Hopp til innhold

400 innbyggjarar blei isolerte etter ras – no har vegen opna

Vegen er no opna igjen etter at eit ras like ved Feiostunnelen i Sogn isolerte 400 innbyggarar. – Ein kan aldri føle seg trygg, seier ein av dei.

Ras ved Feiostunnelen

I morgontimane gjekk det eit ras like ved Feiostunnelen i Vik kommune i Sogn. Det er meldt oransje farevarsel for jord- og flaumskred i området.

Foto: Presis vegdrift

Vegen er opna etter at det i morgontimane gjekk det eit ras like ved Feiostunnelen i Vik i Sogn.

Fram til då var 400 innbyggarar i bygdene Feios og Fresvik isolerte.

Ein av dei var Thomas Hjortland.

Han køyrer vanlegvis gjennom tunnelen for å komme seg på jobb.

– Ein kan aldri føle seg trygg på desse vegane som er her, men ein kan heller ikkje gå å tenke på at det kan gå ras. Ein må jo køyre att og fram for å få kvardagen til å gå.

Thomas Hjortland er isolert i Feios

I dag blir det heimekontor for Thomas Hjortland. Han er ein av dei som er isolerte etter raset ved Feiostunnelen.

Foto: Privat

Trafikkoperatør Christer Eide ved Vegtrafikksentralen Vest fortel at dei ventar på dagslys før dei kan vurdere vegen.

– Entreprenør begynner ikkje å rydde før det har lysna litt. Dei klarer ikkje å fange kor stort raset er, så dei må ha litt meir lys.

– Det vil gå nokre timar før ei ny vurdering vil bli tatt. Det er snakk om å ha geolog på staden, og kan det bli nokre timar ytterlegare før vegen opnar, seier Eide.

Førebels skal Vegvesenet ta vurdering på vegen klokka 12 fredag.

Vegsperring før ras i Feios

HIT, MEN IKKJE LENGRE: Innbyggjarane i bygdene Fresvik og Feios kjem seg ikkje lenger enn hit.

Foto: Privat

Justerer ned flaum- og skredvarsel

Fredag blei farevarselet for flaum og jordskred på Vestlandet justert ned frå oransje til gult.

Det er venta mindre nedbør enn tidlegare varsla opplyser Aart Verhage, regionsjef NVE

– Det skal kome litt meir nedbør på søndag igjen, men det ser ikkje ut som det er nok til å oppjustere farevarselet igjen, seier han.

Tidlegare på dagen var det oransje farevarsel for jordskred og flaum på Vestland, sørlege delar av Møre og Romsdal og nordlege delar av Rogaland.

I løpet av dei siste 24 timane har Skare i Ullensvang passert 100 millimeter nedbør.

Yr melder også snø over fjellovergangane i Sør-Noreg.

Snøgrensa kan krype ned mot 800 meter i løpet av laurdagen.

Les også Oppjusterer farevarsel: – Ein bør vurdere om ein må reise på tur

Stor fare for flaum og jordskred på Vestlandet.

Ordførar: – Vande med ras

Ordførar i Vik kommune, Roy Egil Stadheim, er van med stengde vegar og ras i kommunen.

I dag vakna han til stengt veg til Arnafjorden og ras i Feios.

– Det er på'an igjen slik vi er van med i bygda vår

– No går det båtruta til Arnafjorden, så får vi sjå kva geologen seier om opning. Viss det blir langvarig stengt i Feios må vi sette i gang beredskapsrute der også.

Vegstrekninga har fleire gonger blitt stengt på grunn av ras og skred.

Ifølge vegkart.no har det vore opp mot 20 skredhendingar på vegen sidan 2010.

Les også Då vegen vart stengd av ras, visste Monica råd

Monica Fedje Midlang