Hopp til innhold

Halvor tok feil

På sin 450 kilometer lange veg opplev Halvor mykje.

Halvor Folgerø

Ein fornøgd Halvor Folgerø på toppen av Utvikfjellet, 600 moh.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Halvor Folgerø syklar frå Bergen til Geiranger. Kvar dag sendar han oss ei rapport om korleis det går. Her finn du rapportane frå dag fem, seks og sju.

Les om dag 1 og 2 her: Den store styrkeprøven er i gang

Les om dag 3 og 4 her: - Litt vondt der bak

Her kan du lesa reiseruta hans: Følg Halvors store styrkeprøve

DAG 5:

Først litt sjølvkritikk:

Stardalen

På veg inn i dalen som lever opp til namnet sitt: Våtedalen...

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Før avreise i dag fekk eg vite at ein kjenning frå nabolaget heime driv og syklar Nordkapp-Lindesnes. Plutseleg kjendest distansen Bergen-Geiranger litt puslete.

Her driv eg og snakkar på radioen fleire gonger for dagen, som om det er ein polekspedisjon eg er ute på. Og så syklar folk Norge på langs, kryss og tvers- og attpåtil søv dei i telt! Medan eg veltar meg i tøyleslaus luksus, på pensjonat, gardsovernatting og hotell.

Nok sjølvkritikk.

Dagens stikkord er smøring.

Etter gårsdagens uro for tynnsliten hud ein viss plass, var det store spørsmålet: kva skal eg smøre med i dag? Det har ikkje mangla på gode råd: vaselin, talkum, sinksalve etc. Eg enda opp med å heilgardere, og drar no rundt på ei heil lita smørebu i sykkelveska. Eg nærmar meg nivået til norsk herrelangrenn. Det einaste eg manglar er eigen smørar.

Utan å gå i detalj, kan eg røpe at eg gjekk for sink, og eg smurde meg ikkje bort.

Våtedalen har eg sjeldan sett våtare enn i dag. Det var som å køyre inn i ein dusj. Og ut av ein dusj. Både før og etter dalen var asfalten tørr. Etter å ha passert skulpturparken i Byrkjelo, var det berre å ta til fjells. Litt oppøsen kan eg no slå fast at stigninga opp på utvikfjellet (600moh) gjekk overraskande greit.

Kunsten er å ta det roleg i starten.

Merete og Martin Bay Nielsen

Merete og Martin Bay Nielsen delte lunsjen med seg.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

På veg ned møtte eg to hyggelege danskar som ikkje hadde late seg skremma av verken sommarverer eller stive ølprisar. Dei trossa det sure veret og rigga seg til med campingbord og kaffikjel. Dermed vanka det dansk lunsj på ein sliten syklist, mørkt rugbrød med ost, og kaffi. Nydeleg.

Vegen mellom Innvik og Olden er smal, svingete og full av humpar.
Ufatteleg at dette er riksveg. I tillegg er Trafikken både stor og tung, så desse kilometeane er ikkje ideelle for sykling.

Men - her sit eg i Loen, og kan konstatere at formen er stigande, og at eg traff med smurninga.

I morgon ventar fleire motbakkar....

Skulpturpark Byrkjelo

Halvor knipsa denne skulpturparken i Byrkjelo.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Dag 6:

For første gong i mitt liv ligg eg i ei himmelseng. Og eg tenkjer at kanskje det er slik det kjennest å komme til himmelen? Utsikta er i alle fall ei himmelseng verdig: Hjelledalen, omkransa av snødekte fjellgigantar, som kveldssola fargar rosa på toppane. Med all respekt for himmelen, må det seiast at Videseter framstår som eit fullgodt alternativ.

Hjelledalen

Eigenpleie på Videseter med utsikt over Hjelledalen.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

I dag har eg hatt ei kjensle av å sykle gjennom ein evigvarande reklame for mjølkesjokolade. Bildene talar vel for seg. Det er nesten for fint til å vere sant. Ein spør seg sjølv om dette verkeleg kan stemme. Om ikkje rulleteksten på filmen, eller stemma til Oddgeir Bruaset skal dukke opp bak neste sving.

