellom helg og andre vekedagar er under ein prosent, men den er statistisk signifikant, fortel Jon Helgeland i FHI.

Foto: Helse Bergen

Ein rapport frå Folkehelseinstituttet (ekstern lenke) viser at det er lågare sjanse for å overleve dersom ein vert innlagd på norske sjukehus i helgene enn i vekedagane.

Studien har sett på kor mange som er i live 30 dagar etter innlegging.

Av 849.142 akuttinnleggingar over ein periode på fem år, enda rundt 1400 fleire med død innan 30 dagar når pasienten vart innlagd i helga samanlikna med vekedagane.

– Forskjellen er ganske liten, under ein prosent, men den er statistisk signifikant. Det betyr at den ikkje kan skuldast tilfelle, seier Jon Helgeland, seksjonsleiar ved seksjon for kvalitetsmåling i Folkehelseinstituttet.

Den same rapporten viser at det er "tryggast" å bli innlagd tysdag, onsdag og torsdag.

Veit ikkje kvifor

Helgeland fortel at det truleg er første gong ei slik undersøking vert gjort i Noreg.

Han opplyser at FHI vil sjå nærare på datamateriellet. Ettersom tala er heilt nye er det nemleg vanskeleg å sei noko om kvifor det er slik.

Pasient- og brukarombod i Hordaland, Rune Skjælaaen.

RISIKO: – Vi veit at det er lågare bemanning på sjukehuset i helgene. Då er ein inne i eit risikoområde, seier pasientombod i Hordaland, Rune Skjælaaen.

Foto: Elise Angell / NRK

– Dette kan skuldast forhold ved sjukehuset. Til dømes kan lågare bemanning i helgene påverke kvalitet på behandlinga, seier Helgeland.

Pasient- og brukarombod i Hordaland, Rune Skjælaaen, meiner dette stemmer overeins med deira erfaringar.

– Vi veit at det er lågare bemanning på sjukehuset i helgene. Det er færre legar og sjukepleiarar. Ansvarsområdet deira er dermed større. Då er ein inne i eit risikoområde.

– Spørsmålet er om sjukehusa har gode nok system til å fange opp desse risikoområda, seier Skjælaaen.

Avviser dårlegare kvalitet på behandlinga

Dette vert avvist av professor og leiar ved seksjon for pasientsikkerheit på Haukeland universitetssjukehus, Stig Harthug.

– Ei studie som dette kan ikkje avgjere om det er ein samanheng mellom lågare bemanning og dei dødsfalla som er observert.

Han trur årsaka til tala er at det er høgare terskel for å verte innlagd i helgene.

– Det er færre pasientar som vert innlagd, og desse er ofte sjukare enn pasientar som hamnar på sjukehus andre dagar i veka.

Professor og leiar ved seksjon for pasientsikkerheit på Haukeland universitetssjukehus, Stig Harthug

IKKJE FARLEG: – Folk treng ikkje bekymre seg for å bli innlagde på sjukehus i helgene, meiner professor og leiar ved seksjon for pasientsikkerheit på Haukeland universitetssjukehus, Stig Harthug.

Foto: Elise Angell / NRK

Bør dra nytte av rapporten

Pasientombodet meiner likevel at sjukehusa bør ta til seg resultata i undersøkinga.

– Sjukehusa bør rette merksemda mot bemanninga i helgene og sjå om denne er tilstrekkeleg og forsvarleg, meiner Skjælaaen.

Han meiner studiane frå FHI er nyttige for helseføretaka.

– Dei viser den reelle sjukehusrøynda. Dette betyr at sjukehusa kan bemanne opp og fordele ressursane ut frå kva statistikkane viser.

– Ikkje grunn til uro

Harthug er tydeleg på at ein ikkje skal vere redd for å bli innlagd i helgene.

– Det er ingenting ved denne undersøkinga som tyder på at det er farleg å bli innlagd på sjukehus laurdag eller søndag.

Han syns det er positivt at FHI vil sjå nærare på tala.

– Det er viktig å finne ut kor vi har forbetringspotensial, seier han.