Hopp til innhold

Fleire bedrifter melder om speleavhengige tilsette som stel på jobb

Avhengigheitssenter blir kontakta om underslagssaker nesten annankvar dag. – Eg trur ikkje vi har sett eit så stort tal før, seier rådgjevar.

Illustrasjonsfoto for nettpoker

FATALE KONSEKVENSAR: – Det er viktig å vere klar over at pengespel har den risikoen i seg, at ein mister grepet om livet og gjer ting som kan få fatale konsekvensar, seier seniorrådgjevar Jarle Wangen i Akan. (illustrasjonsfoto)

Foto: Erlend Aas / NTB scanpix

I 2013 melde Bergen kommune ein tilsett i Idrettsservice til politiet for grove underslag frå kommunekassa over fleire år. Mannen forklarte tjuveria med at han var speleavhengig.

Kristin Ulvang

Kristin Ulvang i Bergen kommune

Foto: Eva Hille/Bergen kommune

– Han leigde mellom anna ut kommunale lokale, der dei som leigde trudde pengane gjekk til kommunen, men vedkommande fakturerte dei inn på sin private konto, seier Kristin Ulvang, kommunaldirektør for finans.

Saka medførte ein full gjennomgang av Bergen kommune sine system.

– Det blei gjort ein risikovurdering av alle inntekter. Der ein såg at ein hadde svakheiter i systemet, er det sett i verk tiltak, seier Ulvang.

– Kan gjere ting som får fatale konsekvensar

Men Bergen kommune er på ingen måte aleine om å ha utru tenarar i rekkjene. At speleavhengige i desperasjon stel frå eigen arbeidsplass, er ein aukande tendens i Noreg, ifølgje Akan, kompetansesenter for rus og avhengnad.

Særleg det siste halvåret har pågangen frå bedrifter vore stor.

Jarle Wangen

Jarle Wangen i Akan.

Foto: Scanpix

– Vi har blitt kontakta om dette i ti-tolv år, men så mykje som det er no, trur eg ikkje vi har sett før. No er vi oppe i eit par-tre i veka, fortel seniorrådgjevar Jarle Wangen.

Talet på underslagssaker aukar i takt med at det blir fleire speleavhengige, ifølgje han.

Akan held no føredrag for bedrifter, der eitt av måla er å opplyse om at speleavhengnad lett kan føre til kriminelle handlingar på jobb.

– Det er viktig å vere klar over at pengespel har den risikoen i seg, at ein mister grepet om livet og gjer ting som kan få fatale konsekvensar, seier Wangen.

Bergen Rådhus

«»FORBRYTERSK FORSETT»: «Siktede har vist et fast forbrytersk forsett og har grovt misbrukt den tilliten han har hatt i sin mellomleder-stilling i Bergen kommune», heitte det i dommen frå Bergen tingrett om den tilsette i Idrettsservice i Bergen kommune.

Foto: Runa Victoria Engen

– Saka blei ein vekkar

Mellom sakene dei har blitt kontakta om, er alt frå overfakturering av større beløp til «småtjuveri» av kontantar.

– Folk gjer rett og slett tjuveri på eigen arbeidsplass. Nokre gjer det ved å overfakturere og deretter overføre det overskytande til sin eigen konto. Så har vi rekneskapsførarar som har stole frå klientkontoar, og mange tilsette som stel frå fagforeiningskassar, kantinekassar, velferdskassar, og så vidare. Det kan skje stort sett alle stader der pengar er tilgjengelege, påpeiker Wangen.

Akan fortel om fleire tilfelle av både oppseiingar og rettssaker som følgje av tjuveria.

Mannen i 50-åra som stal frå Bergen kommune blei til slutt dømt til over to år i fengsel etter å ha lurt til seg over fem millionar kroner.

– Denne saka var på mange måtar ein vekkar for oss. Vi hadde nok ikkje fokusert så mykje på det, og sett føre oss at eit slikt scenario kunne oppstå, fortel kommunaldirektør Kristin Ulvang.