Hopp til innhold

Formuesskatt var avgjerande for Fjord1-salet

Noreg største ferjereiarlag Fjord1 er selt til utanlandske fond. Formuesskatten får skulda for salet.

Styreleiar i Fjord1 og viseamdinistrerande direktør i Havila Holding, Vegard Sævik.

Styreleiar i Fjord1 og viseadministrerande direktør i Havila Holding, Vegard Sævik.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Dei europeiske fonda «DIF Capital Partners» og «EDF Invest» har kjøpt Fjord1, skriv reiarlaget i ei pressemelding.

Dei har etablert eit strategisk partnarskap gjennom eit konsortium, «Effra BidCo AS», og har kjøpt Fjord1 frå Havila Holding og Vision Ridge Partner, som begge har hatt 50 prosent eigarskap sidan 2021, heiter det vidare.

– Leiinga er tilfreds med at salsprosessen er gjennomført, og ser fram til å utvikle Fjord1 vidare saman med dei nye eigarane, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland i pressemeldinga.

Partane er einige om å ikkje oppgje salspris.

Med Fjord1-salet er dei fire største ferjeselskapa i landet (Fjord1, Norled, Torghatten AS og Boreal) selt til utanlandske eigarar.

Professor ved handelshøgskulen i Bodø meiner utanlandske eigarar blir freista av den grøne satsinga i Noreg.

– Utanlandske investeringsafond ser ferjereiarlaga i Noreg som interessante investeringsobjekter på grunn av reiarlagas storsatsing på miljøvennlege og batteridrivne ferjer. Det ser ut som det er lønnsemd for reiarlaga å investere i ny teknologi, seier professor Gisle Solvoll.

Skuldar på auka formuesskatt

– Innretninga på norsk skatt gjer at vi har behov for å frigjere pengar jamt og trutt, seier Vegard Sævik om årsaka til salet.

Han har også vore styreleiar i Fjord1, og seier dei har sett at selskapet har hatt svekka konkurransekraft med Havila Holding som eigarar.

– Ein av hovudfaktorane for at vi starta på prosessen er formuesskatten, seier han.

De nye fergene Gloppefjord og Eidsfjord trafikerer ruten mellom Lote og Anda. Dette er den første ru

Fjord1 blir ved neste år eigd av utanlandske investeringsfond. Handelen er venta å bli godkjent tidleg 2024.

Foto: Fjord1

Sævik meiner Noreg har eit stort handikap samanlikna med utanlandske eigarar.

– Norske eigarar må ta ut pengar løpande for å betale ein skatt som våre konkurrentar ikkje treng å ta omsyn til, seier han.

Meiner Noreg ikkje er verre enn andre land

Per Vidar Kjølmoen frå Arbeidarpartiet meiner Havila ikkje har grunn til å skulde på norsk skattepolitikk for at dei no har valt å selje.

Han stadfestar at sjølve formuesskatten er høgare enn i andre land, men meiner den totale formuesbeskatninga ikkje er særleg høg i Noreg samanlikna med andre land i OECD.

– Dersom Sævik hadde budd i USA eller Storbritannia for eksempel, måtte han ha betalt 40 prosent arveavgift når han overførte verdiar mellom generasjonar, seier Kjølmoen.

Fjord1 drifter fire av dei ti største sambanda i Noreg. Sambanda er spreidd over heile landet i seks ulike fylke: Vestland, Rogaland, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal og Viken.

Fjord1

Med Fjord1 salet er dei fire største ferjeselskapa i utanlandske hender.

Foto: Tore Lyngvær / NRK

Leiande på batteriferjer

Havila Holding har vore inne på eigarsida sidan 2011 og i den perioden har Fjord1 vakse til å ha nesten halvparten av den norske ferjemarknaden med sine om lag 80 fartøy.

Fjord1 har også over halvparten av batteriferjene i landet.

Vi har fått vore med på ei rivande teknologisk utvikling med batteriferjer som har gjort dei norske fjordane grøne. Det var også ekstra gledeleg at vi vann kontrakten på autonome ferjer over Sognefjorden og ta steget inn i eit nytt kapittel for ferje-Noreg, seier styreleiar i Fjord1 Vegard Sævik.

Drifta av ferjene er knytt til kontraktar med staten og vil difor ikkje verte påverka av nye eigarar.

– Vi håpar på stabilitet, at vi kan halde på slik som i dag, delta i anbod og vere konkurransedyktig, seier Egil Kirkebø hovudtillitsvald ved Negotia i Fjord1.

Handelen er forventa å bli godkjent tidleg 2024.

Les også Fjord1 kan bli seld: – Overraskande, men ikkje uventa

Dagfinn Neteland