Hopp til innhold

Slik avslørte politiet og Tolletaten rekordbeslaget

I over ti år har Tolletaten leita etter narkotika gøymt under havoverflata veg inn til norske industribygder. Torsdag førre veke gav årevis med leiting resultat.

Den 13. april vart det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet gjort på Husnes i Kvinnherad. Ny video viser Tolletaten og Kystvakta sin inspeksjon av skroget. Eit sted langs skroget vart kokainen funnen.

Den 13. april vart det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet gjort på Husnes i Kvinnherad. Ny video viser Tolletaten og Kystvakta sin inspeksjon av skroget. Ein stad langs skroget vart kokainen funnen.

I årevis har dei kontrollert skip etter skip, utan å finna noko. Før no.

Husnes er ein av mange små industristader der Hydro er hjørnesteinsbedrifta.

Her kjem råstoff inn med skip frå Sør-Amerika. Lenge har norske myndigheiter tenkt på dette som ei hamn der ulovlege varer kan bli smugla inn i Noreg.

Natt til torsdag 13. april rykker store politiressursar ut til Husnes i Kvinnherad. Politiet er væpna. Også Kystvakta og Tolletaten er klare.

Dagen før har eit skip lagt til kai i den vesle industristaden med i overkant av 2000 innbyggjarar.

Det er ein mistanke frå Tolletaten som er grunnen til politiutrykkinga.

28. mars forlet skipet «Nordloire» hamna ved Hydros anlegg nord i Brasil

Dei neste to vekene er skipet i transit over Atlanteren, på veg mot Noreg

13. april er skipet framme ved Husnes. Her går politiet til aksjon og finn over 100 kilo kokain

Visualisering: Anders Nøkling

Aksjonen skjer på bakgrunn av ein heilt vanleg tollkontroll ein anna stad i Noreg. Årvakne tollarar fekk ei aning om at noko ikkje var som det skulle.

Dei fann noko dei mistenkte at kunne brukast til smugling i nær framtid.

– Det er ekstremt viktig for alle tollarar som gjer kontrollar. Dei må sjå utover det å leita etter narkotika, sigarettar og høgt skattlagde varer. Tiltaka dei gjorde i etterkant var heilt avgjerande for at dette beslaget vart gjort, seier områdeleiar Bård Ynnesdal i Tolletaten.

Til slutt greidde Tolletaten i samarbeid med politiet og Kystvakta å identifisera eit lasteskip på veg til Noreg som eit potensielt transportmiddel for narkotika.

Det førte til det største kokainbeslaget nokosinne på Vestlandet. For fyrste gong fann Tolletaten narkotika festa til eit skip.

Mange gøymeplassar under vatn

Ynnesdal forklarar at det kvart år kjem mellom 70 og 80 anløp frå Sør-Amerika til Noreg.

På Vestlandet kjem desse skipa til større og mindre industristader: til dømes Husnes, Karmøy, Høyanger, Årdalstangen og Sunndalsøra.

– Sjølve verka er ikkje interessante for oss, men fartøya som kjem er interessante, seier Ynnesdal.

Skipet som kom til Husnes hadde reist frå Vila De Conde i Brasil, der Hydro har eit anlegg. Lasta var råstoff til aluminiumsproduksjon.

kaia på Husnes her er det forbudt for uvedkommende kaien er lukka med bom

Her låg skipet til kai på Husnes.

Foto: Henriette Hurlen / NRK

Hydro ønskjer ikkje å uttala seg i denne saka.

I årevis har Tolletaten jobba utifrå teorien om at narkotika blir festa til skipssider under vassoverflata og frakta til Noreg på denne måten.

Noko av grunnen er at det er gjort beslag etter slik smugling i utlandet.

– På ei skuteside vil det vera holrom og mogleg å festa ting, forklarer Ynnesdal.

Han vil ikkje seia konkret korleis dei 100 kiloa var festa i dette tilfellet, men viser til generelle døme som holrom ved roret, eller bruk av magnet.

Han peikar på at på slike store skip er det vanskeleg for dei som er på dekk å sjå at det føregår noko nede på skipssida.

– Slike store skip er derfor godt egna til denne typen smugling.

bård ynnesdal toll

Bård Ynnesdal, områdeleiar i Tolletaten.

Foto: Maria Gunnarsdotter Svedal / NRK

Ti år med kontrollar

I 2019 skaffa Tolletaten seg ein ROV, ein undervassrobot. Denne har dei med seg når dei besøker industristadene der skipa legg til kai.

– Då kan me sitja på land og undersøka skipssidene.

Ynnesdal har ikkje oversyn over kor mange liknande kontrollar dei har gjort. Eit overslag er at dei gjennomfører mellom ti og tjue undervasskontrollar i året.

Totalt trur han dei har hatt mellom hundre og to hundre kontrollar.

– Det blir litt spekulasjonar frå mi side, men me har sett dette som ein sannsynleg måte å smugla på i mange år, så at dette kan ha skjedd tidlegare er godt mogleg.

Funna i utlandet gav dei tru på at dei måtte halda fram med kontrollane i norske hamner.

– Denne gangen vart det verkeleg stang inn. Det gir inspirasjon til å jobba vidare med denne typen kontrollar.

Les også Tolletaten fann 100 kilo kokain som hadde vore festa på skip frå Brasil

Dykkar ved sjøvannsinntak

Etterforskinga er i startfasen

Tysdag halvanna veke etter beslaget er skipet kome til Karmøy.

Alle dei seks som er arresterte og mistenkte for grov narkotikakriminalitet blei tekne på land på Husnes.

Ingen av dei skal ha tilknyting til skipet.

nordloire-karmsundet

No ligg skipet Nordloire i Karmøy.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Politiadvokat Jørgen Henriksen i Vest politidistrikt utelukkar ikkje at det kan bli fleire pågripingar i saka.

Han skildrar ei etterforsking som er heilt i startfasen. Kripos hjelper politiet og framover blir det aktuelt å samarbeida med politi i utlandet.

– Sentrale spørsmål me stiller oss no er kva som skulle skje med narkotikaen, kven som skulle ha det og kvar det skulle, seier Henriksen.

Politiadvokat Jørgen Henriksen

Politiadvokat Jørgen Henriksen.

Foto: Jørgen Henriksen / NRK