Hopp til innhold

Sit vêrfaste i New York

Ville med fly søndag kveld, men amerikanske myndigheiter stoppar all offentleg transport i kveld.

vêrfaste i New York

KJEM SEG IKKJE HEIM: Damene prøver å gjere det beste ut av situasjonen i New York. Framme ser vi Marit Norheim, bak frå v: Sarah Skjeldestad, Linda Habberstad Skorve, Irene Ivin.

Foto: privat

- Vi har gått frå å ha halvpanikk og kaos og tenkt at vi må reise frå byen og komme oss inn i landet, til at vi no blir her, fortel Irene Ivin.

  • LES OGSÅ:

Skulle heim i helga

Ho er saman med Marit Norheim, Sarah Skjeldestad og Linda Habberstad Skorve på jentetur til New York og skulle eigentleg heim til Norge i dag.

Heime i Oslo sit ektemannen Roger Allan Ivin frå Hafslo og ventar på kona si.

- Det er ikkje mykje eg får gjort her. Vi får berre vente og sjå korleis dette utviklar seg, seier han.

All trafikk stansar søndag

Damene hadde tenkt å pakke koffertane sine søndag for å kome seg heim.

- Vi hadde bestemt oss for at vi skulle reise ut til flyplassen i kveld og prøve å komme oss heim med eit fly som skulle gå. Men no fekk vi akkurat beskjed om at all offentleg transport er innstilt frå klokka 19.00 søndag kveld og dermed må vi nok vere her, seier Ivin.

375.000 innbyggjarar i New York har søndag kveld fått beskjed om å evakuere heimane sine.

  • LES OGSÅ:

(saka held fram under biletet)

Satellitt-bilde av Sandy

TREFF USA MÅNDAG: Orkanen 'Sandy' er venta å treffe austkysten av USA måndag eller tysdag.

Foto: HO / Afp

Har teke 66 liv

Det er borgarmeisteren i byen, Michael Bloomberg, som kom med ordren søndag ettermiddag.

Orkanen som vert kalla «Sandy» har allereie teke 66 menneskeliv etter at den har herja i karibien, og det er venta at stormen vil nå austkysten av USA måndag eller tysdag.

Og borgarmeisteren seier dei er budde på det verste.

Veninnegjengen som no sit vêrfaste i storbyen har kjøpt bøker, fått tak i vatn og prøver å gjere det beste ut av situasjonen.

Roleg på hotellet

- Vi har det eigentleg ganske greitt. No skal vi på museum før stormen set inn for fullt, for vi må jo prøve å vere litt turistar opp i alt dette, ler ho.

Og på hotellet har dei fått klar beskjed om kva som skal til for å kome seg gjennom stormen.

- Dei seier ta dokke ein fest, vi har vin og gjer det beste ut av det, humrar Ivin.

Damene veit enno ikkje kortid dei kan få setje seg på flyet og starten på heimturen.

- Men det er jo litt spanande og dette. Kor ofte får ein oppleve ein slik storm, seier Ivin.