Hopp til innhold

Tolletaten fann 100 kilo kokain som hadde vore festa på skip frå Brasil

Den 13. april vart det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet gjort på Husnes i Kvinnherad. Seks personar er pågripne.

Dykkar ved sjøvannsinntak

DYKKAR: Dei over 100 kilogramma med kokain var fest under vasslinja på eit lasteskip.

Foto: Tolletaten

Seks personar blei førre veke pågripne i ein væpna aksjon på Husnes i Kvinnherad. Dei er sikta for grov narkotikakriminalitet.

I samband med dette fann politiet og Tolletaten eit parti med kokain på godt over 100 kilo.

Kokainen blei funne i ein personbil, og skal ha blitt frakta til Noreg på eit lasteskip. Narkotikaen var festa på utsida av skipet, og fjerna i løpet av natta medan skipet låg ved hamna på Husnes.

Største funn på Vestlandet

Aksjonen starta ved det Tolletaten kallar ein ordinær tollkontroll ein annan plass i Noreg. Der oppdaga tollarar det dei identifiserte som «kjente modus og indikasjonar» på nært komande smuglaraktivitet.

– I dette tilfellet vart det ikkje funne nokre ulovlege varer, men tollarane som var på jobb brukte vidsynet sitt og såg at det var noko meir her. Noko som kunne treffa andre stadar i Noreg enn der kontrollen blei gjort, seier Bård Ynnesdal, områdeleiar i Tolletaten.

Lokale og sentrale tollmyndigheiter følgde opp, og vidare undersøkingar identifiserte det Tolletaten kallar «objekt og lokasjonar av høg interesse» i Vestland.

Nordloire

Kokainen skal ha vore festa på dette lasteskipet. Biletet er teke i eit anna høve i Marokko i 2019.

Foto: Farid Mernissi / Creative Commons Attribution-Share Alike 4.0 International

Politiet og Kystvakta vart kopla på operasjonen, og det vart etter kvart stadfesta at «objektet» dei var ute etter, kunne vera eit lasteskip på veg til Husnes i Kvinnherad.

– I eit tett og godt samarbeid med politiet og Kystvakta blei det aksjonert mot eit køyretøy i tilknyting til eit fartøy ved hamna på Husnes. Her blei det gjort funn av i overkant av 100 kilo kokain i bagasjerommet på køyretøyet, seier Ynnesdal.

– Viss me hadde gjort eit beslag på eit kilo kokain hadde me vore kjempenøgde. Viss me gongar det opp, er me kjempenøgde med å fjerna desse mengdene frå gatene, seier Ynnesdal.

Beslaget vart gjort natt til torsdag 13. april, og skal vera det største kokainbeslaget som er gjort på Vestlandet.

Under vatn heile vegen frå Brasil

Undersøkingar ved hjelp av Tolletaten sin fjernstyrte undervassrobot, ein såkalla ROV, og Kystvaktas dykkarmannskap stadfestar at stoffet hadde vore festa under vasslinja på eit lastefartøy frå Brasil.

Tolletaten stadfestar overfor NRK at det er snakk om lasteskipet «Nordloire». Det segla frå Vila do Conde i Brasil til Husnes i Kvinnherad.

Tolletaten kallar metoden «eit kjent modus».

bård ynnesdal områdeleiar tolletaten

Bård Ynnesdal er områdeleiar i Tolletaten.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

– Her ser me korleis store fartøy blir brukte til å frakta narkotika under vasslinja, ofte utan at mannskapet er kjende med dette, seier områdeleiar Bård Ynnesdal i Tolletaten.

Han er nøgd med beslaget.

– Beslaget er eit resultat av godt tollarbeid, og tett og godt samarbeid mellom Tolletaten, Politiet og Kystvakta. Gjennom god dialog og ved å kopla våre ressursar og kapasitetar saman får vi full utteljing i aksjonen, seier Ynnesdal.

Seks personar fengsla

Fem menn og ei kvinne, alle albanske statsborgarar, vart fredag varetektsfengsla i fire veker etter at dei blei pågripne på Husnes natt til torsdag.

Alle sikta for grov narkotikakriminalitet. Dei har ikkje tilknyting til sjølve skipet, ifølgje Tolletaten.

Politiet etterforskar no saka breitt, og vil forsøkja å kartleggja kvifor personane kom til Husnes, kva dei gjorde i forkant av at dei blei pågripne, kva planar dei hadde og kor vidt dei ulike personane var involvert i narkotikasmuglinga.

– Me utelukkar ikkje nye pågripingar, seier politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt.

Politiet ser førebels ikkje saka i samband med andre kokainbeslag i Noreg den siste tida.

Fleire av dei fengsla nektar straffskuld, ifølgje BT.