Fundo Wheels er konkurs

Styreleiar John Fenger stadfestar konkursen. Verksemda vil likevel halde fram produksjonen i ein månad.

Pressekonferanse om Fundo
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

I ettermiddag har det vore allmøte for dei kring 300 tilsette ved Fundo Wheels .

Vart orientert i dag

I dag har dei om lag 300 tilsette fått informasjon om at redningsoperasjonen av felgfabrikken Fundo Wheels ikkje gjev resultat. Tilsette NRK har snakka med seier DnB Nor går inn og tek over og sikrar drift i ein månad. Det skjer av omsyn til leveransane til Audi og Volvo, som må ha felgar til sin produksjon.

Nestleiar i Fundo Wheels styret, Arvid Lillehauge seier at dei i dag, i samråd med bankane, ikkje såg noko anna val enn å gå til skifteretten.

- Ikkje anna val

Arvid Lillehauge

Arvid Lillehauge orienterte pressa om konkursen på pressekonferansen.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

- Vi har ikkje noko anna val enn å seie at selskapet er konkurs, måtte Lillehauge vedgå no like over klokka 1500.

Nestleiaren som og er rådmann i Høyanger Kommune seier at dei i lang tid har jobba med å finne ei løysing på mangelen på kapital i felgprodusenten . Særleg har dei prøvd i lang tid å finne eigarar med industriell bakgrunn slik at kommunen kunne selje seg ned i selskapet.

- Det har synt seg vanskeleg å finne slike investorar seier Lillehauge.

Fekk finanskrisa i fanget

Lillehauge presiserer at det ikkje er eit selskap som ikkje tjenar pengar, men har gått på ein smell det siste året og fekk finanskrisa i fanget.

- Einaste som tilseier ikkje skal tru på det, er at denne type industri som krev så stor bemanningsngsdel og kapitalintensiv, så er det vanskeleg å konkurrere med utlandet. Samstundes er det mange hjulfabrikkar som har vore i tilsvarande situasjon, seier Lillehauge og meiner at det mykje omtala hybridhjulet er avgjerande for eit eventuelt Fundo i framtida.

Krevjande arbeid

Dei tilsette i verksemda har ikkje fått løn sidan november . DnB Nor vil no forskottere for løn frå i dag og ein månad framover. Verksemda vil halde fram arbeidet med å få på plass eit nytt selskap og nye eigarar. Dei har sett frist på ein månad på å finne nye eigarar. Innovasjon Norge og Høyanger kommune har kvar sett av 500.000 kroner til arbeidet med å finne nye eigarar.

- Skulle det syne seg at vi er nærme ei tilfredsstillande løysing, så vil dette tidspunktet bli forlenga, seier Lillehauge.

- Vi ser det kan bli krevjande å finne nye eigarar, særleg i ei tid med finanskrise, men vi ynskjer å stå på og sjå om vi lukkast.

Trur på hybridhjulet

Lillehauge seier at interessa kring hybridhjulet, gjer at dei trur på euløysing for Fundo. Styret sin strategi er å bygge opp hybrid-konseptet og gradvis avvikle ein del av dei tradisjonelle hjula.

- Vi ser at hybridhjulet som den langsiktige framtida for Fundo, men har også vore heilt klar på at ein ikkje klarer å løfte det utan å ha med seg ein del av den øvrige produksjonen, seier Lillehauge.

Ein eventuell investor må likevel ha råd til å satse kring 100 millionar kroner dersom verskemda i framtida skal konsentrere produksjonen om hybridhjulet.

Høyr meir på NRK Sogn og Fjordane si ettermiddagssending og på NRK Vestlandsrevyen.