Hopp til innhold

Fekk hovudrolle i nobelprisvinnaren sin opera

Frank Kjosås er heilt utan operaerfaring. No skal han ha hovudrolle i ein ny opera som Jon Fosse har skrive.

Frank Kjosås i operaen. Har på seg vanlege klede.

HOVUDROLLE: Frank Kjosås får rolla som Åsleik i Jon Fosse-opera.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Det er ei ære å få vere med på ei verdspremiere på ein opera med Jon Fosse sin tekst. Det gler eg meg veldig til, seier Frank Kjosås.

Våren 2025 er det verdspremiere på operaen Asle og Alida i Grieghallen i Bergen.

Eivind Gullberg Jensen

Operasjef Eivind Gullberg Jensen.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Bak ideen står operasjef Eivind Gullberg Jensen på Bergen Nasjonale Opera. Då han blei tilsett, fekk han vite at det var pengar til å tinge ein ny opera. Og valet var lett.

– Som målmann ligg Jon Fosse mitt hjarte nært. Me møttest på Kaffistova, og eg merka Jon tende på ideen, seier Gullberg Jensen.

Fall på Trilogien

Møtet på Kaffistova skjedde fleire år før Fosse fekk Nobelprisen i litteratur i 2023.

Gullberg Jensen fortalde det ikkje var lenge sidan han hadde lese Triologien, og at det hadde gjort inntrykk.

– Då sa han, då lagar me ein opera av det, seier Gullberg Jensen.

Jon Fosse i Stockholm

For første gong skal Jon Fosse skape teksten til operaen, saman med Fosse-spesialist Sofia Adrian Jupither, som har regi.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen

Kjærleikshistoria til Trilogien, handlar om dei to fattige tenåringane Asle og Alida som seglar inn til byen Bjørgvin.

Frank Kjosås har rolla som Åsleik.

Operasjefen i Bergen håpar og trur det heile vil bli godt motteke:

– No har vi denne nobelpriseffekten, som framleis gjeld. I tillegg er handlinga delvis rett opp i gata her. Så eg tenkjer at dersom ein nokon gong skal gå på ei urframføring, ei verdspremiere av ein opera, så er det no ein skal gjere det.

Plakat av Asle og Alida.

Plakaten er klar. Operaen har fire oppsetjingar i Grieghallen i Bergen, den 29. mars til 4. april 2025. I mai og juni blir operaen spelt i København.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Har aldri sunge opera

Den etterspurde skodespelaren har spelt i ei rekkje musikalar, men opera blir ei ny utfordring.

– Det har eg aldri gjort før. Eg har hatt songpedagogar og teaterlærarar som meinte at dette skodespelargreiene måtte eg berre slutte med, og heller gå ei klassisk retning, seier Kjosås.

Han fann skodespeleriet, og der har han møtte Jon Fosse sine tekstar og omsetjingar.

Han meiner at Fosse sine tekstar er slike som skodespelarar kan lese, og så kan dei det med ein gong.

– Jon Fosse er tekstleg slik som Ingrid Bjørnov er musikalsk. Når du les det, så kan du det. Alt er klart – heile rytmen ligg der, seier Kjosås.

– Men opera blir ganske annleis songmessig enn det du er vant til?

– Ja, eg har teke kontakt med songpedagogane mine, og må nok ha nokre timar før vi set i gang her.

Frank Kjosås

Frank Kjosås førebur seg på ny rolle.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Ser fram til utfordringa

Kjosås er frå Øystese, 3,3 mil frå Strandebarm – der Jon Fosse vaks opp.

Han er utdanna ved Teaterhøgskolen, og gler seg til å ta fatt på oppgåva i operaen. Han trur han skal klare det på ein god måte.

Eivind Gullberg Jensen og Frank Kjosås ser på teksten til operaen.

Operasjef Eivind Gullberg Jensen og Frank Kjosås har trua på den nye operaen.

Foto: John Inge Johansen / NRK

Musikken er laga av Bent Sørensen.

– Eg gler meg mest til å bli kjent med musikken, og å kunne flytte inn i partituret og librettoen. I tillegg til å bli kjend med alle som skal vere med, seier Kjosås.

Han innrømmer han at det blir litt artig å kome heim til Vestlandet.

– Og blir det skarre-r eller rulle-r?

– Eg har skarra i heile mi skodespelar- og songkarriere, utanom på teaterskulen. Der var eg austlending i tre år. Men eg tilpassar meg – det er jobben min, seier Kjosås.

Les også Jon Fosse hylles for nobelprisen

Jon Fosse på Frekhaug kai