Hopp til innhold

Fjordalangs på to hjul

Ver med reisereporter Halvor Folgerø på sykkeltur frå Stord til Ulvik.

Halvor på tur 3

Halvor Folgerø fortel kvar dag frå reisa si frå Stord til Ulvik. Her er eit bilete drå Ølve med dramatisk himmel på andre sida av fjorden.

Halvor Folgerø syklar frå ytst til inst i Hordaland. Kvar dag sendar han oss ei rapport om korleis det går. Her finn du rapporten frå dag 1, 2 og 3.

Dag 3: Siste etappe: Herand-Ulvik

Halvor siste

Arne Bakke Mælen, trekunstnar og drosjesjåfør

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Etter å ha fått eit grytidleg innblikk i kunsten å bake krotakaker, var det tid for å starte på bakkane opp frå Herand. Like før toppen, står skiltet som viser veg til Hardanger Kulturgalleri. Dette er livsverket til trekunstnar Arne Bakke Mælen. Her, på garden der han vaks opp, har han investert 8 millionar kroner i nybygg og restaurering, han har bygd opp galleri, verkstad, selskapslokale og konsertscene.

Fram til 1977 var garden veglaus. No håpar Arne på å få fleire naboar, og er full av framtidsplanar. Utsynet frå Mælen tar omgrepet fjordutsikt til nok eit nivå. Ein plass det er lett å bli verande minst ei vaffel for lenge. I alle fall om ein har tenkt seg til Ulvik med sykkel.

Halvor siste dag

Hardanger Kulturgalleri, Mælen, Herand

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Så fort ein har komme seg opp kneiken att, er det unnabakke så godt som til Alsåker. Så er det berre å trakke seg gjennom morellhagar og frukttre-allear forbi Vines og Lothestranda, til du renn ned på ferjekaien på Utne. Her har du to val: anten vente til ferja går til Kinsarvik, for så å køyre langs fjorden innover. I så fall blir det ny ferje Brimnes-Bruravik, og siste mila innover Ulvikfjorden. Fordelen med dette alternativet er du sparer deg for ein del tunge motbakkar. Når eg likevel valde alternativ 2, var det for å spare tid.

Halvor siste

Nasjonalromantikk, inntil det provoserande...

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Ferje Utne-Kvanndal, halvanna mil inn til midten på Granvinsvatnet, opp i Espelandsdalen, og ned til Ulvik. Stigninga opp til Espelandsvatnet er ikkje bratt, men den varer og varer og varer.... Men løna får du til slutt, i form av dramatisk natur oppe ved vatnet. Her er kvasse toppar, ville fossefall og steile bergsider som kan minne om fjell lenger nord på Vestlandet, t.d. på Sunnmøre.

Halvor siste

Danske turistar i sin Nimbus 1954-modell

Foto: Halvor Folgerø/NRK

Og når du har passert vatnet, god og sveitt, er det berre å la det stå til nedover svingane mot poesibygda Ulvik. Her gjer ungane seg klare til jonsokbryllup, og det putrar og går i spann og på flasker. Ein kjenning sa til meg, halvt på fleip, at no skal Ulvik satsa 100 % på alkoholbasert turisme.

Turen min sluttar her, i år som i fjor kjennest det litt godt og litt trist. Takk for følgjet, og god tur om du vil prøve sjølv. Absolutt å anbefale!

Dag 2: Hatlestrand - Herand

Kva har eg gjort for å fortene dette? Det var min første tanke då eg sto opp på Hatlestrand. Og med "dette" tenkjer eg på vêret.

Nok ein dag med opphaldsver, og fjordutsikt i millionklassen. Litt flaks skal ein tydelegvis ha.

Takk, vergudar. Og takk, fruktbønder, huseigarar og alle andre som bidrar til å gjere Hardanger til ein fryd for syklistar.

Innover heile fjorden kligg perlene tett, og du bør sette av god tid. Om du vil bruke den til fotografering, eller til prøvesmaking av eplesaft, eller andre lokale spesialiteter, er opp til deg.

