Hopp til innhold

Den nye låten kom til medan ho låg i badekaret

Ho hadde milliardsuksess med songen «Faded», no kjem ho ut med ny musikk.

Iselin Solheim

NY SINGEL: Iselin Solheim har fått motivasjon av alle tilbakemeldingane frå fansen. No har ho gitt ut ny musikk.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Eg har fått masse meldingar frå heile verda, frå folk seier dei ventar på musikk frå meg, fortel Iselin Solheim.

I 2015 var ho med Alan Walker på låten «Faded», ei låt som vart ein kjempehit også langt utanfor landegrensene. Men det var i 2014 lagde eigen musikk, sidan har ho måtte tenke på kva ho ville vidare.

Ho fortel at alle tilbakemeldingane frå fansen har gitt ho motivasjon og ny driv. Det har resultert i platekontrakt, denne gongen med eit svensk plateselskap med base i Stockholm.

No er singelen «Bathtub» ute, ei låt ho fekk ideen til då ho låg i badekaret.

Berre Iselin

Førre gong ho gav ut musikk var det som Iselin Solheim. Med den nye plata har ho kutta ut etternamnet og er no marknadsført som Iselin. Lenge vurderte ho å ha eit heilt anna namn som artist, for å skilje mellom privat og artistlivet, men det ville ikkje det svenske plateselskapet.

– Nei, du skal ikkje ha noko anna namn, Iselin er jo så «snygt» sa dei, fortel Iselin om då ho hadde lufta tankane med folka i plateselskapet.

Då såg Iselin seg nøgd med å halde på namnet som seg sjølv og artist.

Iselin Solheim

NAUSTEDØL: I vår har ho brukt mykje i tid i Stockholm for å skrive ny musikk, difor blir det ekstra godt å komme heim til Naustdal i sommar.

Foto: Ela Strand

Heim til Sogn og Fjordane

Ho låner framleis ut stemma si til andre artistar, samstundes som ho jobbar med å lage eigen musikk. No er ho oppteken av å bli kreditert når ho lånar ut stemma si, noko ho ikkje vart i «Faded» med Alan Walker. I dag kom resultatet av eit samarbeid med Gryffin, ein DJ frå USA, eit prosjekt Solheim synest er veldig spennande.

– Han har gjort veldig mykje spennande, deriblant vore på turne med Kygo, fortel 27-åringen.

Artisten frå Naustdal seier ho no er mykje i Stockholm for å lage ny musikk. Nesten kvar dag er ho i studio for å jobbe, og difor ser ho fram til nokre fredelege veker i sommar.

– Eg må heim, heim til Sogn og Fjordane, seier ho.

Der skal ho gå på fjellet og ta ein pause, ein pause frå storbyen. Ho seier det skal bli godt å komme heim, men som artist kan ho ikkje ta heilt fri.

– Det blir å jobbe litt innimellom, tenkjer eg, seier Solheim.