Hopp til innhold

Fann 150 kilo kokain festa til lasteskip: No er fem personar tiltalte

Fem personar er onsdag tiltalte etter det største kokainbeslaget i Vestland nokosinne.

Den 13. april vart det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet gjort på Husnes i Kvinnherad. Ny video viser Tolletaten og Kystvakta sin inspeksjon av skroget. Eit sted langs skroget vart kokainen funnen.

FUNNE UNDER VATN: Dei store mengdene kokain blei funne festa til skroget på eit lasteskip.

Snart har det gått eit år sidan 150 kilo kokain blei funne under vatn i Husnes.

Dette er det største narkotikafunnet på Vestlandet nokosinne.

Rusmiddelet var festa på skroget til eit lasteskip. Det låg ved ei hamn som får råstoff inn med skip frå Sør-Amerika.

No er fire menn og ei kvinne tiltalte for grovt narkotikabrottsverk. Strafferamma under særlege omstende er 21 års fengsel.

Alle dei fem er varetektsfengsla.

– Dei er tiltalte for det som heiter svært grov forfatning med narkotika som del av ei organisert kriminell gruppe, seier politiadvokat Jørgen Henriksen til NRK.

Det betyr at dei er tiltalt for den såkalla «mafiaparagrafen».

Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Kokainen var pakka inn i baggar og festa til skroget på skipet.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

Dei gule posane inneheldt kokain. Dette er ein av fire baggar som politiet konfiskerte.

Foto: Vest politidistrikt
Vest politidistrikt frigir bilder fra narkotikabeslag på Husnes etter at 150 kilo kokain ble funnet festet til skroget på et skip

150 kilo blei tatt.

Foto: Vest politidistrikt

Dei tiltalte kjem frå Albania. Seks personar var sikta, men ein av dei døydde i fengsel.

Forsvararane Kai Inge Gavle, Fredrik Schøne Brodwall og Alexander Sele fortel at deira klientar ikkje erkjenner straffskyld.

– Han erkjenner dei faktiske forholda, men seier at han ikkje var klar over at det var kokain. Han trudde det var hasj, svarer Øystein Storrvik på spørsmål om korleis hans klient stiller seg til tiltalen.

NRK har forsøkt å kontakta den siste forsvararen i saka, foreløpig utan svar.

Bergens Tidende melde om tiltalen først. NRK får stadfesta opplysningane.

kaia på Husnes her er det forbudt for uvedkommende kaien er lukka med bom

Her låg skipet til kai på Husnes.

Foto: Henriette Hurlen / NRK

Starta med ein mistanke

Husnes er ein liten industristad med i overkant av 2000 innbyggarar.

Norske styresmakter har lenge vurdert det som mogleg at ulovlege varer har blitt smugla inn her, men hadde fram til 13. april ikkje lukkast å finna noko.

Så fekk Tolletaten ein mistanke om at noko var på ferde:

28. mars forlet skipet «Nordloire» hamna ved Hydros anlegg nord i Brasil

Dei neste to vekene er skipet i transit over Atlanteren, på veg mot Noreg

13. april er skipet framme ved Husnes. Her går politiet til aksjon og finn over 100 kilo kokain

Visualisering: Anders Nøkling

Aksjonen skjedde på bakgrunn av ein heilt vanleg tollkontroll ein annan stad i Noreg. Årvakne tollarar fekk mistanke om at noko ikkje var som det skulle.

Dei fann noko dei mistenkte at kunne brukast til smugling i nær framtid.

Til slutt greidde Tolletaten i samarbeid med politiet og Kystvakta å identifisera eit lasteskip på veg til Noreg som eit potensielt transportmiddel for narkotika.

Det førte til det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet. For første gong fann Tolletaten narkotika festa til eit skip.

Saka skal opp i Hordaland tingrett 6. mai.

Les også Slik avslørte politiet og Tolletaten rekordbeslaget

Dykkar ved sjøvannsinntak