Hopp til innhold

Fastlegen Catherine sa opp: – Så mykje arbeid at eg ikkje kunne gjere jobben min

Utfordringa med å rekruttera fastlegar har lenge vore eit problem i mange distrikt. No er problemet også aukande i sentrale strøk, ifølge Allmennlegeforeininga.

Catherine Masiaga

BLEI SJUKMELD: – Eg ønskjer å jobbe som allmennlege, men ikkje under desse forholda, seier Catherine Masiaga, som inntil nyleg var fastlege i Fusa kommune.

Foto: Privat

Jarle Hjartåker har jobba som allmennlege sidan 1984. No ropar han eit varsku om ei fastlegeordning under sterkt press. Arbeidsforholda er for tøffe.

– Eg synest det er frykteleg trist at ein så interessant og kjekk jobb som dette kunne vore, ender med at kanskje ingen vil ha den lenger, seier Hjartåker.

Må ta imot pasientar frå andre kommunar

På Helsebanken legekontor i Øystese i Kvam ringer sambygdingar, men òg mange frå andre kommunar, for å få legetime. Ifølgje Hjartåker ringjer dei fordi dei har for dårlege ordningar der dei høyrer heime.

– Dette er eit type arbeid som blir for tungt for mange.

Jarle Hjartåker, lege

– Me høyrer frå kollegaer i omliggande kommunar som er heilt oppgitte over kor dårleg dette er, og folk seier seg opp. Dei vil ikkje ha slike jobbar lenger.

– Som fastlege må du etablera di eiga bedrift. Du må setta deg i gjeld, du må eigentleg stå parat i mange kommunar døgeret rundt når du er den som har vakt.

Hjartaker meiner ikkje at fastlegeordninga er øydelagt for alltid, men at dei som skal finansiera og syta for at ordninga er oppe og går må vakna.

Blei sjukemeldt grunna jobben

Allmennlege Catherine Masiaga har nettopp sagt opp jobben sin i Fusa kommune, då arbeidsbelastninga vart for stor.

– Eg blei faktisk sjukemeldt, primært grunna vaktbelastning. Ein må jobba for at «kven elles kan ta seg av dette», og så ser du at dine kollegaer har akkurat det same problemet.

Det å skaffa vikar har også vore vanskeleg, både grunna rekruttering, og på grunn av økonomi.

Torgeir Michaelsen

STØTTE TIL LEGANE: – Rekruttering av allmennlegar skjer i for stor grad på sjukehusa. Men vi burde ha dei beste folka våre på fastlegekontora, meiner Torgeir Michaelsen i Ap.

Foto: Raymond Dalen / NRK

Får stadig bekymringsmeldingar

– Tidlegare har me slite med rekruttering av fastlegar, spesielt til distrikta og i små kommunar. Men no får me stadig bekymringsmeldingar om at dette også gjeld meir sentrale strøk i Noreg, seier Tom Øren, leiar i Allmennlegeforeininga.

– Viss ein ikkje har nok fastlegar, så vil legane i dei enkelte kommunane som slit med rekruttering få enno meir å gjera. Dette er noko me tar veldig alvorleg, seier Øren.

Møte mellom leger og politikere

LYTTAR: Stortingspolitikar Kjersti Toppe (Sp) og ordførar Jostein Ljones (Sp) lyttar, medan Jarle Hjartåker og Jon Sivert Sandven ved Helsebanken legekontor fortel om legekvardagen.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Kommunane har avgrensa med ressursar. Når me reknar på å driva kommunale kontor, ser me at kostnadane for det er mykje høgare enn når me klarar å driva det med fastlegane som har eigen praksis, og driv eiga bedrift, seier senterparti-ordførar i Kvam, Jostein Ljones.

– Dette er ei viktig sak som me må løfta opp på nasjonalt nivå. Det handlar om finansiering og organisering, seier ordføraren.

– Må få fleire stillingar

Helsepolitisk talsmann i Ap, Torgeir Michaelsen, er ein av dei som går ut med støtte til Allmennlegeforeininga.

– På kort sikt bør det opprettast såkalla utdanningsstillingar i kommunane. Då slipp unge legar å etablere seg med eigen og dyr fastlegepraksis medan dei tek utdanning. Samtidig bør vi få meir allmennmedisin inn på medisinstudiet, meiner Mikaelsen.