Klokka 09:22 fekk politiet melding om at ein varebil og ein personbil hadde frontkollidert i ei 70-sone. Ulukka har skjedd ved avkøyrsla til Hjelmbrekkefeltet.
Det var i alt fem personar i dei to bilane. Alle skal vere ut av bilane, men skadeomfanget er ukjent, melder politiet på Twitter. Ulukka skal ha skjedde då eit av køyretøya kom over i motgåande køyrefelt.
Dei skadde er to gutar på 10 og 12 år, ei kvinne i 40-åra og to menn i 50-åra. Alle fem er sende til sjukehuset i Førde.
– Skadeomfanget er ukjent. Brannvesenet er i gang med opprydding og vi satsar på opning av eit køyrefelt om ikkje lenge, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit ved Vest Politidistrikt klokka 10:15.
Ein person er send med luftambulanse får NRK opplyst av vitne på staden.
Det var noko lekkasje frå køyretøya og vegen var ein periode stengd, men like før klokka 10:30 vart det opna for trafikk igjen får NRK opplyst av vitne på staden.
ULUKKE: Luftambulanse er på staden
Foto: Oddleif Løset / NRK