Bak ein av svingane dukka Kleivenes camping opp. Her møtte eg fagfolk innan campingfaget. To familiar frå Porsgrunn, som har mange års røynsle med telt og primus. Og ikkje minst med laksefiske.

Camping-familien

43 år med erfaring i camping på Kleivenes camping i Stryn.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Morten Lillegårdssetre og kona tok kvar sine to flotte laksar her for nøyaktig eitt år sidan. No er dei her for å prøve lukka igjen. Lillegårdssetre er sjefsveteranen på Kleivenes. I 43 år har han feriert på same plass. I gul campingbuss, med medbrakt personbil i lasterommet.

Sjølvkritikk 2:

Det er på sin plass å ta kraftig sjølvkritikk igjen. Då eg var innom kjøpmannen i Bygstad før i veka, intervjua eg han om doktor Harlem, som var lege i bygda tidleg på 1900-talet. Kjøpmann Birkeland fortalde at doktoren, i følgje gamle kreditt-bøker, hadde kroner2,38 til gode i butikken, ei gjeld som framleis ikkje er oppgjort.

Så langt, alt vel.

Men her starta problema. For både handelsmannen og eg kjende oss sikre på at denne doktor Harlem, som ikkje var oppført med førenamn, var bestefar til landsmoder Gro. Men det held ikkje å tru, ein må vite.

Ein vaken og velinformert lyttar, kunne i dag gjere meg merksam på at Harlem ikkje var bestefar, men grandonkel til Gro. Altså bror til bestefaren. Slik kan det gå om ein ikkje dobbeltsjekkar fakta.

På vegne av kjøpmannen og meg sjølv, legg eg meg flat og bed om orsaking. Både til Gro og til den anonyme lyttaren som fekk oppklara feilen. Men det ingen kan ta oss på, er at Harlem-slekta har 2,38 kroner uteståande hos Spar Bygstad.

Eg nærmar meg målgang på Tour de Fjord, og det kjennest litt vemodig. Det som gjenstår er 500 høgdemeter, ein tur over fjellet til Grotli, og "sjarmøretappen" ned til Geiranger.

Måtte bremsene halde.

Stryn
Foto: Halvor Folgerø / NRK

DAG 7:

Så var det snart over. Målet ligg 1030 meter under meg, og det må ei utforkøyring til for å stoppe meg no. Eg skal ta det knusande med ro nedetter svingane. Har tenkt å følgje rådet frå sykkelreparatøren i Stryn, om å ta ein god pause midtvegs nedi bakkane, så bremsene får kjøle seg ned.

Har hatt nok ein godversdag. Turen over gamle strynefjellsvegen er fantastisk flott å sykle. Den vil eg anbefale alle å prøve.

Videdalen

VIdedalen og dei verste motbakkane er unnagjort.

Foto: Halvor Folgerø / NRK

Litt trafikk er det, særleg ein del bubilar, men ikkje slik at det utgjer noko problem. Har du først karra deg opp dei vel 1100 høgdemetrane, er det vel verd slitet.

Eg har hatt 7 flotte dagar på sykkelen. Opplevd alle vertypar, frå pøsregn og torever i Sogn, til postkort-sommar i Stryn. Etter litt småkrangling i starten, har kroppen oppført seg stadig meir eksemplarisk.

Sykkelen fortener terningkast 6, heile vegen. Som eg før har sagt: dette er på ingen måte noko polekspedisjon. Men ein bra lang og nokså kupert sykkeltur er det. Og det kjennest ufatteleg godt å ha klart det! Konklusjonen er denne: kan eg klare dette, så kan dei fleste sofaslitarar klare det.

Eg vil anbefale alle å prøve. Takk for turen!