Hopp til innhold

Desse elevane kan få 1 million i årsløn

MÅLØY (NRK): Elevane trur på 1 million i årsinntekt. Fiskarane er lønsvinnarar i Noreg.

Robert Sætren og Jakob Gangeskar

PRAKTISK: Elevane ved Måløy vidaregåande skule har skuledagen på sjøen.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er spennande å sjå kva vi får av fangst, det kan bli alt mogleg, seier Robert Sætren.

Spente elevar jaktar på storfisk lengst ute i Nordfjord. Dei er i full gang med å dra ei line full av agn om bord i opplæringsfartøyet «Skulebas».

Etter to år på fiske- og fangstutdanninga, og to år som lærlingar, har dei fagbrev som fiskarar.

– Då kan vi tene ein million i året, gliser Jakob Gangeskar. Han og dei andre tenåringane har god kontroll på kva dei kan vente seg.

Robert Sætren og Jakob Gangeskar

SPENTE: Robert Sætren (t.v.) og Jakob Gangeskar.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Tidenes fiskeri skapar store inntekter

Forventningane blir stadfesta både av Noregs Fiskarlag og Fiskeridirektoratet, i alle fall med litt erfaring.

– Det er gode moglegheiter for inntekter, seier generalsekretær Otto Gregussen i Noregs Fiskarlag.

Ein havgåande fiskebåt brukte i 2019 i gjennomsnitt vel 35 millionar kroner på å løne mannskapet, syner tal NRK har fått frå Fiskeridirektoratet.

Bransjen ventar at inntektene vil auke også i 2020 og til neste år. I snitt har slike båtar mellom 30 og 40 tilsette. Betalinga varierer også etter ansvaret om bord.

Tidene svingar i næringa, men no er kvotane historisk høge, etterspurnaden ute i verda er god, og den norske krona er svak.

– Dette er ikkje som ein vanleg jobb med fast løn. Inntektene kjem av kor mykje ein fiskar, og prisen på fisken, seier Gregussen.

Otto Gregussen

NØGD: Generalsekretær Otto Gregussen.

Foto: Even Langmo / NRK

Kamp om skuleplassane

– Dette er ein draumejobb. Vi får vere ute, om ein likar å vere aktiv er det kjekt å vere på fiskebåt, seier Gangeskar.

I tillegg gjer inntektene at reiarlaga bygger nye og store båtar. Fiskarane har eigne lugarar, treningsrom, fleire båtar har kino om bord.

Mannskapet jobbar på skift, gjerne i fire vekers turnusar mellom tida på sjøen og på land.

– Det er gode båtar, og mykje gode pengar, smiler Robert Sætren.

For ti år sidan kunne mangel på arbeidskraft vere eit problem. Norsk ungdom ville jobbe offshore på supplyfartøy, medan fiskerinæringa måtte finne mannskap i utlandet.

Søkjartala til fiske- og fangstutdanningane i Vestland har kraftig vekst, og det er ventelister for å kome inn.

– Det er kjekt å vere på sjøen, eg var veldig godt nøgd med å få skuleplass, seier Gangeskar.

Frøyanes junior, Vestkapp

NYTT: Desse to båtane «Frøyanes junior» og «Vestkapp» vart sett i drift av Ervik Havfiske i januar i år.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Folk kjempar for å kome om bord

Otto Gregussen seier dei merkar pågangen til utdanninga langs heile norskekysten. Det er rift om å få jobb, men det er også bruk for folk.

– Fiskeria har utvikla seg til ei suksesshistorie. Torskebestanden er til dømes den best forvalta i verda, det får vi til saman med russarane. Neste år aukar kvoten med 20 prosent, seier Gregussen.