Hopp til innhold

Ferjekrise: – Kapasiteten er på eit kritisk minimum

Hordaland har mista to ferjer på ein månad, og nesten heile fylket står utan reserveferjer. – Vi har ikkje meir å gå på, seier Norled.

MF Fedjefjord på verft etter grunnstøting

UTE AV DRIFT: Her ligg MF Fedjefjord til kai på Noryards sitt verft på Laksevåg i Bergen. Her vert ho truleg liggande i fleire veker.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

På under ei månad har to av ferjene til Norled vore i ulukker som har sett dei ut av drift.

– Vi har ikkje meir å gå på. Vi har ingen reserveferjer på lager akkurat no, seier regionsjef i ferjeselskapet, Inge André Utåker.

For ein knapp månad sidan brann «MF Strand» blei totalskadd i brann på Bømlo. 423 personar blei evakuert.

I går kom nok ei ulukke for Norled då «MF Fedjefjord» gjekk på grunn ved Sævrøy. Den vil heldigvis vere tilbake i drift innan nokre veker.

Dersom selskapet opplever ei ny ulukke før det, må dei gå til andre delar av landet for å finne ferjer. Norled er det selskapet som har desidert flest av dei 18 ferjestrekningane i fylket.

MF Fedjefjord grunnstøting

GJEKK PÅ GRUNN: I går kveld gjekk «MF Fedjefjord» på grunn ved Sævrøy. Passasjerane blei evakuert.

Foto: 03030-tipser

Berre ei reserveferje i heile fylket

Akkurat no finst det berre ei reserveferje på totalt 18 ferjesamband. Den høyrer til Fosen Namsos.

– Vi har ei reserveferje som går mellom Hufthamar og Krokeide til vanleg. Det er eit samband som treng to ferjer, men om det skjer noko kan vi nytte den, seier rederisjef i Fosen Namsos Arild Hoff.

Fjord1 har berre eit samband i Hordaland. Halhjem-Sandvikvåg er til gjengjeld Noregs tredje største.

– Vi opererer ikkje noko særleg i Hordaland, så vi har ikkje noko reservekapasitet der, seier drifts- og tryggleiksoperatør Deon Mortensen.

Ferjebrann, bømlo, MF Strand

DRAMATISK: Det var dramatisk då «MF Strand» tok fyr i ein dokk på Bømlo. Dei store røykmengdene førte til at fleire måtte til legesjekk. 423 blei evakuert.

Foto: Jan Kåre Ness

Går utover fleire samband

Konsekvensen av ulukkene er dårlegare ferjetilbod for enkelte reisande.

– «MF Utne» som eigentleg går mellom Utne og Kvanndal blir no frakta til Fedje, og vil ta over på strekninga Fedje–Sævrøy frå rundt klokka 11.00 i dag. Det vil berre gå ei ferje mellom Utne og Kvanndal, fortel Utåker.

«MF Fitjar», som eigentleg er reserveferja mellom Utne og Kvanndal, blir no hovudferja på strekninga. Den blei sett inn då riksveg 13 blei stengt for å sikre vegen ved Deildo.

– Kvanndal–Utne er eigentleg litt for stort til at ei ferje kan ta det aleine. Folk må nok bu seg på køar i dag, seier Utåker.

«MF Strand» gjekk mellom Ranavik og Skjersholmane før brannen. Der går reserveferja «MF Gloppen».

Inge Utåker, Norled

Regionsjef Inge Andre Utåker fortel at Norled no prøvar å leige ei ferje for å bøte på mangelen.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Kan ta fleire veker

Etter grunnstøyten i går er «MF Fedjefjord» taua til land før den skal reparerast. Den gjekk på grunn like ved ferjekaia på Sævrøy. Ingen blei skadd i grunnstøytinga.

– Det eine propellanlegget har brekt av og ligg igjen på botnen. Ferja har ikkje tatt inn vatn. Vi har eit lager med reservepropellar, men det vil ta nokre veker å få det om bord, seier Utåker.

Politiet har ikkje mistanke om promille, men vil etterforske grunnstøytinga. Dei har gjort undersøkingar på staden i natt.