Hopp til innhold

Svensk sjukepleiar testa positiv for korona – jobba ei veke før det vart oppdaga

Ein svensk vikarsjukepleiar ved Helgelandssjukehuset i Sandnessjøen testa fredag kveld positivt for korona. No er heile den kirurgiske avdelinga ved sjukehuset stengd.

Sandnessjøen sykehus

Det var ein svensk vikarsjukepleiar som fredag kveld vart bekrefta smitta av korona. Laurdag kveld er det venta ein ny test for å bekrefte dette.

Foto: Bjørn Erik Rygg Lunde / NRK

– Det er eit stort arbeid som no må gjerast for å spore smitten, seier Tore Bratt, kommunikasjonssjef ved Helgelandssjukehuset.

Natt til laurdag kom nyhenda at ein svensk sjukepleiarvikar ved sjukehuset i Sandnessjøen har testa positivt for Covid-19. Personen hadde jobba ved sjukehuset sidan måndag.

– Vi har sett i gang eit stort arbeid med å spore smitte, varsle dei pårørande og finne ut av kva andre pasientar som eventuelt har vore i kontakt med sjukepleiaren, seier Bratt.

Tore Bratt, Helgeandssykehuset

Kommunikasjonssjef ved Helgelandssjukehuset, Tore Bratt, seier sjukehuset ved Sandnessjøen var godt budd på eventuell koronasmitte. Avdelinga som no er stengd er nett den som var budd på å handtere covid-pasientar.

Foto: Bjorn Leirvik

Kom til sjukehuset på måndag

Det er vanleg at sjukehus over heile landet nyttar seg av vikarar frå mellom anna Sverige. Det skjer også under koronapandemien.

Sjukepleiaren som fredag testa positivt kom til Sandnessjøen på måndag. Dette er første gong vikaren jobbar ved dette sjukehuset.

Helgelandssjukehuset skriv i ei pressemelding at helsepersonell som vert leigd inn kan byrje i jobb før resultatet frå covid-19-test er klar. Dette er naudsynt for å halde oppe drifta ved sjukehuset.

Dei understrekar likevel at der vert gjort ei grundig risikovurdering før personell tek til i jobb, og at ingen med symptom får arbeide.

Seks pasientar i isolasjon

– Vi har heldigvis budd oss godt. Det planverket vi har laga for covid-19-smitte ved sjukehusa våre vart sett i gang med det same, seier Bratt.

Den kirurgiske avdelinga ved sjukehuset der pleiaren arbeidde, er no stengd ned. I byrjinga vart 15 pasientar isolerte, men laurdag ettermiddag er det nede i seks pasientar.

Mellombels er det 16 tilsette som er vurderte som mogleg smitta. Desse vert testa og overvaka i dagane som kjem. Dei vil bli isolerte om der oppstår symptom, melder sjukehuset.

– Dette er den avdelinga i Sandnessjøen som vi har budd for å arbeide med covid-pasientar, seier Bratt.

Den koronasmitta sjukepleiaren testa positiv for korona fredag kveld, men hadde ikkje symptom. Det betyr likevel at hen kan smitte andre. Sjukehuset ynskjer å forsikre seg om at det ikkje er snakk om ein falsk positiv test, og ventar difor test nummer to laurdag kveld.

– Hensikta er å avklare om det vi fekk fredag kveld er ein sokalla negativ positiv test. Vi vil avdekke 100 prosent om vedkommande har covid-smitte, seier Bratt.

– Resultatet av prøve nummer to får vi vonleg laurdag kveld.

Nesten vanleg drift

Pasientar med akutt behov for kirurgi vert sendt til sjukehuset i Mo i Rana. Elles går drifta av sjukehuset i Sandnessjøen som vanleg, i alle fall inntil noko anna vert bestemt. Sjukehuset vurderar fortløpande korleis situasjonen utviklar seg.

Enn so lenge er det besøksstans ved sjukehuset til situasjonen er meir avklart.

– Det vert slik inntil vi har fått avklart situasjonen i Sandnessjøen, seier Bratt.