Etter brannen på ferja MV «Ytterøyningen» torsdag, kom Sjøfartsdirektoratet måndag med nye to tryggleiksråd til el-ferjer:
- Alle batteriinstallasjonar må vere kopla til for å sikre tilgang til alarmsystem og feilkjelder.
- Alle reiarlag med fartøy med batteriinstallasjonar blir bedne om å gjere nye risikovurderingar knytt til farar med gassutvikling ved brann/hending med batteria.
Råda kjem etter at Sjøfartsdirektoratet, reiarlaget Norled og batteriprodusenten Corvus Energy har jobba saman dei siste dagane.
Det er framleis uklart kva som forårsaka brannen i batterirommet.
Segla på diesel
MF «Ytterøyningen» blei bygd som ei dieselferje i 2006. I fjor blei ho bygd om til hybridferje, og kan gå både på diesel og batteri.
Ifølgje batteriprodusenten Corvus har batteripakka på ein slik hybridferje to sett med kablar inn til systemet på båten. Det eine settet er tjukke kablar som går til propellane for framdrift, det andre for å gje brua og kapteinen beskjed om feil, åtvaringar, temperaturforandringar og spenningar.
Marianne Frønsdal, kommunikasjonssjef i reiarlaget Norled, seier til NRK at batteria ikkje var kopla til propellane då det begynte å brenne i batteriet.
– Då hendinga inntrefte gjekk fartøyet på diesel og ikkje på batteri. Batteriet var ikkje kopla til framdriftssystemet til båten, seier ho.
Om kablane til alarmsystemet var kopla frå blir eitt av spørsmåla i etterforskinga av årsaka til brannen.
– Innan vi veit meir om årsaka til hendinga verken kan eller vil vi seie så mykje meir om dette, seier Frønsdal.
MF «Ytterøyningen» ligg no til kai i Ølensvåg.
Åtvarar mot å kople frå batteripakka
For å vere på den sikre sida, har batteriprodusenten Corvus no gått ut med følgjande råd til andre reiarlag som brukar batterisystem:
– Ikkje segl utan kommunikasjon mellom energistyringssystemet (EMS) og pakkane. Å halde pakkane på straum vil halde oppe denne kommunikasjonsforbindinga. Ein pakke utan straum kan ikkje kommunisere viktige systemdata til brua, heiter det i eit brev frå dei.
Kommunikasjonssjef i Sjøfartsdirektoratet, Dag Inge Aarhus, seier til NRK at tilrådingane kan bli endra dersom nye undersøkingar gir grunnlag for det.
– Vi veit ikkje om ein fråkopla batteripakke er årsaka til brannen, men dette er meir eit føre-var-prinsipp. Dette er ein ny situasjon, seier Aarhus.
Kripos kopla inn
Norled har måndag arbeidd med å sette i gang ei uavhengig gransking av hendinga. I tillegg er saka under etterforsking av politiet.
– I brannen, som varte eit halvt døgn og der det også var ein eksplosjon om bord, var det heilt openbert fare for liv og helse, seier Sigurd Børve, lensmann i Kvinnherad.
Brannen i MF «Ytterøyningen» er den første brannen i ei elektrisk ferje i Noreg. Dei neste åra vil fleire og fleire ferjesamband bli elektrifiserte, og politiet ønsker å lære av saka.
– Politiet skal finne ut så mykje som mogeleg om brannårsaka, både for å løyse denne konkrete saka, og for å førebyggje. Vi har liten kompetanse på elektriske ferjer, seier han.
Børve opplyser til NRK at Kripos er kopla inn i saka. Dei skal koordinere den kriminaltekniske etterforskinga.
– Vi har blitt førespegla at arbeidet kan kome i gang allereie denne veka, seier han.
- Les meir: