Flåmsbana er stengd etter eit steinras tysdag ettermiddag. Togruta går gjennom vakre og ville Flåmsdalen, og trekkjer til seg lass på lass med turistar gjennom året.
– Bana blir truleg stengt i heile dag, men vi veit meir sikkert seinare i dag, seier pressevakt i Bane Nor, Olav Norli
Raset har ført til skadar på sporet. Arbeidarar er på plass for å sikre og reparere skadane.
– Det er skadar som vi må gjere noko med, seier Norli.
Flåmsbana, ei av dei brattaste togreisene i verda på normalspor, frakta fleire hundre tusen turistar i Aurland. Togreisa har frå fleire hald vorte skildra som ei av dei vakraste togreisene ein kan ta i heile verda.
Flåmsbana går fire gonger om dagen no på vinteren.
- Les meir: