Dei blir færre og færre.
Familiegardane forsvinn ut av slekta.
Bønder melder om krøkkete tilskotsordningar og låge inntekter.
Eit liv med mykje arbeid og lite fritid freistar ikkje.
Bortsett frå i ein liten kommune i Rogaland.

Dei nye bøndene

Henrik Nedrebø (28) er ein av 882 innbyggarar i Bokn kommune i Rogaland.

Han var aldri i tvil om kva han ville bli då han blei stor.

«Det ligg liksom i blodet mitt. Det er fantastisk å produsere mat og gjere omgjevnadene grøne.»

Ida Grønnestad (29) driv også gard i den vesle kommunen.

Hunden Connie hjelper til å halde styr på sauene.

«Ytst har vi Lars, så er det Gabriel, Helmik, Johan, Arne bak der og Engel. »

Vêrane er oppkalla etter dei ho kjøpte dei av.

«Å vere bonde gir meg ei fridomskjensle. Eg får vere mykje ute, og eg får jobbe med dyr.»

«Eg har hatt andre jobbar, men dette kjennest mest naturleg for meg.»

Emilie Moi Eikje (36)

36-åringen har ammekyr, sauer og slaktegris.

«Det er ingen som irriterer meg meir enn dyra, men dei gir meg også utruleg mykje glede.»

Men samtidig har over 7000 gardsbruk blitt lagde ned på ti år.

Tal frå Statistisk sentralbyrå syner også at fire av ti gardar som byter eigar, forsvinn ut av familien.

Bondelagsleiaren i Noreg er bekymra.

« Det er alvorleg når det blir eit tynt, fagleg miljø og langt mellom gardane. Ingen ønsker å vere den siste bonden i bygda.»

Bjørn Gimming

«Eg forstår at ikkje alle ønsker å overta garden og sette seg i gjeld. Det er ein sjanse å ta.»

Ida Grønnestad (29)

«Økonomien må bli betre om fleire skal overta.»

Henrik Nedrebø (28)

Ståle Hustoft driv gard i Tysvær like ved Bokn.

Han er bondelagsleiar i Rogaland.

Når han snakkar med bondelagsleiarar elles i Noreg, teiknar det seg eit dystert bilete med fleire og fleire nedlagde gardar og færre som ønsker å overta garden dei vaks opp på.

«Ein del unge ønsker ikkje å overta, fordi dei har vore i vanleg arbeid ein del år og vent seg til ein annan livsstil og inntekt. »

Ståle Hustoft

Så korleis skal ein få fleire til å velje gardslivet?

Hustoft trur løysinga allereie finst.

I dei nye bøndene i Bokn.

«Dei har eit knallgodt fellesskap i lag med mange andre unge som overtar gardane i kommunen. »

Ståle Hustoft

«Kollegaer er viktig for alle. »

«Vi har alltid nokon å snakke med, som tenker likt som oss.»

Henrik Nedrebø

«Vi tenker gjerne litt annleis enn dei på 50–60 år. »

«Det er lettare å spørje dei som er like gamle som meg om råd.»

Ida Grønnestad

«Det hadde blitt einsamt utan dei.»

«Eg opplever at vi er ein stor vennegjeng.»

Emilie Moi Eikje

«Det er heilt avgjerande for meg å ha nokon eg kan spørje om råd.»

Bokn er ikkje slik som resten av Noreg-statistikken.

«Det er ikkje ein flekk som står ute av drift her. Folk står klare til å ta over.»

Emilie Moi Eikje

Men det kan vel ikkje berre vere ungdommeleg pågangsmot som gjer det så populært å drive gard her?

Dei unge bøndene trur det gjenspeglar kulturen elles i kommunen.

«Det er den dugnadsånda. Vi er vant med å vere små, og viss noko skal skje, må vi stille opp.»

Ida Grønnestad

Også trur dei det er smittsamt.

«Andre får lyst til å holde på når dei ser solskinshistoriene.»

Emilie Moi Eikje

Men mest av alt handlar det om fellesskapet.

«Vi har eit miljø og veit at vi ikkje kjem til å stå åleine.»

Emilie Moi Eikje
Ansvarlig redaktør: Vibeke Fürst Haugen
Nettsjef: Hildegunn Soldal