Halvor på tur
Foto: Halvor Folgerø/NRK

Eller du kan stikke innom til norges kanskje travlaste pensjonist. Johan Storm Munch eig tunet der diktaren Hans E Kinck budde store deler av oppveksten, og har etterkvart fått ni gamle hus som han har sett i stand. I tillegg er han omvisar og vert for både konsertar og kunstutstillingar.

Halvor på tur
Foto: Halvor Folgerø/NRK

På kaien på Tørvikbygd var det ein spesiell kjøredoning som skilte seg markant ut. Ein gammal folkevognbuss frå 1978 og ei minst like gammal campingvogn, begge matchande lakkerte i lysegrønt. Bilen heiter Bygdedyret, og er eit sikkert teikn på at det går mot Bygdalarm- festival i Øystese. På dashbordet er fenalår ein like viktig del av grunnutrustninga som blinklys, fortel sjåfør Alvin Westerheim.
Turen mellom Jondal og Herand er nasjonal turistveg. Når du syklar der, skjønar du kvifor. Sjølv Hurtigruta kjem til kort når det gjeld slik utsikt til fjord, fjell og milde strender.

Halvor på tur 5

Bygdedyret med Alvin Westerheim bak rattet.

Foto: Halvor Folgerø/NRK

På turen kan du elles nytte deg av Jondals dyraste toalett, og kjem du svolten til Herand, kan du gå på bygdas einaste restaurant i det gamle meieriet. Eller du kan køyre oppover svingane og sjå tenksamt ut over fjorden. Det kostar ingenting, anna enn litt svette og mjølkesyre.

Halvor på tur
Foto: Halvor Folgerø/NRK


Dag 1: On the road again

Så var det oss to igjen: sykkelen og meg. Det kjennest bra. Vi samarbeider godt, sjølv om det er eit heilt år sidan forrige langtur.

Halvor Folgerø
Foto: Halvor Folgerø / NRK

Trass i at kroppen nok er meir rusten enn sykkelen, har eg komme frå det utan varige mein så langt. Tjuvstarten gjekk i går, med strekninga Bergen-Leirvik, via Austevoll. I dag gjekk turen frå Vikjo, med Hatlestrand i Kvinnherad som det forjettede land langt der framme.

Her er eg no, plassert i ei tømmerhytte i skogen til bonde Knut Johan Nerhus. På vegen hit har eg kryssa den vakre Tysnesøya opptil fleire gonger, og besøkt gardsrestauranten Håheim Gard ved Uggdal, ei lita Eventyrhistorie.

Espeværingen Torstein Hatlevik, utdanna musiker, kjøpte eit nedlagd bruk for 11 år sidan. Han pussa opp og begynte med matservering i det små. No har han, saman med kompanjong Ruth Sletteskog, investert 7 millionar kroner, bygd nybygg i same stil som gamlehuset, og anlagt både urtehage og rosehage på eigedommen, som ligg høgt og fritt, 170 meter over havet. Her serverer dei kortreist mat, for det meste basert på lokale råvarer.

Halvor på tur
Foto: Halvor Folgerø/NRK

Elles må det nemnast at å sykle austsida av Tysnes er som å vere midt i eit landskapsmåleri, med velstelte bygder, og utsikt mot kvinnheradsfjella (som rett nok var innhylla i skodde i dag) Den gamle handelsstaden Årbakka utmerker seg spesielt. Alle med hang til nasjonalromantikk og gammal kystkultur bør ta turen nedom på kaien. Her skal det forresten blåsast nytt liv i både butikk og Kafe denne sommaren. Vel verd kvar einaste bratte meter opp att til hovudvegen.

Strekninga Stussvik-Ølve-Hatlestrand er også eit fullgodt alternativ til å sitte i bilkø over Danmarksplass!

Halvor på tur 3

Ei perle langs vegen, handelsstaden Årbakka, Tysnes