Hopp til innhold

Fjordline droppar danmarksbåten – trailersjåførane mister kviletid på ferja

Fjordline stoppar båtruta mellom Vestlandet og Danmark i fire månadar. Då aukar vegtrafikken og det blir vanskelegare for sjåførane å få nok kvile. – Ikkje bra.

Per Atle Ådland i Bergen Spesialtransport

KJEMPELURT: Per Atle Ådland i Bergen spesialtransport brukar danmarksbåten ofte, men tilbodet forsvinn i vinter. – Ei miljøsmart løysing som gir trailersjåførar nødvendig kviletid.

Foto: Fredrik Varden

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Å frakta vogntog med Fjordline har vore ei god løysing både kommersielt og miljømessig. Kjempelurt, seier Per Atle Ådland.

Han er partner i Bergen Spesial Transport AS og styreleiar i Norges lastebileigarforbund avdeling Hordaland.

No står han på kaien i Bergen med ein 60 tonn tung motor frå Bergen Engines sin fabrikk. Den skal fraktast til Romania.

Firmaet hans er fast kunde på Fjordline si rute mellom Bergen, Stavanger, Langesund og Hirtshals, med tre til fem trailerar i veka.

Men i perioden februar til mai blir det slutt på det.

Droppar miljøvenleg drivstoff

Dei to danmarksbåtane går på flytande naturgass (LNG), eit meir miljøvenleg enn vanleg skipsdiesel. Men Fjordline varsla denne veka at «Bergensfjord» og «Stavangerfjord» blir lagde til kai i fire månadar.

Motorane skal byggast om til å kunna veksla mellom LNG og MGO (marin gassolje, altså skipsdiesel).

Grunnen er at prisen på LNG har blitt mangedobla som følge av krigen i Ukraina.

Les også Hirtshals-ruter stoppes, bygger om to skip etter ekstrempriser

MS Bergensfjord til Langesund

Mister kviletid

Jan Ove Halsøy, regionsjef i lastebileigarforbundet på Vestlandet, likar dårleg at Fjordline set denne ruta på pause.

Ei stor ulempe er at sjåførane mister kviletid på ferja.

Normalt blir anten heile vogntoget med på båten, slik at sjåføren får den lovpålagde døgnkvila si om bord, og kan fortsetta vidare mot kontinentet.

Jan Ove Halsøy, Norges lastebileierforbund

Regionsjef Jan Ove Halsøy i lastebileigarforbundet meiner det gir mange ulemper og utfordringar når Fjordline stoppar danmarksruta på Vestlandet.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Eller så blir berre trailerhengaren send med båten, medan sjåføren kan gjera annan transport i Bergen eller Stavanger, og ein annan sjåfør tar i mot hengaren i andre enden.

– No blir alternativa anten å køyra til Kristiansand eller Larvik og ta ferje derifrå, eller å køyra heile vegen via Sverige. Det blir uansett både meir kostbart og meir krevjande. Transportørane taper eit døgn på dette, seier Halsøy.

Fjordline gir ikkje nokon kompensasjonsavtale når dei fjernar tilbodet sitt.

– Dei gir vel berre ei beklaging om at dette er kortvarig, men det er uansett ei utfordring. Transportnæringa har for få sjåførar, så det blir vanskeleg å få logistikken til å gå opp.

Fjordlines danmarksbåt "Stavangerfjord" til kai i Bergen

«Stavangerfjord» og det andre Fjordline-skipet som nyttar reinare drivstoff, skal i vinter byggast om for å kunna gå på langt meir forureinande diesel.

Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK

Går tilbake til forureining

Då dei to Fjordline-skipa gjekk over til flytande naturgass, reduserte det CO2-utsleppa med 23 prosent og NOx-utsleppa med 94 prosent.

Konsernsjef Brian Thorsted Hansen i Fjordline vedgår at når skipa skal gå på skipsdiesel (MGO), er utsleppa om lag tilbake der dei var før.

– Men eg håpar jo på at naturgass-prisane blir normalisert på eit betre nivå. Då er det berre for oss å svitsja tilbake til LNG. Det er målet, seier han til NRK.

Han vedgår at fire månadar nedstenging rammar både Fjordline og kundane deira hardt.

– Transport- og fraktkundane våre får betydeleg høgare kostnadar, og det blir dessverre meir godstransport på vegane.

Brian Thorsted Hansen, konsernsjef Fjordline

Konsernsjef Brian Thorsted Hansen kallar det eit veldig dramatisk skritt når Fjordline stoppar danmarksruta frå Bergen for å bygga skipa om til meir forureinande motordrift.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

Det kjem til å gjera vondt. For oss, og endå meir for kundane våre.

Brian Thorsted Hansen, konsernsjef Fjordline

– Men me har ein god dialog med dei om kvifor me tar dette veldig dramatiske skrittet. Dei er sjølvsagt ikkje begeistra, men ser at investeringa vår er nødvendig, seier Hansen.

Han utelukkar ikkje permisjonar i Fjordline, men seier det i så fall truleg blir snakk om nokre få i Danmark. Det kan også vera at nokon får mellombels redusert stillingsprosent.

– Kritisk infrastruktur

Halsøy forstår argumenta til Fjordline.

Han trur ikkje at Fjordline på sikt vil mista kundar sjølv om tilbodet forsvinn i fire månadar.

– Den ruta vil vera viktig også i framtida. Truleg endå viktigare enn i dag, på grunn av miljøomsyn, kostnadane med å køyra, og sjåførmangelen, seier Halsøy.

– Kva tenker du om at dei må bygga om relativt nye skip?

– Fjordline har satsa på LNG, etter oppmoding frå styremaktene, fordi det har stor miljøgevinst. Men nå går dei altså tilbake til diesel på grunn av LNG-prisen. Styremaktene kunne gjort sitt for å gjera LNG konkurransedyktig. Fjordline si rute er jo kritisk infrastruktur mellom Bergen og Danmark. Det finst ikkje eit alternativ, seier Halsøy.

Han viser til at CargoNet må redusera sin kapasitet med godstog på Bergensbanen, fordi det er plassmangel på Alnabru i Oslo.

– Summen av dette er veldig negativ, seier han.