Hopp til innhold

Ei kvinne og fire menn tatt for karantenebrot – får 20.000 kroner i bot

Tre utanlandske gjestearbeidarar på Stord risikerer å bli kasta ut av landet etter å ha brote karanteneplikta. Ein 19-åring som selde narkotika i Haugesund og ei russisk kvinne i Stavanger er allereie utvist.

Koronatelt, Kværner Stord

KARANTENEPLIKT: Kværner på Stord har i dag rundt 500 gjestearbeidarar i rotasjon på verftet på Stord. I helga kom over 200 arbeidarar, hovudsakleg frå Polen. Fleire fekk påvist covid-19, og heile gruppa skal vera isolerte i ti dagar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

I løpet av den siste tida har fleire personar i Sør-Vest politidistrikt blitt bøtelagde for brot på karantenereglane etter innreise til Noreg.

Ein 19 år gamal utanlandsk statsborgar har fått ei bot på 20.000 kroner og er utvist frå landet etter at han selde narkotika i Haugesund. Mannen kom til Noreg frå Storbritannia torsdag 5. november, og blei tysdag oppsøkt av politiet i Haugesund.

Sidsel Tunestveit

Sidsel Tunestveit er påtaleansvarlig for de tre sakene fra Stord.

Foto: Thomas Halleland / NRK

– Mannen har ikkje overheldt karanteneplikta, og har oppheldt seg hos fleire ulike personar sidan han kom til Noreg. Vedkomande har fått eit førelegg på 20.000 kroner for brot på karantenereglane, og har vedtatt førelegget, opplyser påtaleansvarleg Tonje Leirgulen Ravndal i ei pressemelding.

Tre arbeidarar i karantene tok taxi

Same dag observerte politiet tre utanlandske arbeidarar på veg ut av ein taxi utanfor ein brakkerigg ved Kværner Stord. Det er her dei mange gjestearbeidarar ventar i karantene før dei går inn i rotasjonsarbeid ved verftet.

Over 500 gjestearbeidarar er for augneblinken på Stord. I helga kom over 200 personar i ein ny rotasjon. Åtte av desse testa positivt for covid-19.

Personar som kjem til Noreg skal etter smittevernlova, jamfør covid-19-forskrifta, opphalda seg i karantene i ti dagar.

Men tysdag kveld blei tre menn observert av ein politipatrulje då dei kom ut av ein drosje utanfor anlegget der gjestearbeidarar sit i karantene.

Ein av mennene er i 30-åra, medan dei to andre er i 50-åra. Dei kom til Noreg frå Storbritannia fredag 6. november.

– Etterforskinga viste at desse tre hadde brote karantenereglane og har no fått kvart sitt førelegg på 20.000 kroner. Alle har vedtatt førelegget, seier påtaleansvarleg Sidsel Tunestveit.

Utlendingsstyresmaktene vurderer no om dei tre skal utvisast.

Koronatelt, Kværner stord

TESTOMRÅDE: Kværner Stord har strenge krav til testing både før avreise frå utreiselandet og to gongar etter framkomst før arbeidarane får jobba på verftet.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Sparka frå alle framtidige prosjekt

– Som kunde stiller me strenge krav til at leverandørane våre etterlever karantenereglane. Me har nulltoleranse for brot, seier kommunikasjonssjef Odd Naustdal i Kværner Vest-Norge.

Han understrekar at selskapet har jobba tett med politiet i denne saka.

– Me er glade for at lovbrota har blitt avdekt.

Selskapet har allereie tatt affære overfor selskapet dei tre var tilsette i.

– Me har hatt bedrifta det gjeld inne på teppet. Når det gjeld enkeltpersonane, så har dei blitt demobilisert frå våre prosjekt med umiddelbar verknad, opplyser Naustdal.

– Har undersøkingar utført av Kværner avdekka om det er snakk om andre tilfelle utover desse tre som er meldt?

– Det har me førebels ingen opplysingar om. Det bør ein ta med politiet, seier kommunikasjonssjefen.

Russisk kvinne bøtelagd og utvist

Ei russisk kvinne blei i førre veke oppsøkt av politiet i Stavanger. Etterforskinga viste at kvinna hadde vore i kontakt med fleire personar i karantenetida etter at ho kom til Oslo 23. oktober.

– Kvinna hadde oppheldt seg på ulike adresser i Oslo, Kristiansand og Stavanger i løpet av karanteneperioden. Ho hadde også i dette tidsrommet vore i fysisk kontakt med fleire personar, forklarer påtaleansvarleg Kjetil G. Solhaug.

Karanteneplikta inneber at ein skal halda seg i eige heim, eller på anna eigna opphaldsstad.

Personen kan berre opphalda seg utanfor heimen eller opphaldsstaden dersom nærkontakt med andre enn dei personane bur i lag med kan forhindrast.