Hopp til innhold

Sædgås frå nord på ville vegar

Denne sædgåsa skulle eigentleg vere i syden. I staden blei ho leidd inn i freistinga av varmen på Vestlandet.

Sædgås
Foto: Svein Hjelmeset

Sædgåsa som har teke turen til Sandane i Gloppen, er truleg ein av dei første av sitt slag som har reist til fjordfylket.

Sædgås på jomfrutur

Det var Kåre Hauge som oppdaga den sjeldne gåsa på Sandane i Gloppen denne veka, og skildrar ho som svært lik ei grågås.

Har ei vanlegare søstergås

Sædgåsa som er observert er ein underart som heiter Rossicus, og har ei søstergås som er litt meir vanleg å sjå så langt sør.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sædgås

MOT STIGANDE TEMPERATURAR: Den varme hausten gjer at sædgåsa frå nord trekkjer sørover.

Foto: Svein Hjelmeset

Sædgåsa som er observert omtalast som «nordgåsa» fordi ho vanlegvis hekkar i Finnmark og innover mot Sibir. Den meir vanlege søstergåsa kallast «sørgås», og det som skil dei to er at nordgåsa har svært karakteristiske bein som er heilt oransje.

Storleiken avgjer

Denne sædgåsa er i tillegg litt mørkare i halsen og litt mindre i storleik enn grågåsa, slik at det er ikkje tvil om at det er den sjeldne «nordgåsa» som har teke turen innom Gloppen.

– Denne fuglen er eit enkeltindivid som må ha hamna på ville vegar. Sædgåsa trekkjer som regel i flokk, og den blei sikkert nysgjerrig på fjordfylket og ville utforske litt på eiga hand, seier Svein Hjelmeset.

Hjelmeset er over gjennomsnittet interessert i fuglar, og har observert den sjeldne sædgåsa i ei veke.

– Sædgåsa går vanlegvis ikkje innom fylket når ho er på tur, men denne har vore på sightseeing i ei heil veke, fortel ein forundra Hjelmeset.

Likar det heitt

Ornitolog Alf Ottar Folkestad seier observasjonen er i samsvar med andre rapportar.

– Sædgåsa har blitt observert både i Nordland, Trøndelag og Møre og Romsdal, og det har noko med at temperaturane har vore høge i haust, fortel Folkestad.

Den nordlege sædgåsa er observert mykje langs kysten i år, og årsaka er truleg vêrforholda. Den siste månaden har det vore høge temperaturar til november å vere, og difor har gåsa truleg ikkje sett vitsen i å reise heilt til syden.

Men dersom det blir kaldare kan vi forvente ein tidleg avgang for sædgåsa.

(Artikkelen held fram under biletet)

Sædgås

BOLTRAR SEG: Den nordlege Sædgåsa svevar høgt over grøne markar på Vestlandet.

Foto: Svein Hjelmeset

Folkestad kallar 2011 for eit «gåsår», på grunn av alle dei nye observasjonane av Sædgåsa frå nord. Det er eit stigande tal nordgjess som reiser sørover.

– Eg har sjølv observert denne gåsa tidlegare, men det går nok mot eit gåsår der vi får sjå gåsaktivitet litt utanom det vanlege. Det er veldig spennande, seier Folkestad.