Hopp til innhold

Finansministeren opna ny fabrikk

Over 300 tilsette mista jobben då felgfabrikken Fundo Wheels melde oppbod for 15 år sidan. For fem år sidan takka også franske St Jean Wheels for seg i Høyanger.

I lokala der det før vart produsert bildelar i aluminium, opna i dag Hydro anlegget som skal vinne att aluminium.

Aluminiumsgiganten har investert 240 millionar kroner i anlegget som skal huse kring 20 arbeidarar.

Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum stod for opninga.

– Ein ting er arbeidsplassane. Det tryggar også framtida til verket, gjer det lettare for vidaregåande skule, skaper aktivitetar rundt og kanskje familiar flytter hit. I sum er det mange ting som gir utvikling og optimisme, sa Vedum.

Finansminister, og Sp-leiar, Trygve Slagsvold Vedum opna nytt resirkuleringsanlegg i Høyanger.
Foto: Jonas Kroken Sævereide / NRK