Dei ventar på stormen «Sandy» - men fekk ikkje tak i dieselaggregat

I åtte timar stod Vidar Brekke fånyttes i kø for å sikre seg eit aggregat før stormen Sandy slår inn over New York. No håpar han at han skal klare seg med ei flaske vin.

Vidar Brekke førebur seg på orkanen Sandy

TEK NED FLAGGET: Vidar Brekke og dottera Charlie (6) gjer dei siste førebuingane før orkanen Sandy når land måndag kveld lokal tid.

Foto: privat

Nesten 400.000 menneske har fått beskjed om å evakuere frå den amerikanske storbyen før stormen «Sandy» treffer land måndag kveld lokal tid. Det er venta stormflo i dei mest utsette områda langs kysten og ein fryktar orkanen skal gjere enorme skader.

Like utanfor New York, i New Jersey, har vikjen Vidar Brekke gjort det han kan for å bu seg og familien på den frykta stormen. Berre nokre hundre meter frå huset hans er gatene allereie fylte med vatn. Likevel trur han dei skal greie seg bra.

– Eg trur vi skal vere betre førebudde enn sist gong, seier han til NRK.no

Er du eller nokon andre du kjenner frå Sogn og Fjordane i New York? Ta kontakt med oss på telefon 57724242 eller e-post til sf@nrk.no og fortel oss di historie.

Fekk kjellaren fylt med vatn

Vikjen har budd i New York dei siste ti åra med si amerikanske kone og saman har dei ei dotter på seks år. Berre vel eit år etter at ein liknande storm gjorde store skader på huset deira ventar dei no eit nytt ruskevêr på besøk.

– Vi er blitt litt vande med dette. For litt over eit år sidan var det ein storm her, og då var heile kjellaren vår fylt med vatn, fortel Brekke.

Stormen som no er på veg inn mot New York er allereie merkbar i storbyen. Nyheitsbyrået AFP melder at det bles kraftig så langt som 80 mil frå orkanen sitt auge. Innbyggjarane har gjort det dei kan for å kome frå det med livet i behald, i Karibia har allereie over 60 menneske mista livet etter orkanen sine herjingar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gatene ned mot hamna i New Jersey er stengde

STENGDE: Gatene som går ned til haman i New Jersey er allereie stengde for trafikk. Det er venta at havnivået kan stige med over tre meter over normalen.

Foto: Vidar Brekke

Fryktar dei blir utan straum og telefon

Brekke seier han sjølv ikkje er uroa for uvêret som er på veg. Likevel har han og familien tatt sine forholdsreglar.

– Eg trur vi skal vere betre budde no enn sist. Vi har mellom anna arbeidd med dreneringa utanfor huset, fortel han på telefon frå USA.

Som så mange av dei andre innbyggjarane i New York og dei omkringliggjande områda har familien hamstra inn det dei kan av mat og andre naudsynte ting.

Brekke fortel at det som truleg vil bli det største problemet er at straumen truleg vil forsvinne når orkanen treff land.

– Det er mange høge tre her i området, men telefonleidningar og straumleidningar er framleis på stolpar. Det er ikkje gravde ned i jorda, så når stormen kjem vil den truleg ta både straumen og telekommunikasjonen, seier Brekke.

Stod i kø i åtte timar

Men då han skulle på butikken for å kjøpe dieselaggregat måtte han gå tomhendt heim att. Brekke var naturleg nok ikkje den einaste som ville sikre seg for dei eventuelle straumlause dagane som kan kome.

– Vi stod i kø i åtte timar på jernvarehandelen for å få tak i eit dieselaggregat. Det var ei lang kø, men vi gav opp, seier han og legg spøkjefullt til.

– Eg gjekk i staden og kjøpte ei flaske vin som eg kan halde varmen med om det blir for gale.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vidar Brekke og dottera Charlie (6) får mykje tid saman på grunn av orkanen Sandy

FÅR MYKJE TID SAMAN: Dottera på seks synst det er spennande å få så mykje tid med foreldra. Her saman med pappa Vidar Brekke.

– Ho synst det er spennande

Saman med dottera Charlie på seks år har han no gjort dei siste førebuingane. Dei har tatt inn det norske flagget og får no mykje tid til å vere med kvarandre. Skulane er nemleg stengde og kollektivtrafikken er stogga.

– Charlie synst det er spennande. Ho får vere inne og spele spel og gjere andre ting med mor og far. Elles har vi kanskje ikkje tid til å leike med ho heile dagen, seier Vidar Brekke.

– Vi må prøve å sitje stormen ut

Orkanen har slått seg saman med ein kaldfront frå nord, noko som kan resulterer i eit uvêr av enormt omfang. I New York Harbor kan havnivået stige med over tre meter. Sjølv bur Brekke vel sju meter over havet, og kjenner seg noko lunde trygg.

– Dei som bur nærare sjøen og kan bli råka av flo har allereie blitt evakuerte til offentlege bygningar.

– Vi har ein svigerfamilie ikkje langt unna oss som vi kan reise til om vi skulle bli råka. Det er også fleire andre offentlege bygningar som ligg høgt som er tilrettelagde for eit storinnrykk av folk.

Brekke håpar no at dei skal greie seg godt gjennom det venta uvêret.

– Det er ikkje noko vi kan gjere med det, så vi må berre ta det med ro og prøve å sitje stormen ut, seier han.

Vatn i gatene ved fergeleiet til Manhatten

FULLE AV VATN: Vel 500 meter frå heimen hans i New Jersey er gatene allereie fylde med vatn.

Foto: Vidar Brekke