Hopp til innhold

Sjå den fantastiske fuglematinga

Låvesvalen er ein fantastisk flygar som kan overlevere maten til ungane sine medan han sjølv er i lufta. Her er beviset!

Video Låvesvale matar ungane sine

Sjå biletserien der låvesvalen matar ungane sine.

Etter mange forsøk greidde hobbyfotograf Svein Hjelmeset å ta nokre bilete av korleis låvesvalen, i løpet av ein brøkdel av eit sekund, matar ungane sine.

– Der ser ut for at den ungen som skrik høgast, får mat fyrst, seier han.

Låvesvalen er ein utbreidd fugl, men det som er spesielt med den er at den matar ungane medan han er i lufta. For fuglen er ein svært dyktig flygar.

– Det går veldig kjapt når dei matar ungane. Den heng i lufta og overleverer larven til ungen sin.

Hjelmeset tok bileta heime hos seg sjølv på Sandane og seier han har prøvd før å ta slike bilete.

– Det er vanskeleg, men denne gongen lukkast eg.