Hopp til innhold

65 tonn kvikksølv blir liggande: – Regjeringa feiar ubåtvraket under teppet

FEDJE (NRK): Høgre og Frp garanterte å heva «naziubåten» om dei kom til makta. No vil dei gravlegga kvikksølvet i Nordsjøen.

Ubåtvraket utenfor Fedje

NAZIUBÅT: Den tyske ubåten U-864 er ei av dei største udetonerte miljøbombene i norsk farvatn. Regjeringa vil dekka vraket, og dei 1867 behaldarane med kvikksølv, med stein og sand.

Foto: Kystverket / Illustrasjon

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det blir litt som å kosta problemet under teppet. Ein dag vil noko skje, seier Leander Alsaker, ein av rundt 500 innbyggjarar på Fedje.

Leander Alsaker

I TVIL: Leander Alsaker forstår at tildekking på kort sikt er den beste løysinga, men meiner usikkerheita alltid vil vera der dersom kvikksølvet ikkje blir frakta til overflata.

Foto: Arne Frank Solheim / NRK

I øykommunen lengst vest i Hordaland er meiningane sterke etter at regjeringa i statsbudsjettet løyver 30 millionar til å dekka over kvikksølvubåten.

– Eg meiner det er tull. Ubåten skal opp. Hadde ubåten lege i Oslofjorden, hadde han alt vore oppe, seier Lillian Myking.

– Ikkje forsvarleg å heva

I opposisjon garanterte Høgre og Frp at ubåtvraket på Fedje skulle hevast. Då dei kom til makta, ville dei ikkje lenger uttala seg.

I dag, fem år seinare, er det klart at regjeringa har snudd.

– Etter fleire nye rapportar har me sett at det ikkje er forsvarleg å heva ubåtvraket. Når alle miljøvurderingar tilseier tildekking, må me gjera det, seier samferdsleminister Jon Georg Dale (Frp).

Lillian Myking på Fedje

TULL: Innbyggjar Lillian Myking er slett ikkje nøgd med avgjerda. – Det er tull!

Foto: Per Christian Magnus / NRK

Stolar ikkje på ekspertvurderingar

Den tyske ubåten hadde 1867 stålflasker med mellom 65–67 tonn flytande kvikksølv om bord då ein britisk ubåt senka han i februar 1945.

Sidan vraket blei funne i 2003, er det brukt 150 millionar kroner på å finna ut kva som skal gjerast.

Den raudgrøne Stoltenberg-regjeringa bestilte fleire rundar med utgreiingar, men klarte ikkje bestemma seg for korleis den giftige arva frå andre verdskrig skulle handterast.

– Få vekk «driten». Få det vekk, er den tydelege meldinga frå innbyggar Kari Moldskred Sekkingstad måndag ettermiddag.

– Fagfolka viser til at tildekking er det beste alternativet. Kvifor er ikkje det godt nok?

– Er me sikre på at alt blir godt nok dekt over nedi mudderet? Eg trur ikkje på det.

Fyllinga ved Fedje-ubåten

FYLLING: 100.000 tonn stein og sand sikrar i dag baugseksjonen av vraket mot utrasing. No vil regjeringa bruka meir massar og begrava vraket.

Foto: Kystverket

Håpar å få regjeringa til å snu – igjen

Men det er nettopp det alle utgreiingane så langt viser. Faren for forureining i samband med heving av det over 70 år gamle ubåtvraket, er overhengande, meiner fagfolka.

Difor er det best å dekka vraket med reine massar, konkluderer dei.

Kystverket har fleire gongar anbefalt tildekking, og åtvara i 2013 mot å utsetja problemet.

Same året viste målingar og utrekningar at det årleg seiv ut om lag 4 kilo kvikksølv.

Fedje-ordførar Stian Herøy seier ja takk til dei 30 millionane regjeringa vil løyva, men vil framleis at pengane skal brukast til å heva kvikksølvet.

Ordfører Stian Herøy Fedje

HEVING: Høgre-ordføraren vil ikkje kritisera si eiga regjering, men seier han håpar dei vil snu. – For oss er det klart at kvikksølvet må opp.

Foto: Per Christian Magnus / NRK

– Regjeringa har ulike gongar bestemt seg for ganske mykje i denne saka. Me håpar å overbevisa dei ein gong til, om at det er fornuftig å fjerna mest mogleg kvikksølv.

– Bør ikkje gøymast i budsjettet

Talsperson i Miljøpartiet dei Grøne, Arild Hermstad, meiner tildekking ikkje er ei reell avklaring.

Senterpartiet krev at saka blir løfta ut av statsbudsjettet, og gitt ei eiga behandling med eiga høyring.

– Med forhistoria til ubåten på Fedje, og alle lovnader som er gitt, kan ikkje denne saka drukna i eit statsbudsjett. Eg meiner Stortinget sjølv må få avslutta saka og ta stilling til dei faglege råda som ligg føre, seier stortingsrepresentant Kjersti Toppe.

Ho meiner det framleis er grunn til å sjå på dei faglege vurderingane.

– Denne saka har vore greia ut ei rekke gongar. Har ein då ikkje fått dei faglege råda ein treng?

– Det er ei kjensgjerning at Kystverket har vore negativ heile vegen til å greia ut alternativ. Dei held fast på alternativet dei gjekk for for mange år sidan. Eg meiner Stortinget må avgjera dette.

  • Sjå Brennpunkt sin dokumentar frå 2013 om ubåtvraket ved Fedje:
Undersøkende dokumentar.Utenfor Fedje i Hordaland ligger en ubåt med 67 tonn kvikksølv. Skal den opp eller begraves med sin giftige last?
I løpet av 10 år er det brukt 120 millioner kroner på utredninger, men i regjeringen vegrer de seg for å ta et valg. 
I stedet er Kystverket sendt på tokt for å utrede ubåten for fjerde gang.

BRENNPUNKT: Utanfor Fedje i Hordaland ligg ein ubåt med 67 tonn kvikksølv. Skal den opp eller begraves med sin giftige last?