Etter eit uhell fredag kveld har MF «Utne» vore ute av drift heile helga. Ferja fekk motorstopp og trefte kanten av Sævrøy kai.
Ferja var sett inn som reserveferje i sambandet Fedje-Sævrøy, etter at MF Fedjefjord gjekk på grunn utanfor Austrheim tidlegare i veka.
Klokka 18.45 søndag kveld melder Norled at MF «Utne» har starta opp igjen.
Heile helga har det blitt gjort undersøkingar for å finne ut kva som var årsaka til at ferja fekk motorstopp på veg inn i mot kaien. Samstundes har det gått passasjerbåt mellom Fedje og Sævrøy.
Regionsjef for ferjene i Norled, Inge André Utåker, er glad for å søndag kunne kome med gode nyheiter.
– Ferja har vore ute og testkøyrd i dag, og det er ikkje funne nokon feil. Vi har gjort undersøkingar og hatt tett kontakt med Sjøfartsdirektoratet, seier Utåker.
– Tunge dagar
Utåker legg ikkje skjul på at dei siste dagane har vore anstrengande.
– Det er veldig trasig å vere i ein situasjon der ein har brukt opp alle reservane. På toppen av det heile har det vore dårleg ver, så planen vår om å setje inn ein hurtigbåt som kunne ta nokre bilar måtte leggjast vekk, seier Utåker.
Den siste månaden har ferjekapasiteten i Hordaland vore på eit kritisk minimum.
– Det er ikkje ei forklaring på kvifor motoren til MF «Utne» stoppa på fredag, men fleire mindre årsaker. Arbeidet med å finne ut korleis dette kunne skje fortsett. Det viktigaste no er at alt er testkøyrd og det er ingen feil i systemet, seier Utåker.
- Les òg:
Det har mellom anna blitt bytta filter, pumper og fjerna luft i eit av kjølesystema til MF «Utne».
Takkar folket på Fedje
Utåker rettar òg ei stor takk til befolkninga på Fedje.
– Dei har vore eineståande og tolmodige. Eg har berre fått klage frå ein person. Vi har hatt innstillingar andre plassar der lunta har vore atskilleg kortare. Folka på Fedje har vore snille med oss, seier ein takksam Utåker.
Ordførar på Fedje, Stian Herøy (H) er einig i at befolkninga har takla ferjestansen på ein god måte.
– Det har vore relativt roleg. Mange bilar stod igjen i Sævrøy, men det har vore mogleg å komme seg av garde med passasjerbåten, seier Herøy.
- Les òg:
Han seier det er lenge sidan Fedje har opplevd noko slikt, og at dei er glade for å ha hatt ei stabil ferje som går i all slags ver.
– Dette var ei eingongshending, seier Herøy.
Folk flest var ifølgje ordføraren komen heim frå jobb då uhellet skjedde fredag ettermiddag.
– Dei som skulle på helgeutflukter til eller frå Fedje er nok dei som har lidd mest. Det er kjedeleg når slikt skjer, men slik er det berre, avsluttar ordføraren.